Eit trist 100-års-minne: «Solon» -natta 17. desember 1901.

9 mann, derav 5 frå Langevåg omkom og etterlet seg 4 enkjer og 14 mindreårige born.

Av Arne E. Dybdal.

Det vekte stor sorg og mykje merksemd då båten «Solon» frå Slinningen forliste natta mellom 16. og 17 desember 1901, under storsildfiske på Svinøy-feltet, og alle ni om bord omkom. Fem av desse var frå Langevåg, tre frå Hessa og ein frå Hjørundfjord. Dei omkomne etterlet seg 7 enker og 30 born – dei fleste mindreårige. Forutan sorg og medkjensle med dei etterlatne, vekte «Sollon»s mystiske og sporlause forsvinning også undring og rettkomen mistanke om andre årsakjer til forliset enn uvêret. Båten var ganske ny, stor og sterk, og var bygd i Hardanger.
«Solon», som var ein skonnert med to mastrer, siglde ut på Svinøy-havet for å drive etter silda. Vêret var fint heile dagen, men om kvelden sette det inn med tjukne og storm.
«Solon» var den yste og vestlegaste av drivararne. Det var det siste dei såg av båten.
Til tross for at det var dårleg vêr denne natta, er der grunn til mistanke om at «Solon» vart nedkjørt av ein eller annan dampbåt. Det fanst ikkje spor av vrakgods, bortsett fra ei halv garnlenke som var kappa, og denne blei i ettertid tatt vare på av ein fiskar frå Vigra.
Han kom til Langevåg og ville levere den til enkja Emte Fylling, men ho ville ikkje ha lenka,
og let Vigra-fiskaren behalde henne. Det gjekk også seinare rykte om at det skulle ha vore ein utanlandsk lastedampar som denne natta først skulle ha vore heilt inn til kysten, deretter gått til havs igjen, og så kom inn til Ålesund med ein liten skade i baugen som var overstroken med ny maling. Det gjekk og rykte om ein som hadde vore passasjer på eim dampbåt, at det under kysten hørte eit sterkt brak, skrik og skrål. Men då dei ville på dekk for å sjå, blei dei kommanderte ned under dekk og dørene slått igjen. Seinare gjekk det og rykte om eit brev frå ein som hadde vore mannskap på eit utanlandsk dampskip. Han låg på sitt siste og ville lette samvitet ved å fortelje at dei ei natt hadde gått på eit fartøy ved norskekysten. Til tross for etterrøking kom det ikkje til noko oppklarning.

Bjarne Rabben skriv i si bok: «Folk ved havet III» om dette forliset:

«Då sildefiskarane ein dag i desember 1901 måtte berge seg og søkje hamn for sørveststormen, skreiv Sunnmørsposten at det var «et storartet skue» då hundrevis av farty kom siglande og stimande inn leia til Ålesund. Det var mindre storata det som hende på havet denne uversnatta, natta til 17 desember. Då gjekk Borgund-båten «Solon» ned med heile mannskapet, åtte frå Borgund og ein frå Hjorundfjord.

Det hende fleire ulukker denne natta. På dekksbåten «Maaden» frå Syvde vart føraren slegen ut av ein brotsjø. Ein Volda-båt hadde og mist ein mann. Ein båt frå Sande likeeins. Ein Ålesunds-båt siglde seg på fallet Daudingane ved Haramsøya og forliste, men mannskapet berga seg i lettbåten. Ein dekksbåt frå Stadtlandet miste ein mann. Etterpå vart dekksbåten i seglsliten stand berga inn til Ålesund av redningsskøyta «Feie». Ein annan dekksbåt frå Stadslandet hadde kollsigl, men mannskapet berga seg i doryen, der dei med den einaste åra dei hadde styrde unna vinden nordover til dei vart berga av ei skøyte. Då «Solon» ikkje kom heim att, vart det telefonert til søre Sunnmøre, der dei fekk vite at båten hadde vore innom Flåvær. Då «Solon» heller ikkje kom til rette dagane etter, vart båten etterlyst på nytt, og då kom det for dagen at den båten som hadde vore innom Flåvær, var eit anna farty med same namn. No var det julaftan og storhelg, men tre redningsskøyter, ein dampbåt frå Ålesund eit rutedampskip frå Kristiansund tok ut på leiting. Dei fann ikkje anna enn nokre garn med avhogen kabel, som hadde tilhøyrt «Solon».Denne natta vart kalla «Solon-natta».  Mange båtar hadde ein hard tørn med å berge seg til lands i uveret. «Fiskarane tok til å drage og berge garna,» fortel L. K. Grønnevet, som var ute den natta. «Stormen vart så sterk at det var vanskeleg å få noko inn. Ingen hadde damp- eller motorkraft å gå opp under med, så det gjekk seint å drage, og mange dreiv saman med garnlenkene. Me fekk inn berre fem garn før me kom saman med ej onnor garnlenke. Me sleit inn på garn for garn til det me valde eit løgje for å få snu båten. Me strekte ein reva stormklyver, og når vinden fylte han, høgde me kabelen, og båten vart snudd mot land».

