Devold-annonsar frå 1930-åra

ved Odd Sørås

Reklamesignaturen HAUK

Eg streva lenge med å finne ut kva signaturen HAUK på mange av Devold-annonsane stod for (meir om desse annonsane nedanfor). Det skulle vise seg at løysinga på gåta låg nærare enn eg hadde trudd.

Johan Sunde arbeidde ein gong i leiinga for Devold-fabrikken, og har, som vist nedanfor, tatt vare på litt av det gamle reklamemateriellet. Det var han som kunne fortelje meg at firmaet bak annonsane i bl.a. Arbeidermagasinet heitte Reklamehauk. Eg har funne ut litt om dette reklamebyrået. Kven teiknarane var, er ukjent. Dette er ikkje akkurat Sula-soge, men kan ha ei viss interesse likevel.

Første gongen eg har funne Reklamehauk nemnt, er i boka/heftet Fiskerimessen i Trondheim 1934. Beretning. Der blir det kort fortalt at firmaet har laga ei grafisk framstilling av all eksport/import/transitt av fiskevarer gjennom Trondheim i 1933.

Det særeigne firmanamnet kjem av at han som starta det, heitte Rolf Wahl Haukaas, fødd i Trondheim i 1911. I boka Studentene fra 1929 står det at han arbeidde som reklamekonsulent i Trondheim 1930‒36. Eit oppslag i Oslo Handelsregister viser at AS Reklamehauk blir etablert i Oslo i 1936. Disponentar for selskapet er Haukaas og Harald S. Johanssen. I 1940 finn vi Haukaas som reklame- og salskonsulent i Stockholm, og frå 1943 dreiv han sitt eige byrå Rolf Haukaas Reklam same stad. Han arbeidde også med å omsette norske bøker til svensk.

Vi veit at Reklamehauk under krigen bl.a. laga propagandamateriell for NS. I Berit Nøklebys bok Holdningskamp (1986), ein del av bokverket Norge i krig, er det på s. 10 gjengitt eit av dei oblata eller brevmerka (frimerkeliknande lappar som framhevar ein organisasjon) som byrået laga. Dette var ikkje Haukaas med på, for han flykta til Sverige i 1940. Der var han visstnok kontaktmann for kurerar i den norske motstandsrørsla. Tyske kjelder nemner i denne samanhengen Bjørn S. Johanssen som kurer, jfr. at Haukaas sin meddisponent heitte Harald S. Johanssen!

Rolf Wahl Haukaas var gift og hadde to born. Han døydde i Stockholm i 1983.

21.8.2019 Odd Sørås

I 1938 og –39 hadde O.A. Devolds Sønner AS ein serie humoristiske annonsar for herreunderkleda av merket Rose-Maco i Arbeidermagasinet, som var eit svært populært vekeblad den gongen. Eg trur mange kan ha interesse av å sjå korleis fabrikken marknadsførte produkta sine for omkring åtti år sidan. Her er nokre av desse annonsane.

Enno hadde ikkje 1938-rettskrivinga hatt tid til å verke inn på reklamespråket, det ser vi av stavemåtane sig, mig, opmuntrende, undertøi og blåtrøie. Vi merkjer oss dessutan at Devold her brukar «Aalesund» som adresse.

Forutan dei velsittande underkleda av makko-bomull var det blåtrøya som særleg gjorde Devold-namnet kjent. Eg tar med ein av dei mange blåtrøye-annonsane, også den frå Arbeidermagasinet. I dette bladet annonserte samtidig Devolds konkurrent Salhus Tricotagefabrik ved Bergen for sin Krone Maco. Deira annonsar brukte ikkje humoristiske verkemiddel, og stod ikkje i same nummera som Devolds!

Johan Sunde har funne desse flotte Devold-annonsane, som også må vere frå 1930-åra.  Eg har funne spor etter den tredje av Rose Maco-annonsane nedanfor, den stod fem gonger i avisa Sunnmøre Tidend hausten 1937. Sunnmøre Tidend var eit bondeblad som kom ut i Ålesund frå 1932 til 1940. O.S.