Om oss

Sula sogelag

Skipingsmøtet for Sula sogelag vart halde på Devoldfabrikken 25. mars 1992, med møtestart klokka 18.53! (1853 var året då den første fabrikken til Devold kom i gang i Skaret i Ålesund.) Roar Tynes vart vald som første leiaren i laget. Han hadde då sete som leiar i interimstyret og vore ein sterk pådrivar for å få i gang eit sogelag i Sula.

Hovudmålet vart å få til eit sogeskrift som skulle spreie kunnskap om historia og kulturarven til Sulabygdene. Sogevandringar rundt om på øya har også vore ein viktig del av arbeidet vårt. Det første sogeskriftet kom i 1974, og har kome ut kvart år sidan. 2018 er unntaket. Sogelaget bestemte seg no for å vekkje til live nettsida si, som det hadde vore gjort lite med på mange år. Ei oppdatert og velfungerande nettside er sjølvsagd for eit levande lag i dag, men ville no krevje så mykje arbeid at det vart vanskeleg å lage eit godt sogeskrift samstundes. Derfor blir det ikkje noko årsskrift i 2018, i staden satsar vi på å få til ei desto fyldigare og betre bok i 2019.

 

Sogelagsstyret i 2024:

  • Ola Godø Andersen (leiar)
  • Marianne Molvær Nygård
  • Arne Røbekk
  • Helge Solevåg
  • Mariann Båtnes
  • Olav Hoff (vara)
  • Roar Tynes (vara)

Skriftstyret:
Ikke valgt pr september 2025