I frokostpausen

Sula Sogelag presenterer no eit radioprogram frå 17. mars 1965:
I frokostpausen – hos O.A. Devolds Sønner A/S, Langevåg.
Programleiar: Joachim Rønneberg.

Medverkande:

  • Jakob Olven
  • Johannes Devold
  • Lars Slyngstad
  • Alvhild Leivdal
  • Jens Røssevoll
  • Hans Førde

Musikkinnslag:

  • Venke Fylling (sang)
  • Marie Lovise Widnes (sang)
  • Asbjørn Lund (gitar)
  • Per Weddegjerde Ensemble
  • Langevåg Musikkorps

Programmet er overført frå lydband til CD av Kjell Thorsen, Fiskarstranda. Den som gjorde opptaket av radioprogrammet, ønskjer ikkje å bli namngitt.
Sula Sogelag har gjort programmet tilgjengeleg på heimesida si med løyve frå NRK.

Ein halvtime frå ei anna radiotid ved Odd Sørås.
Når eg skriv dette, er det over eit halvt hundreår sidan programmet frå Devold vart sendt – eller «gjekk på lufta», som vi kringkastingsfolk gjerne seier. Vi merkar spranget i tid alt når vi høyrer programsekretær Asbjørn Gjærde innannonsere programmet. Tonen var ein annan den gongen, litt meir alvor, litt meir høgtid enn no. Og likevel: midten av sekstiåra var prega av nye tankar om kva NRK burde by lyttarane, kva programma skulle innehalde og korleis dei skulle lagast. Den 1. februar 1965 gjekk den første
Nitimen på lufta, med undertittelen «Litt av hvert for hvem som helst». Eit program som nettopp skulle gje lyttarane ein avslappa og uhøgtideleg formiddagstime måndag til fredag med ein smilande programleiar ved mikrofonen. Men om onsdagane måtte Kjell Thue og dei andre Nitime-programleiarane gå av lufta klokka 9.30, for då var det ein annan programserie som hadde si faste sendetid, og som hadde eksistert nokre månader lenger enn Nitimen.

Programmet «I frokostpausen» var meint som ei blanding av underhaldning og folkeopplysning. NRK skulle ta lyttarane med til større bedrifter rundt om i landet og møte leiarar og tilsette, men også by på underhaldningsinnslag med bedrifta sine eigne tilsette eller folk frå same distriktet. Eit viktig poeng var at
dette skulle vere direktesendingar. Det første programmet i serien vart sendt den 29.9.1964 frå Freia sjokoladefabrikk i Oslo. 17. mars året etter var turen komen til Langevågen og O.A. Devolds Sønner AS.

Programleiar Joachim Rønneberg hadde arbeidd i NRK sidan 1948, og den djupe røysta hans var kjend ikkje berre blant lyttarane til Vigra lokal, som det heitte då, men over heile landet. Han rapporterte om
allslags hendingar og tilhøve med stor autoritet, men kunne også ha eit smil på lur når høvet baud seg. I denne sendinga fekk han bl.a. høve til med lun humor å gripe fatt i ei feilsnakking som Devold-direktør Olven gjorde seg skuld i og som absolutt måtte rettast på.

Eg skal ikkje gje fleire kommentarar om frukostpausen blant dei 550 Devold-tilsette, det overlèt eg til deg som vil høyre på dette radioprogrammet. Ei vekes tid etter sendinga hadde kristiansundsavisa Tidens Krav eit intervju med Rønneberg. Avisa kallar programmet frå Devoldfabrikken ein suksess, og vil vite om det kjem fleire slike program frå fylket. Det er det gode sjansar for, meiner Rønneberg. Han seier at bedrifta må vere av ein viss storleik, minimum 50-60 tilsette, fordi det må vere publikum i salen under sendinga. Eg vil tru at kristiansundarane var bra nøgde då NRK, igjen med Joachim Rønneberg som programleiar, besøkte Goma Fabrikker i frukostpausen den 27. oktober same året.

Asbjørn Gjærde – som inn- og utannonserte programmet – vart mange år seinare distriktssjef i NRK Møre og Romsdal. No heiter stillinga distriktsredaktør. Dei som er interesserte i radiohistorie, vil ha mykje glede av boka hans Vel møtt til sendinga. Kringkastinga i Møre og Romsdal 1925–2005. Utgitt av Høgskulen i Volda 2005.