Åpent møte for Sula Sogelag og Trykkerimuseet

Sula Sogelag og Trykkerimuseet inviterer til eit ope møte med føremål å knyte til seg potensielle nye styremedlemmer og andre bidragsytarar. Når det er sagt er alle velkomne, om ikkje anna for å få seg ein kaffi.

• Er du oppteken av å ta vare på lokalhistorie og kulturminne?

• Glad i å skrive?

• Flinke med økonomi?

• Hendig?

• Kjend med styrearbeid?

• Ein rev i å søkje om midlar og snakke med sponsorar?

Om du berre har ein (eller færre!) av desse eigenskapane, synest vi du skal kome til dette møtet, og ta med tankane dine om kva du ønskjer å bidra med på reisa.

Sted: Sula Bibliotek

Adresse: Fyllingvegen 11, 6030 Langevåg, Norge

Tid: 14.mars 2024 kl. 18:00 – 20:00

Link til kilde