Gamle ord og uttrykk
samla av Sigmund Molvær
Språket endrar seg heile tida. Nye ord kjem til, og gamle ord går i gløymeboka. Mange ord og uttrykk som vart nytta i dagleg tale for 40–50 år sidan, er ukjende for born og unge i dag. Dersom du spør ein 15-åring om han var på sjyvjing i går kveld, lurer han kanskje på kva gale han no skal ha gjort. Seier du at han er solbrend i kølbota, forstår han ikkje kva stad på kroppen du snakkar om. Og når du bed han hente køksa, kva får du då? Ei bøtte med koks?
Sigmund Molvær (1926‒2009), rektor ved Langevåg skule 1965‒91, var svært aktiv i sogelagsarbeid og anna kulturverksemd i Sula. I 1998 fekk han Sula kommunes kulturpris, og i 2008 Sula Mållags målpris. I fleire år hadde han faste spalter med gamle ord og uttrykk i lokalavisene Sulaposten og Øyblikk.
Vi har vore så heldige å få tilgang til desse orda og uttrykka som Sigmund Molvær samla. Vi vonar at mange vil ha glede av å finne igjen ord som har gått i gløymeboka, og for andre kan det vere kjekt å finne mange av dei kanskje for første gong. Dersom nokon av lesarane kjenner andre ord og uttrykk som dei synest burde vere med i lista, må dei gjerne tipse oss i sogelaget. Send oss nokre ord ved å bruke lenkja der denne lista sluttar.
Marit Bolstad / Odd Sørås
Abakela: Dette ordet skal normalt skrivast avbakeleg, men blir i gammal dialekt uttalt abakela. Det som er abakela er vanskeleg å nå i eller kome til, det ligg keive eller avsides til.
Agnalj: I ordlista står det agnor, med ordet mothake i parentes. Agnalj er dialektuttalen her. Det tyder agnhald, som er den mothaken på ongelspissen som held agnet på plass.
Amper: Amper er du når du er snar til å bli irritert, vrang, nærtakande. Stundom seier vi det om småbarn når «ingenting» er bra nok: «Han er så amper i dag!»
Andføttes: Når to ligg i same senga med føtene kvar sin veg, altså slik at den eine har føtene der den andre har hovudet, seier vi at dei ligg andføttes. And tyder «mot» og andføttes blir dermed «med føtene mot kvarandre».
Andøve: Å andøve er å halde ein båt på same plassen, t.d. på ein fiskeplass, slik at han ikkje flytter seg med straum eller vind. Ein andøver ved å ro eller skute samstundes med at ein held auge med meda. Stavinga and tyder «mot», og øve er visst halvemål for høve. Altså tyder andøve å halde mot slik at det høver med plassen.
Attelege: Når ein open åker vart tilsådd og voks til med gras, sa dei at åkeren vart gjenlagd eller attlagd, og enga som vart der, kalla dei ei attelege. Hadde dette nettopp skjedd, vart det ei ny-attelege. Slik sa dei iallfall på Indre Sula. I Langevåg kalla dei det gjenlegg.
Attelet: Atterlit skriv Ivar Aasen, og forklarer det med «tilbageblik». Det kan bety omsorg, bekymring, engstelse. «Du treng ikkje ha attelet»: Du treng ikkje vere redd, bekymra, ottefull.
Auskjer-rjøt: Auskjer-rjøt er ein fisk som i dag vert kalla knurr, sikkert fordi han lagar ein knurrande lyd når han kjem inn i båten. Rjøt kallast han fordi han ryt, noko som ein og kan seie om den rytande (snorkande) lyden. Legg du denne fisken under eit auskjer (ausekar), høyrest lyden betre, derfor namnet auskjer-rjøt.
Auster: Her har vi to tydingar: 1) Ei helst litt stor og djup ause. Då eg begynte på skulen, tok vi vatn med austra frå ei bytte i gangen og drakk (før vi fekk drikkefontenene). Ordet «koks» (lokal uttale køks) blir òg brukt om ei slik ause. 2) Vatnet/sjøen som samlar seg i botnen på ein færing, og som må ausast ut med auskjeret, kallast òg auster.
Bane: Å bane er det same som å visne, og vert brukt om plantar eller blomar som visnar – eller altså banar. Det betyr i grunnen «å døy». Jamfør ordet banesår, som var eit sår som førte til døden.
Barke: Barke gjorde dei som ei slags impregnering, og for å gjere garna mindre synlege i sjøen. Dei flekte barken av bjørk om våren, tørka han og knuste han, og slo deretter kokande vatn over han i eit barkekar. Så la dei garna i den brune væska, og det kalla dei å barke garna.