Ein kan berre tenke seg kva for ei jul det var i heimane til dei pårørande. Det blir fortalt av etterkommarane til dei omkomne at både enkene, borna og andre slektningar gjekk og såg uteter Breisundet i håp om at «Solon» skulle koma heimatt. Det blir og fortalt at juletrea ikkje vart tatt inn i husa denne jula, men stod att ute i hagane til familiane til dei omkomne.

Dei 5 som omkom frå Langevåg var:

Tre brør av Fyllingslekta frå Villumgarden/Emtegarden i Langevåg. Desse hadde ein eigen fiskebåt som heitte «Brødrene» og som dei hadde leigd bort dette året under sildefiske. Dei valde å bli med «Solon», då dette var ein av dei største fiskebåtane som dreiv sorsildfiske dette året.

1. Johan Elias Larsson Fylling, 34 år, gardbrukar og fiskar og gift med Emte Erstad, frå Sykkylven. Då Johan kom bort hadde enkja Emte kun 65 øre i kontantar ved sida av gardsbruket, som i ettertid fekk namn etter ho: Emtegarden. Johan fekk skøyte på garden i 1900 og Emte brukte jorda så lenge ho levde.  Johan etterlet seg enkje og 4 born:

1.1. Mathea, 10 år, ho vart gift med Sigvald Beitveit frå Leikanger på Stadtlandet. Han omkom på sjøen 37 år gamal i 1925. Mathea og Sigvald fekk 4 born.

1.2. Ingeborg, 9 år, ho vart gift med Johan Rørstad og busett på Fiskartranda, dei fekk 3 born.

1.3 Petra, 4 år, ho vart gift med Elias Borgundvåg og busette seg i Borgundvåg, Stadtlandet, dei fekk 3 born.

1.4. Lars, 2 år, han vart gift med Anna Egeland frå Høle i Høgsfjord og busette seg i Kvernavik, Stavanger, dei fekk 2 born.

2. Hans Peter Larsson Fylling, 29 år og gift med Hansine Vågnes frå Hansgarden i Vågneset. Hans etterlet seg enkje og 3 born:

2.1. Ole, 4 år, døde ung.

2.2. Lars 2 år, han omkom i april 1917 som fangstmann på ishavsskuten «Herkules 2»[1]

2.3. Hans, fødd 1 månad etter at faren kom bort. Hans vart stuert og gift med Alfhild Fårberg frå Ålesund. Dei var busette i Langevåg og fekk to døtre.

3. Ole Martinus Larssen Fylling, 22 årog vart gift med Anna Emblemsvåg frå Emblem. Ole og Anna fekk ein son,

3.1. Ole, han vart fødd ca. 2 månader etter faren kom bort. Han vart skipper og snikker og gifte seg med Anna Marie Viken frå Hustad i Romsdal. Dei busett seg i Langevåg, dei fekk to søner. Anna gifte seg oppatt med syskenbarnet til mannen sin, Knut Steinsvik frå Herøy, og tok Steinsvik som etternamn.

4. Petter Severin Ingvald Gundersson Stadsnes, 17 år, kokk, ugift. Han var frå Jetmundsgarden i Stadsneset.

5. Johan Eliasson Vågnes, 39 år. Gardbruker og fiskar, busett på Stølhaugen i Vågneset. Han var gift med Petrine Larsdtr. Molværsmyr. Han etterlet seg enkje og 6 born:

5.1. Edvard, 11 år, han omkom 24.12.1915 ved d/s «Lihaug» s forlis i Skagerak.[2]

5.2. Lina, 8 år, vart gift med murer Ola Kristiansen.

5.3. Ragna,7 år, vart gift med gardbrukar og fiskar Ferdinand Vågnes

5.4. Petra, 4 år, vart gift med fabrikkarbeidar Gustav Vogel. 5.5. Ovidia, 1 år, vart gift med stuert Ragnvald Veddegjerde, han omkom i Nordsjøen i 1942 [1]

5.6. Johanne (eller «Donna») fødd 8½ månad etter farens død, ho vart gift med maskinist Ludvik Heen[2] som omkom under flyangrepet i Laksevåg, Bergen 04.10.1944.

