Ingrid Lied

(f.20.03.2018 – d.07.10.2013)

Ingrid er fødd og oppvaksen på gard og ho vart gardbrukarkone etter at ho hadde vore ute i arbeid og teneste fleire stader. Mellom anna vart ho snippesyar på skjortefabrikken Alvo på Stranda i fire år. Der var ho og med i aktivitetar som teater, folkeviseleik, gymnastikktropp, dans songlag og losjen. Det første løna arbeidet ho hadde, var å kjøyre grus på vegen ut til Sulesund med hesten Willson. For det fekk ho seks kroner dagen. Etter at ho kom attende til Eikrem var ho innom kommunestyre, var leiar for husmorlag, hagelag og sjømannsforening. Ho sydde damekjolar etter mål og fasong, og ho var kokke ved bryllup på Allheim. Ingrid har fem born, 11 borneborn og 16 oldeborn. Ho nyt turar ute i det fri, og ho har vore på mange reiser til andre land. Ho broderer bunader, skjorter og kep, og leverer dei ferdig montert.

Her er ho også frå eit innslag på Norge Rundt