Lokalhistorie

Test

Frå eit lysbildeprogram om Veibust og Solavågen v/Solveig Blindheim Bendixen (2006)

Namna: Veibustbygda

  • Veibust eldste garden. 1432: Vebolstad (Veig=sterk drikk eller væske).
  • Kvasnes rydda før vikingtida. 1432: Huverfsnes ”Krumming” Nes som laga sving i leia
  • Kongshaug utskilt frå Kvassnes 1500. 1700: Kvassneshaug
  • Reitehaugen frå Veibust. 1603: Ødegård Utover 1600 og 1700-talet blei gardane oppstykka og plassar oppretta. Plassane vart stort sett nedlagde sist på 1700-talet, men opptekne att på 1800-talet.
  • Lahella må ha vore brukt som lasteplass for noko, men ingen skriftlege kjelder.

Namna: Solevågsbygda

  • Solavågen opphavsgard på vestsida.1432: Sulewag (Sula). (Valane). Busett lenge før vikingtid. Sagbruk på 1600-talet.
  • Sundsbygda opphavsgard på austsida. Sundar. Busett lenge før vikingtid. Frå 1700-talet delt i 4 jamnstore bruk.
  • Solevågseide rydda under Solevåg. I skr.kjelder frå 1603. Heitte Eidet til 1750
  •  Eidsneset: Plass under Eidet 1600-talet
  • Leirvåg rydda ca. 1500 under Eidet.
  • Bjørkavåg rydda i vikingtida. Eitt bruk til 1803. Heitte Galtevåg til 1701 (”Galtane”:skjera utanfor)

