Intervju

Sulalendingar fortel om gamle dagar
Midt i 1980-åra tok Lions Club Langevåg initiativet til å gjere lydopptak av samtalar med eldre sulalendingar om livet før i tida. Lions-klubben har gitt Sula Sogelag løyve til å publisere desse opptaka. Helge Solevåg har digitalisert og redigert dei.


Elias T Flatnes (1899‒1990)

    • Frå Langevåg
    • Tekstilarbeidar på Devold, emissær
    • Intervju: Børre Vegsund 21.11.1984
  • Emne: barnearbeid, gardsarbeid, lineegning, fisketørking, mat, skulegang, stølar og stølsvegar, torvspading, omgangsformer, formidling av nyhende, foreiningsliv, vekkingsmøte, musikklaget på bedehuset, Israel-tur.

Hilmar Vågnes (1892‒1989)

    • Frå Vågneset
    • Gardbrukar og fiskar
    • Intervju: Børre Vegsund 16.3. og 13.4.1985.
  • Emne: fiske på Borgundfjorden (1901) og ved Furkenholmen (1913/14), dramatisk uvêr 1909, notlaget på Kipperberget, den dramatiske «Solo»-natta 1901, om Våge-garden, krøterleiting, mjølkelevering, gardsarbeid, vêrlaget før, krøterhandel, korndyrking, mat, lys og varme, arbeid innandørs.

Jakob Ivar Veibust  (1890‒1990)

    • Gardbrukar på Veibust
    • Intervju: Børre Vegsund 5.12.1984
  • Emne: Veibust-garden, onnene, arbeid inne og ute, krøtera og vårknipa, korn, kverner i Mauseidvågen, mat, Vedde som eit lite sentrum, fiske, dramatisk tur ca. 1904, notfiske, sjøklede, frostnavaren, Kildå og Kilde-Ole, fjordfolket som overnatta, trafikken i Vegsundet, vatnet i Kildå, fiske i Vegsundet, fargeriet, sommarbeite i fjordane, siste bjørnen på Sula, skulegang/omgangsskule, leik og moro, jula, ymse overtru, utvandring, sjøsjuka, matmangel, kyrkjegang og kyrkjeferder, julemat og juleskikkar, sjukdom og lækjeråder, «bygdedokteren» Nymark-Rasmus.

Johannes Devold (1905‒1999)

  • Fødd i Ålesund, voks opp i Nielsgarden («Devoldhuset») på Molvær
  • Veverimeister og handelsmann
  • Intervju: Børre Vegsund/Oskar Molvær 4.4. og 11.5.1991
  • Emne: barndom/oppvekst, skulegang: guvernante/Hesselbergskulen, turar og reiser, leik og fritid, faren Niels Devold, fotball og fotballturar, skiidrett, første skirennet på Sula, hyttene på fjellet, friidrett, sportsfiske på Sula, festdagar, foreiningsliv, gamle Friheim, arbeidsliv og tilhøve på Devoldfabrikken, minne om personar og reiser («Thorolf»), demma på fjellet og anleggssluskane, langevågaren som var kaptein på tsarens båt, sjukdom og lækjeråder (Nymark-Rasmus), meir om hyttene.

Josefine Fiskerstrand (1880‒1986)

  • Frå Djupvikstranda, gift til Eliasgarden på Fiskarstranda
  • Intervju: Børre Vegsund 24.11.1984
  • Emne: Juvikstranda og Juvikgardane, fiske og fiskereiskapar, salting og tørking, gjødsel av fiskeslo, kvalkokeriet og spinneriet på Vedde, kverna på Vedde, våronn og såing, vêrlaget før, skjering og tørking av korn, krøter og krøterstell, stølsvegen (Vedde-berga), krøterleiting, Ålesundsbrannen, ymse gardsarbeid.

Julius Ekremsvik (1897‒1992)

    • Frå Eikremsvikane, budde på Måseide.
    • Fiskar, båtbyggjar, snikkar.
    • Intervju: Børre Vegsund: 16.3. og 16.5.1991.
  • Emne: om Eikremsvikane, arbeid og leik i barndommen, skulen, konfirmasjon og konfirmasjonsførebuing, fiskarlivet, rorbuene, hus og husbygging, sagbruk på Sula, båtbygging, då han slo sund ei jolle, 100-årsbølgja, kyrkjeferder, omgangsformer før, innearbeid, lys og varme, matlaging, tørking og maling av korn.

Karl M. Moldvær (1904‒1992)

  • Fødd i Ulsteinvik
  • Skomakar
  • Intervju: Oskar Molvær 25.1.1985
  • Emne: skomakarlæra og handverket, sildefiske og drivgarnsfiske, skomakarverkstaden 1928‒1966, musikkliv/Langevåg mannskor, meir om skomakaryrket.

Mina Stadsnes Humlen  (1901‒1986)

  • Dreiv butikk i Vågneset i 50 år.
  • Intervju: Børre Vegsund/Oskar Molvær 19.10.1985.
  • Emne: handel i butikken til Anton Lerheim, hennar eiga forretning, butikken som møtestad, vareutvalet, om «Suløy» og varetransporten, kundekrins og handel, postopneriet, handelsbrev og -skule, butikkdrifta slutt 1974.