Alle borna til Johan og Petrine vart busette i Langevåg. (Far til Petrine, Lars Molværsmyr, omkom på sjøen 52 år gamal 10. april 1888 i nedlest båt på veg heim til Langevåg frå fiske ved Valkve, Godøya.)

Dei som omkom frå Hessa var:

6. Laurits Nikolaisen Hessen, 47 år. Gardbrukar og fiskar og gift med Agnete Fredriksdtr. Blindheim. Dei var busette på Niklagard på Hessa. Laurits etterlet seg enkje og 9 born:

6.1. Petra, 19 år, ho vart gift med August Strand frå Halgeland og busette seg på Hessa. August dreiv som fiskar.

6.2. Nikolai, 18 år, han vart gift med Anna Karoline Kvistad frå Hjørundfjord, gardbruker på Niklagarden. Nikolai dreiv også sjøbud i nærheten av Hessaskaret.

6.3. Fredrik Cornelius, 16 år, han vart gift med Oline Holen frå Ålesund, busett i Ålesund der Fredrik dreiv meklarforretning.

6.4. Sofie, 11 år, gift med Louis Larsen frå Blindheim, busett i Ålesund.

6.5. Laurits, 10 år. Gift med Hermanda Richardsen frå Kvæfjord, busett på Hessa. Laurits var skipper.

6.6. Severin, 9 år, gift med Bertha Garshol frå Ålesund, Også Severin var skipper.

6.7. Marte, 7 år, gift med Karl J. Holstad frå Hareid, busett på Hareid. Karl var sjømann.

6.8. Klara, 5 år, gift med Halvard Årum, busett i Drammen, der dei drev Victoria Hotell i Drammen.

6.9. Nils, 2 år, busett i Ålesund, han var kontormann hos broren Fredrik.

7. Ingebrigt Olsson Slinning, 45 år, fiskar og gift med Anna Karoliusdtr. Busett på Nygård eller Koroliusplassen på Ytre- Hessa. Han var medeigar og førar av «Solon», han etterlet seg enkje og 6 born.

7.1. Klara, 11 år, ho vart gift med Ole Larsen, busett i Ålesund/Hessa.

7.2. Berntine, 9 år vart fift med Kristian Akselsen og busett i Oslo.

7.3. Olga, 7 år, gift med Mathias Rørstad frå Fiskarstranda, busett på Hessa. 

7.4. Karl, 6 år, gift med Kristina Aksnes, busett på Hessa.

7.5. Astrid, 2 år, ho voks opp på Humla og vart gift med Severin Hanken. Dei busette seg på Nilsgarden på Humla.

7.6. Ragna, ½ år, gift med Karl Breivik og busett i Ålesund.

8. Johan Petersson Slinning, 40 år, medeigar i «Solon». Johan var opplinneleg frå Ytre-Øyra i Hjørundfjord og var gift med Johanne Johansdtr. frå Hareid, og dei var busette på Slinningsneset. Han etterlet seg enkje og utan born.

Omkomen frå Hjørundfjord:

9. Ivar B. Saltre, 26 år, gardbrukarson og fiskar, ugift og busett på Saltre i Hjørundfjord.Han var syskenbarn til Johan P. Slinning. Far til Ivar var bror til mor til Johan)

For alle ovanstående, som i så mange, mange slike tilfelle, passer Bjørensons ord så godt til ettermæle:

Men vesle fiskerbåt har båret frem så mangen dåd,
Av mot og herlig kløgt,
skjønt aldri den blev trykt.
Og mangen sjømanns liv
Fikk dødens krans av tang og siv,
Som burde hatt i gull
Sitt navn blant kjempekull.
Men titt er ingen med, som bringe kan beskjed.

Kilder: Torbjørn Urke, 1979 Nokre slekter frå Hjørundfjord og Sula.
Bjarne Rabben: Folk ved havet III
Richard Eriksen: artikkel i Sunnmørspoaten 17.12.1951
Anna Smebakk.(Datter til Mathea Fylling Beitveit)

Denne artikkelen stod i Årsskrift frå Sula Sogelag 2001.

[1] Se Årskrift for Sula Sogelag 2015, side 41-56
[2] Se Årskrift for Sula Sogelag, 2012, side 67-77
[3] Se Årsskrift for Sula Sogelag 2015, side 41-56
[4] Se Årskrift for Sula Sogelag 2015, side 41-56
[5] Se Årskrift for Sula Sogelag, 2015, side 41-56