Intervju med Einar Sunde 02.05.2006

 Før krigen 1940/45 var fisketørking hovedsakelig ute. I 1935 tok vi imot rundt 2000 tonn saltfisk (ca 1 mill stk) til tørking. Tørkeplassane var Solevåg, Sunde, Lervåg, Bjørkavåg og Solevågseide. Vi fekk også tørka fisk på Hankane, Reitehaug, Vegsundstranda og Eikrem. Det hende at vi var eit par gonger til Urke og. Mesteparten blei tørka ved sjøen, på vor eller berg. Dei som ikkje hadde det, laga seg hjellar – dvs. strekte strengar over bukkar av tre i passeleg avstand. Sjølvsagt måtte strengane ligge så tett at fisken ikkje datt ned.
Vi fekk fisken frå Finnmark, Lofoten og Vesterålen med frakteskuter. Dei store fiskebåtane som gjekk til Færøyane, Island og Grønland salta fisken sjølve og leverte direkte til kjøper. Fisken var sjølvsagt saltmoden.
Den salte fisken blei så lossa og levert direkte til fisketørkaren i Solevågen og enkelte andre plasser. Folk rodde ut med færing og henta. Fisken frå frakteskutene blei heist opp på dekket og tald om bord i færingane. Frå fiskebåtane blei fisken i tillegg sortert og vege. Elles blei fisken lossa på pakkhuset eller i bryggebåten, kalla ”Snøkava” og ført til andre tørkeplassar. Ein del blei også vaska på brygga og køyrd opp på haugane. Den saltfisken fisketørkarane har teke imot blir stabla opp i runde stablar og dekt med presenning rundt, og ein flake (av tre) på toppen. Så begynner vasking og tørking. Dei ved sjøen har gjerne ein færing ståande på land som blir fylt med sjøvatn. Fyrst blir svartehinna vaska vekk og anna ureint, så blir nakken rogga. Det vil seie; skjere nakken rein for blod og anna rusk. Den reine fisken blir no stabla opp igjen og lettsalta. Så blir det ein eller to omstablingar for å få jamt press. Tørkinga som no tar til, kan ta kort eller lang tid, etter verforhold og tørkegrad – labradortørr, ¾ tørr, skipningstørr, lagertørr eller kassetørr. Den siste blir oftast ettertørka i elektrisk tørkeri.
Sesongen for fisketørking varte frå vår til haust. Sein vår og sommar mest. Ein måtte vere forsiktig hvis det var mykje sol og varmt. Då kunne det bli så varmt at limstoffet i fisken løyste seg opp. Det mørke skinnet blei snart varmt. Elles kunne mitt, som vi kalla det, skape problem. Fuktig ver og varme var gjerne årsak til det. Om hausten kunne det bli problem med å få fisken tørr. Elektrisk ettertørking var då den gode hjelpar. Var ein heldig med veret, gav soltørking beste kvalitet.
Når fisken var tørr, blei den henta. Det kunne vere med frakteskute direkte til Bergen. Vi hadde samarbeide med eit eksportfirma der. Elles pakka vi ein heil del her for eksport til Spania og Portugal. Vi leverte også tørka fisk ” i laust” som ein sa, til eksportørar i Ålesund. Denne blei henta, eller vi leverte den til mottakar. Vi var ikkje eksportørar sjølve.
Om sommaren kjøpte vi lange og brosme frå fiskebåtane som kom inn her med ferskfisk. Denne salta vi i kar og tørka til klippfisk.
Den guano (haud og ryggbein) som vi fekk av fisken vi salta her, blei tørka i 2 hjellar vi hadde ved sjøen i Sjukenesstranda. Desse hjellane var bygd av tre med ei skråning mot ein spiss i toppen og langsgåande trelister på sidene. På desse listene blei så henkene av haud og ryggbein hengd. Det var oss gutungane som tok oss av dette arbeidet. Hauda blei tredd opp og ryggbeina bunta saman. Vi kasta så ned i ein færing og rodde til hjellane. Buntane var delte i to slik ein fekk ein del på kvar side av trelista. Elles så var her ei brygge som var så langt fram at frakteskuta frå guanofabrikken på Hareid kunne hente den tørre guanoen. Her blei den brent og malt opp.
I 20/30-åra dampa vi også ein del tran. Det var eit mindre bygg skilt frå sjølve sjøbuda. Eg kan kome i hug at eg smaka av og til på trana.
Det var Garshol frå Ålesund som starta og bygde denne sjøbuda. Vi kom inn som medeigar i 20-åra. Tok så over kring 1930. Då krigen kom i 1940 minka drifta sterkt av. Far døde i 1954 og i 1961 la eg ned bedrifta. Det var ikkje muligheit for utviding som den nye tida kravde.
Løna for å vaske og tørke fisk var i 30/35-åra kr 30,- 35,- pr 1000 stk. ca 2 kg saltfisk. Timeløna kr 0,60, for vaksne mannfolk. Feriepengar var enno ikkje i bruk. Eit langebrød kosta 38-40 øre.

Hendingar 1800 – 1950

  • Veg Langevåg-Veibust frå 1882
  • Veg frå Kvasnes over Veibust i 1890-åra. Oppsitjarane bygde kvart sitt stykke.
  • Fløttmann over Vegsundet til Stafsethuset frå 1882 til brua kom i 1938. Handels-mannen hadde jobben først. Frå 1890-åra blei Buset på Veibuststranda tilsett. Brukte færing. Dyr måtte symje over. På slutten fekk Buset ringeapparat, så det vart lettare å få tak i han.
  • Borna på Kvasnes brukte også før å gå på skule i Solavåg.
  • Sidevegane til Sunde og Solavåg blei bygde i 1890-åra. Kvar brukar ville bestemme over eiga jord. Vegen ned til Eidsneskaia kom under offentleg oppsyn etter 1900. Heile bygda var avhengig av den vegen.
  • Østersoppdrett i Valen frå 1908.
  • Butikk ved kaia på Eidsneset frå 1910
  • 2.verdskrig: Bruk nr 1, Veibust blei bomba av tyske fly i 1940. Murane frå ei nedlagt løe blei kanskje oppfatta som ein bunkers. Eller sikta dei på brua? 18 barn og evakuerte oppheldt seg i kjellaren. Dei vaksne kom akkurat opp frå stranda der dei hadde vaska fisk. Ingen blei skadde, men vindauge og dører sundslegne, torvtak fauk av og inventar og kjøreld inne knuste.
  • Trappefabrikk på Kvasnes.
  • Slipp på Reitehaug .(Siegfred Drønnen kjøpte slippen i Vegsundet i 1948 av Alfred  Otto Lehman)