Barstæk: Barstæk tyder vill, sterk, ustyrleg, og vert vel helst brukt om ville og sterke dyr. Ei kone sa:
«D’e’kje for kvinnfolk å halde på med dinne barstæke uksepøsen!»
Bell: Eit tørt stykke grasmark, der dei la utover torv eller høy til tørk. Dei tørka høyet på bellen, sa dei, og dei snakka t.d. om at dei hadde ein god torvbell.
Berkje: Ja, det er å ta borken av tre. Dei berkjer tømmerstokken før han blir kløyvd på saga, og dei berkte bjørkestammene om våren for å få bork til å barke garna med, slik at dei ikkje skulle rotne så fort (og bli mindre synlege i sjøen). Ei slags impregnering.
Bete: Ein bete kan vere både det eine og det andre. Her tenkjer vi på mat. Legg litt smør på flatbrød, så fisk og kanskje poteter oppå, og så flatbrød oppå der igjen, ja, då har du ein bete. Det er sunn og god mat!
Bin: Eit bin er eit særsyn eller eit vedunder. «Å du store bin», seier ein når ein ser noko nytt, sjeldan eller merkeleg. «Ja, det var litt av eit bin!»
Birren: Ein person som er stiv og stram, kan av og til seiast å vere birren eller sjå birren ut. Ein gammal mann såg eit bilde av ein kjendis i avisa, og eg høyrde han sa: «Han er no nokså birren!»
Bleik: Ei bleik kallar vi dei tynne, kvite, slørliknande skyene høgt oppe (6–10 km) i atmosfæren. Cirrus eller cirrocumulus heiter det visst på fagspråket. Bleika varslar gjerne vêret: Sig ho inn frå havet, kan vi vente oss vestavêr, men dreg ho utover, blir det gjerne aust- eller søraustleg vind og vêr.
Bløgge: Å bløgge er å få til å blø. Ein kan t.d. bløgge seg i ein finger, men mest bruker ein vel å bløgge fisk etter kvart som ein får han inn i båten. Då blir fisken kvit og fin i kjøtet.
Bokne: Det er å la fisk bli halvtørr, gjerne litt salta først. Får sild eller torsk eller anna fisk henge nokre dagar og bokne, får vi mat som mange likar godt, nemleg boknatorsk eller boknasild.
Bole: Den vanlegaste «gøyme-og leite-leiken» vi hadde i Mauseidvåg i gamle dagar, kalla vi bole. Det er visst ikkje mange andre stader dette namnet er blitt brukt, men eg har registrert det inne ifrå fjordane. Ein stod på «bola» og talde til hundre medan vi andre sprang og gøymde oss. Når han som «stod», fann nokon, kappsprang dei til bola (t.d. ei dør, ein stolpe), og dersom han som stod, kom først til målet, slo han i det og ropte «bolå hass Sigmund!», men vart eg først, slo eg og ropte «bolå mi!» Den som først vart bola, måtte stå neste gong.
Botevon: Von om at noko kan bøtast. Når noko har gått sund, men kan reparerast, er det botevon i det. Men er det heilt øydelagt, nei då finst det ikkje botevon.
Brennenete: Brennenete sa vi før om planten brennenesle som veks mange stader på Sula der det er feit jord. Vi kan «brenne oss» på blada, få svie og kløe på hendene. Det er ein plante som ein kan lage stuing og suppe på, og avkok av brennenete er godt til hårvask.
Brising: Det er det same som eit bål. Vi kan brenne brising, og vi kan ha ein jonsokbrising.
Brynne: Å brynne betyr å gje dyra vatn, brynne kyrne t.d. Opprinneleg var det å leie dyra til brynnen. No får dei helst vatn frå eit eller anna slags vasskar.
Brøsve: Ubehag i brystet eller halsen. Kallast også halsbrann eller kardialgi, og heng gjerne saman med «sure oppstøyt». Kan dempast med natron eller «Nyco» o. l. Er vel dialekt for «bryst-verk» eller «bryst-ve».
Brål: Dette ordet er ikkje mykje brukt no. Det er det same som ange eller godlukt. «Kjenn bjørkabrålen!» sa han far når det anga av nysprotte lauv om våren. Og den brålen var god!
Bunding: Ein bunding er det same som eit strikketøy. Ordet heng saman med å binde, som også kan bety å strikke.
Byste seg: Det tyder å gjere seg morsk, eigentleg å reise bust, slik som kattar og hundar gjer når dei blir sinte eller redde og går i forsvar. Folk kan også byste seg. «Du må’kje byste deg, farr!»