Olav Veddeng  (1894‒1991)

  • Budde på Vasset.
  • Gardbrukar, arbeidde på Devold.
  • Intervju: Børre Vegsund 6.11.1984 og 15.3. 1985
  • Emne: om garden, torvspaing, korndyrking, maling, matlaging, saueskiljardagen ‒ ein folkefest, om sauegeila, saueklipping, spinning og veving, ullklede, stampa ved Harhaugelva, slakting og stell av kjøtet, annan mat, støl og stølsveg, stadnamn, leiting etter kyr, meieriet på Molvær, ishuset og dammen på Bjørkhaugen, vegar og pliktarbeid, hestehald, arbeidsliv/fiske, utedo og mangel på slike, bryllaup.

Ole Wedde (1905‒2000) og Petra («Pella») Wedde (1909‒1997)

  • Ole: fiskar, bonde og sesongarbeidar på Vedde-fabrikken.
  • Petra arbeidde på Devold.
  • Intervju: Børre Vegsund, med Ole 12.10. og 31.10.1985, med begge 31.12.1990.
  • Emne 1985: om Vedde-gardane, kvernene på Vedde, Bigtons guanomølle, fiske og fangst, barking av garn, istaking og ishus, isskuter, kvalkokeriet og spinneriet på Vedde, skulegang, overtru og segner, kyrkjevegen frå Eikrem til Vedde, stadnamn, personar (fleire stader), fiske og fangst, stølar, taktekking/torvtak, leik og moro, utmark og stølar, gjeting, omgangsformer, huldrebryllaup, skillingsvise, historie om mat.
  • Emne 1990: nybrot i 1934, grov tomt til hus og løe, byggearbeidet, Pella om husbygging og arbeid på fabrikken, på skeiser og ski over Sætrevatnet, meir nybrot i 1940, den første kua, gris og hest, veg frå bruket til hovudvegen, meir om husbygging, åker og eng, treplanting, utmarka.

Olivie Brathaug (1885‒1985)

  • Frå Bratthaugen
  • Intervju: Børre Vegsund 9.11.1984
  • Emne: skulegang og klassekameratar, lesartid og konfirmasjon, sjukdom og lækjeråder, spekkfinger(Nymark-Rasmus), Amerikareise (Hans Brathaug), fiske, sjøklede, strikking og karding, båtlaget i Bratthaugen, vinterfiske, juleførebuingar, juletre, slakting, salting og henging av kjøt, graut og annan julemat, kyrkjegang, foreiningsliv/sjømannsforeininga, leik, dans og moro, danseplassar, bryllaupet hennar.

Dette intervjuet har Sula Frikyrkje fått laga. Vi møter to som i mange år la ned eit stort arbeid i Frikyrkja og som fortel frå livet sitt der:

Harald Vangsnes (1915‒2005) og Hans Martin Vågnes (1921‒2011)

  • Harald Vangsnes var bl.a. mekanikar på Fyllingen Slipp
  • Hans Vågnes arbeidde på Salen Røykjeri, var seinare bygningsarbeidar
  • Intervju: Roar Tynes 1.5.1997

Robert Nymark (1907‒1996)

  • Frå Nymarka, Langevåg
  • Mekanikar på Devold og yrkesfaglærar i mekanikk
  • Intervju: Oskar Molvær/Børre Vegsund 9.2.1985
  • Emne: barndom og oppvekst: plikter/arbeid, omgangsformer, kveldssete, notlag og notsteng (Stadsneslaget), innearbeid, smiarbeid, skulegang, straff, lærarar, konfirmasjonstur, segling, industri, Fyllingen Slipp, fjordturar, rutebåten til byen, ungdomslaget, folkeviseleik, skodespel, Anton Lerheim, dans på gamle Friheim, Langevåg Hornmusikk, 17. mai, juledagsmorgonen (Gamle-Vogel), musikkturar,
    første verdskrigen, tysk flåtebesøk ‒ keisar Wilhelm-episode, sjukdom og lækjeråder, Nymark-Rasmus, urter og plantar, tilhøvet til lækjarar, årelating, kopping, igler, fisketørking på Bolneset, torvspaing på Remane.

Steffen Saure (1902‒1997)

  • Frå Hjørundfjorden
  • Styrar på Devold-butikken
  • Intervju: Børre Vegsund 15. og 23.11.1984
  • Emne: opptakta til fotballspeling i Langevåg, musikk og dans, sjukdom og lækjeråder, omgangsformer, nærare samhald før, demma i Molværsvatnet blir bygd, kraftverket på Devold, hyttebygging.

Sverre Grøndal (1907‒1992)

  • Frå Veddegjerdet
  • Bakar og postmeister i Langevåg
  • Intervju: Børre Vegsund 19.1.1991
  • Emne: historikk om postordninga i Langevåg frå 1812 til 1960-åra, guten frå Remane som blei kaptein på tsarens yacht, tresking, torvtaking, Langevågs-bruket, husdyr og krøterstell, gamle handelsstader, gamle hus, stampa ved Haugedammen, vasshjulet på Molvær.