Fisketørking
Veibustbygda: Tørke- og hengeplass på Klokkarneset, Veibust. (30.000 fisk pr år pr bruk) Solevågsbygda: Fisketørking etter 1900. Johan R.Sunde kjøpte opp fisk som han delte på bruka til tørking. Solavågen tørka på hjellar på Gjerdeteigane, elles på plattingar rundt alle strender.

Matstell på 1800-talet

Ivar Veibust 1922:”Om morgonen (kl 6 sommarstid) var det byggkake eller havrekake, av og til potetkake, og surmjølk. Til middag fisk, sild, med suppe av bygg- eller blandkorn. Til nons soppe (flatbrød og mjølk), av og til litt snik med rømme. Kveldsmaten var havre-graut eller –suppe. Helgedagane vanka det snikalefse til frokost og kjøt eller flesk til middag. ….Smør eller flesk til brød vart aldri brukt.”

Foto: Ivar Veibust

Arbeidsliv 1800-1900

  • Utmarka i Veibustfjellet hadde dårleg beite. Sundsbygda og Veibustbygda sende kyr og sauer på sommerbeite i Hjørundfjorden (Kufjorden) og Barstadvika, og tok kyr til vinterforing i byte. 
  • Ein haustdag i 1870-åra velta ein seksring med 10 kyr og ein okse frå Hjørundfjorden om lag der slippen ligg no. Kyrne var fastbundne og drukna, medan oksen sleit seg og kom seg i land.
  • Solevågen hadde betre utmarksbeite. Fjellbeite og sommarfjøs med mjølking morgon og kveld, heilt til mjølkelevering til meieri kom i stand frå 1900.
  • Tømmerdrift på Furneset. Stokkane vart rulla ned bratta til sjøen.
  • Solevågsbygda: Større båtar som seksringar og åttringar låg på Eidsneset der hamna var best. Her var også naustplass for kyrkjebåten som gardane brukte i lag. Krinsen slo seg saman og bygde trekai og seinare steinkai etter 1900.
  • Torskefiske i Borgundfjorden og fiske etter kveite i Storfjorden. I 20-åra og i 1980 hende det at torsken gjekk inn i Breisundet, og låg sør om Sula. (Smp.)
  • Veibustbygda, Solevåg og Sunde hadde god kornjord. Tresking med tust til slutten av 1800-talet. Då kom treskemaskiner drivne av vatn som var oppdemd i fjellet. Fleire vasshjul på kvar demme. Kornet blei sendt med båt til Mauseidvåg for maling.
  • Rognlauv blei sanka til sauefor.
  • På Kongsvollen henta dei latrinegjødsel frå byen om hausten i ein trerøring. Dei hadde gjødselen på kummar over vinteren, og køyrde den ut om våren.
  • Mjølkelevering i byen frå Veibust og frå Solavågen  med trerøring frå slutten av 1800-talet.
  • Stadige torvkrigar og grensetvistar mellom Veibustbygda og Sundsbygda. Haggardsberget mot Storefjorden var gml grense.

1900

  • Østersoppdrett i Valen frå 1908
  • Trappefabrikk på Kvassnes
  • Slipp på Reitehaug .(Siegfred Drønnen kjøpte slippen i Vegsundet i 1948 av Alfred Otto Lehman)
  • Butikk ved kaia på Eidsneset frå 1910

Fisketørking

  • Veibustbygda:
  • Tørke- og hengeplass på Klokkarneset, Veibust. (30.000 fisk pr år pr bruk)
  • Solevågsbygda;
  • Fisketørking etter 1900. Johan R.Sunde kjøpte opp fisk som han delte på bruka til tørking. Solavågen tørka på hjellar på Gjerdeteigane, elles på plattingar rundt alle strender.