Bytestein: Bytesteinar sette dei i bytet (grensa) mellom eigedomar. Ein bytestein er gjerne ei tjukk og tung steinhelle som er sett djupt og fast ned i jorda, og snudd slik at ho peikar i den leia bytet går. På sidene av bytesteinen er nedsett to mindre steinar. Desse vert kalla «vitne».
Bægje: Eit bægje er helst eit gjerde eller noko anna som skal hindre krøter i å fare der dei ikkje skal. Å bægje dei er å setje opp eller å bruke eit bægje.
Bøkkje: «Pass deg, elles kjem bøkkjen og tar deg», sa somme til ungane viss dei ikkje var snille. Bøkkjen var ein farleg fyr, eit spøkjelse, ein busemann. Ingen har sett han, men han var visst verre enn både lensmannen og julegeita.
Bøle: Ei samling av t.d. smådyr eller insekt o.a. Vi snakkar om musabøle, humlebøle. Stundom sa vi også «splintebøle».
Dape: Når det regnar ned i snøen så han blir blanda med vatn, blaut og sørpete, kallar vi det dape. Sameleis det som blir liggjande på vegen når nedbøren kjem som sludd. Dape er eit elendig føre anten ein går eller køyrer.
Daud-elje: Daudelje er det tørre, daude graset som ligg att på marka om vinteren og våren. Det vart ikkje slått eller beita førre år, og ligg derfor att som gul og visna daudelje.
Depel: Våt, blaut mold eller myr, nesten ikkje til å gå på. Stundom sa dei skit-depel. Vi har stadnamnet Depelen her på Sula (i Bjørkavågen), men der er visst ikkje mykje depel no.
Dombe: (Skal vel eigenleg skrivast dumbe.) Eit ord for støv, helst slikt støv som fyk i lufta. Når dei tørrsopa eit låvegolv eller rista ein tom mjølsekk, vart det gjerne mykje dombe.
Dravle: Når ein kokar opp mjølk og set til surmjølk, så «sprekk» ho, dvs deler seg i ei tynn, grønleg væske som kallast myse, og i kvite klumpar av eit osteliknande stoff. Myse med «osten» i kallast dravle. Før var det brukt til ein god kveldsrett. Somme sette til litt sukker. Ved vidare koking kan ein få prim og mysost.
Drott: Drott heng saman med å drage. Når vi t.d. etter ein tur kjenner korleis sener og musklar dreg seg saman, kallar vi det senadrott. Og tauet som dei dreg i land nota med, kallast ein (nota-)drott.
Drøge: Ordet heng saman med å drage. Ei drøge er noko som ein dreg på, t.d. ein bunt med greiner som er for tunge til å bere. Stundom la dei høy oppå greinene og drog det med seg slik. Då vart det ei høy-drøge.
Dubbel: Eit dubbel er ein flottør som held oppe endetauet («strengen») på eit garn eller ei line. Det er laga av ein tjukk plankebit og gjerne måla slik at det skal vere lett å få auge på i uroleg sjø. For å gjere det endå lettare set dei eit trestykke, som eit skaft, rett opp på dubbelet. Dette skaftet vert kalla «pikke», og eit dubbel med pikke heiter «pikkedubbel».
Einart: Det tyder reint, ublanda. Å ete noko einart er det same som å ete det utan noko anna attåt. (Eg har ein gong ete kald blodpølse einart. Men då var eg bra svolten!)
Eitregople: Dette er det gamle og lokale namnet på brennmanet. Er det eitregople i garn som har tørka, fyk det goplestøv ut av garna. Det er eit effektivt nysepulver.
Ekre: Ordet ekre for ein (liten) åker har eg ikkje høyrt brukt her. Men eg ser i samlinga av stadnamn på Sula at her var fleire stader der dei kalla åkeren ei ekre. Så det har nok vore brukt før.
Eling: Ein eling er det same som ei bye eller ein skur, t.d. ein regneling eller ein hagleling.
Fatle/fasle: Dette og nokre andre ord blir/blei uttalt med ein lyd som mange ikkje får til i dag. Han heiter noko så fint som «ein ustemt bilabial spirant», og då er det vel ikkje å vente. Høyr på gamle menneske frå Sula når dei seier t.d. hasl (hassel) isle (litle), suslebasle, kvisle o.a. Å gå med handa i fasle vil seie at du har ho i bind.
Fester: Ja, det er tauet som vi festar båten med, eller sleper han etter, eller halar han til oss med. Ordet heng vel saman med verbet å feste, altså å gjere fast.
Fjautre: Det ordet er visst nokså sjeldan. Fjautre betyr å snøe svært lett. Når berre små grisne snøfjom kjem ned, seier vi at det fjautrar. «Han er visst åt og fjautrar i dag!»
