Sogelagsvandringar

Frå første stund har Sula sogelag lagt vekt på å stelle til «vandringar» rundt om på øya, der alle som vil, kan vere med og møte lokalkjende og kunnskapsrike menneske som fortel om stader av historisk interesse. Stort sett har laget greidd å få til minst ei slik vandring i året. Den første var det eldsjelene i interimstyret som inviterte til, før laget var offisielt grunnlagt!Her er ei kortfatta liste over dei stadene der vi har hatt slike vandringar. På somme stader har vi vore fleire gonger. Sula sogelag vil sette pris på å få framlegg til emne og stader for framtidige sogelagsvandringar.

1991: Veibust («Offersteinen», Kildå, gravhaugar, Hjørungavågslaget)
1992: Fiskerstrand Verft. Røykeriet på Salen
1993: Futegarden i Bjørkavågen. Sætrevandring til Kalvestad
1994: Mauseidvågvandring
1995: Fjellvandring til Randibruna ‒ Sauegeila ‒ Rollonhytta
1996: Veibust og Kvasneset
1997: Vågnesvandring (nesten 500 deltakarar!)
1998: Sulebakkvandring (også her var det borti 500 med!)
1999: Til Langevågsholmane med «Parat III»
2000: Eikremsvikane og diktaren Arnt Eikremsvik
2001: Torvmyrane på Leirvåg- og Veibustfjellet
2002: Den gamle Molværsgarden
2003: Frå Æhammaren til Kjellingset og Flesje
2004: Frå Eidsneset til Sunde
2005: Rundt Vassetvatnet
2006: Nøringset
2007: Rundt Sætrevatnet (Øvstevatnet)
2008: Korsvika og Blomvika
2009: Veibust ‒ Solavågen
2010: Gamle Molværsgarden ‒ Myranaustet
2011: Storholmen, Langevåg
2012: Rørstad- og Veddemarkane
2013: Borgundkaupangen
2014: Stadsneset rundt
2015: Frå Geilneset til Molværstunet
2016: Inga sogelagsvandring
2017: Inga sogelagsvandring
2018: Inga sogelagsvandring