Eldre historie

Steinalderen 10.000-1800 f.Kr

I Storemyra på Kvassnes er det funne ein steinalderbuplass. Per Fett/Bergen museum  registrerte 15 steinøkser, 8 skiferspissar, 7 plateknivar, skiferknivar, skiferpiler og emne, skifersmykke, flintskrape, flintflekker, slipeplater, bryne, m.m.)

  • Solavåg: Ved ein bekk i Saltrevika : 4 steinøkser.
  • Solevågseidet: I bakken nedanfor løa på bruk nr 5: ein skiferodd til spyd.
  • Eidsnes: ”Ei særs fin øks av grønstein med holegg”

Bronsealderen 1800-400 f.Kr

  • 3 røyser ligg rundt Storemyra, Kvassnes. Dei er 12-15 m i tverrmål og frå 1-2 m høge. Ei mannslang kiste har vore opna, men ingen funn.
  • Ei røys i hasselkrattet nede ved sjøen ved Kongshaugen. 15 m i tverrmål og 1,5 m høg.
  • Veibust: 2 røyser nær stranda. Den eine på ein knaus. Begge 12 m i tverrmål og 1 m høge.
  • Storerøysa” beint opp frå Lahella er 14 m i tverrmål.

Tidl. Jarnalder 400 f.Kr-500 e.Kr

  • Bjørkavåg: ”Under løa på bruk nr 13 låg ei stor røys med hellekiste i. Etter dette kunde røysa nok ha vore frå bronsealderen, men plasseringa i høve til lendet og tunet talar imot”. (Borgundsoga)

Kvifor så få minne her frå jarnalderen?
Kjeldematerialet på Sunnmøre varierer svært mykje denne perioden. Lite minne frå før 300 e.Kr (branngraver var vanlege). Så er det ein markert auke i funn frå år 300 til 600. Mange og rike gravhaugar nær kystleia. Graver nær tunet blei vanleg. Importvarer og store mengder gull. Vanleg med gravlegging med våpen, klede, smykke etc no. Vitnar om eit samfunn med store sosiale skilnader. I perioden 400-600 er det veksttid her, medan Europa elles er prega av store omskifte. Så kjem ein brå nedgang rundt år 600. Truleg pestbølgjer, som ein finn omtala i skriftlege kjelder i Europa. Store endringar: Det blir slutt på gravlegging i hellekister. Endring i form på smykke, dekor, korte einegga sverd i staden for tveegga, våpenøks og tunge spyd blir vanleg. Får med seg arbeidsreiskap i grava no. Slutt på leirkar. Runeinnskrifter på gamalnorsk i staden for urnordisk. Alfabetet får 16 teikn i staden for 24. Frå år 750 skjer ny auke i kjeldetilfanget, og indre strøk blir minst like viktige som ytre.

Vikingtid 793-1066

  • Veibust: I lia ved Hagardsberget på Sørestranda ligg tre små røyser inne i planteskogen.
  • Solevåg: Ei grav i ein steinring på 1 m i tverrmål. Inne i ringen var saker frå ei brend mannsgrav: sverd, øks, spyd, skjold, kniv og selety. Frå ca år 900.
  • Sunde: Ei røys ved ferja. Ei røys på Storhaugen er 10 m i tverrmål.
  • Bjørkavåg: Nede ved nausta ein haug som kan vere eldre. 6 m i tverrmål.
  • Slaget ved Hjørungavåg 986

