Devold-annonsar frå 1930-åra

ved Odd Sørås

I 1938 og –39 hadde O.A. Devolds Sønner AS ein serie humoristiske annonsar for herreunderkleda av merket Rose-Maco i Arbeidermagasinet, som var eit svært populært vekeblad den gongen. Eg trur mange kan ha interesse av å sjå korleis fabrikken marknadsførte produkta sine for omkring åtti år sidan. Her er nokre av desse annonsane.

Enno hadde ikkje 1938-rettskrivinga hatt tid til å verke inn på reklamespråket, det ser vi av stavemåtane sig, mig, opmuntrende, undertøi og blåtrøie. Vi merkjer oss dessutan at Devold her brukar «Aalesund» som adresse.

Forutan dei velsittande underkleda av makko-bomull var det blåtrøya som særleg gjorde Devold-namnet kjent. Eg tar med ein av dei mange blåtrøye-annonsane, også den frå Arbeidermagasinet. I dette bladet annonserte samtidig Devolds konkurrent Salhus Tricotagefabrik ved Bergen for sin Krone Maco. Deira annonsar brukte ikkje humoristiske verkemiddel, og stod ikkje i same nummera som Devolds!


Dessverre har det hittil ikkje vore råd å finne gammalt arkivstoff frå Devold som kunne fortelje oss meir om kva vekt bedrifta la på reklame i eldre tider. Heller ikkje har eg funne ut kva for teiknar eller reklamebyrå som nytta signaturen HAUK i annonsane for Rose-Maco. Dersom du veit noko om dette emnet, må du gje Sula sogelag eit vink!

Johan Sunde har funne desse flotte Devold-annonsane, som også må vere frå 1930-åra.  Eg har funne spor etter den tredje av Rose Maco-annonsane nedanfor, den stod fem gonger i avisa Sunnmøre Tidend hausten 1937. Sunnmøre Tidend var eit bondeblad som kom ut i Ålesund frå 1932 til 1940. O.S.