Olavskjelda

  • Snorre: Heilag-Olav låg med 12 skip i Steinvågen. Mennene hans på Sukkertoppen oppdaga fienden Håkon Jarl ved Kverve. Olav rømde gjennom Vegsundet innover fjorden. Olav drakk av vatnet og vaska seg i kjelda. Drog på land berre 5 skip i Valldal.
  • 1700: ”Sygehuset i Vegsund”
  • (Kva med Sjukenesstranda?)
  • Hans Strøm 1766: Gamle folk kunne enno hugse skikkar og seremoniar ved kjelda. Ingen måtte drikke eller hente vatn der utan å sette frå seg eit lite kors av tre. Ofte kunne det stå meir enn 100 trekors rundt kjelda. Strøm tok prøve av vatnet og fann at det var svært rikt på mineral.

Mellomalderen 1066-1537

  • Stor busetnad på Sula, pga Borgundfjorden, kanskje 300 menneske og 38 gardar før 1349. (J.Sulebust-96)
  • 1520: 70-80 menneske og 9 gardar (skattelister)
  • I Borgundkaupangen: Margretekyrkja, Peterskyrkja, Kristkyrkja, Matteuskyrkja. Delar av Solavågen blei gitt til Kristkyrkja i Borgund  ca.1450 av Jon Mok og hustru Ragna mot å heve erkebispens tiend i Haram. Seinare gjekk alt til erkebispesetet. Etter reformasjonen låg Solevåg under krona til 1649 då Hannibal Sehested fekk skøytet.

Ole Alsing 1706-1796

Ole Alsing var Sunnmørsfut frå 1743. Fødd på Averøya. Budde i Bjørkavågen til 1760-åra.  Eigde Solevågen frå 1757 til 1764. I 1749 skreiv amtmannen at han rekna med at Bjørkavågen var i ferd med å bli ein større handelsstad. Alsing eigde store jordegods og gruver. Brukte pengane i futekassa m.a. til å kjøpe opp tørrfisk. Dreiv handel saman med den mektige kjøpmann Hornemann i Trondheim. Denne hadde skaffa Alsing embetet. Dottera til Hornemann blei tvangsgifta med Ole Alsing som ein del av ein tørrfiskhandel i 1746. Han 51 år og ho 23. Truleg blei ho mishandla av mannen. Ho skreiv eit fortvila brev til faren. Svaret kom 1 ½ år seinare der han bad henne om å vere kjærleg mot mannen og be flittig . Ho forlet likevel Bjørkavågen i 1752, og fekk innvilga skilsmål i 1755, med påfølgjande  bitre rettsaker mellom Alsing og svigerfaren i Trondheim. (Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, band 1)

Handelsmann Hans Holst på Moldegård skreiv i 1752 om Alsing at han
«er den sletteste og ufuldkommeneste mand som kand findes baade udi ord, giærninger og skrift saavel som imod øvrighed som imod alle andre brave folk»

Referansar:

  • Atle Døssland: Fylkeshistorie for Møre og Romsdal 1 1671-1835: Med lengt mot havet. (1990)
  • Borgund og Giske, band 1 (1957)
  • Borgund og Giske, band 3, gardssoge (1964)
  • Indrelid og Ugelvik Larsen: Fra de første fotefar. Sunnmøres forhistorie. (1984)
  • Ugelvik Larsen og Jarle Sulebust: I balansepunktet. Sunnmøres eldste historie. Ca 800-1660. (1994)
  • Einar Sunde: Intervju 02.05.06
  • L. Strømme: Bumerke frå Sunnmøre. (1943)
  • Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør. (1766)
  • Bergen Museum: Per Fetts serie «Førhistoriske minne på Vestlandet”
  • Dokumentasjonsprosjektet: www.dokpro.no Bergen museum- arkeologisk hovedkatalog.
  • Haldor Kvasnes,2010
  • Sula sogelag sine årsskrifter
  • Lånt bilete av: Anne Grete Sunde, Sissel Gårdsvoll og Sunnmøre museum, kopiert frå bøker og internett og eigne bilete.