Fjølg: Fjølg er det same som varm. «Ho er fjølg på føtene.» ‒ «Her var det fjølgt og godt.» ‒ «No skal eg fjølge på maten.» Å fjølge kan også tyde å stelle, gjere reint.
Flekkje: Flekkje er noko vi helst gjer med fisk. Vi flekkjer fisken med å kløyve han langs ryggen. Ein kan òg flekkje bork av eit tre, og ein kan flekkje tenner, dvs dra overleppa opp slik at tennene viser.
Fli: Å fli kan bety å stelle, ordne, pynte. Ein kan vere velflidd eller uflidd. Å fli kan også bety å gi eller sende. «Fli meg hammaren.» ‒ «Ho flidde meg boka.»
Flintre: Å flintre kalla vi det når vi tok ei lita steinhelle og kasta ho bortover vatnet på ein slik måte at vi fekk ho til å sprette opp att fleire gonger. Og så sa vi «fader, moder, søster, broder» og kanskje fleire ord òg, etter kor mange gonger hella hoppa. Det var ein enkel liten leik ved vatnet, nesten som ein konkurranse. Ei flintre er somme stader ei lita steinhelle.
Flogvit: Ein som har uvanleg godt vit (og kanskje «brifar» litt med det), kallar vi stundom flogvit. «Han skal visst vere litt av eit flogvit», seiest det stundom, og nokre gongar kanskje litt ironisk eller forakteleg.
Floing: Det kan vel bety «ein mann frå Flo», men her tenkjer vi på det same som ei flo-bye, ei brått påkomen bye med regn og/eller vind, gjerne på ein dag då det elles er fint vêr. Det er ein floing.
Fonemann: Dette ordet brukte han Ole Wedde om ein dreng dei hadde i Pe-Lars-garden. Ein fonemann, sa han, var ein som kunne seg med litt av kvart, nærmast ein tusenkunstnar. Denne drengen, Endre heitte han, var bygningsmann, han var kunstmålar, han var fiskar, han hadde vit på gardsdrift, han var spelemann og meir til.
Fostove: Fostova er rommet fremst i ein færing eller annan robåt. Kjem visst av fotstø eller fotstøtte, staden der ein set foten når ein går om bord, eller der ein støttar foten når ein står i stamnen og dreg garn over rullen.
Frette: Spørje nytt. «Frette du nåkke i bya i dag?» – «Eg frette det du he vøre sjuke.»
Fuke: Ei fuke er ei sterk og helst kortvarig snøbye, laga av eit brått vindkast. Vi kan òg få ei fuke med mold eller vegstøv rundt ei nov.
Furekjuke: No seier vi furekongle, men før sa vi furekjuke her på Sula. Vi skuleungane plukka furekjuker i sekker og leverte til ein mann som sende dei til ein planteskule. Mykje av fureskogen her er nok oppvaksen av frø frå furekjuker som vart samla i Mausaskogane.
Fyroven: Folk som arbeidde på fabrikkane her på Sula, arbeidde ofte «fyroven», det vil seie at dei arbeidde overtid, stod gjerne nokre timar utover kvelden på fabrikken. Ordet er laga av det tyske Feier-Abend som tyder frikveld.
Fysen: «Behagelig, hyggelig» skriv Ivar Aasen om ordet fysen. Vi bruker det mest negativt: ofysen. «Det er eit ofyse ver i dag!» eller «For eit ofyse arbeid!»
Føgle: Har du høyrt om «å føgle mør»? Det er å stappe mørdeiga ned i tarmar før du røykjer møren eller hengjer han opp til tørk. På gamle handdrivne kjøtkverner fylgde det gjerne med eit «føglehorn» som var til å træ tarmane innpå når dei skulle føgle t.d. saudemør.
Førdags: «I førdags» er det same som «i forgårs», dagen før i går. Sameleis seier vi «i førårs» (forårs) om året før i fjor. No heiter det helst «i forfjor».
Føreferd: Det hender seg av og til at når vi sit ein kveld og ventar på nokon, så høyrer vi brått fotstega til vedkomande ute på vegen, på trappa der han trampar av seg snøen, eller at han kjem inn i gangen. Men så er det ikkje nokon likevel, det er slett ingen. Ei ti-femten minutt etterpå kjem han verkeleg, og då seier vi at vi har høyrt føreferda hans. Somme stader kallar dei dette vardøger.
Førvel: det sa vi (iallfall før) om alle slags små sommarfuglar. Fivreld står det i ordlista. Somme førvel kalla vi marihøne.
Geil: Ei geil er ein veg med gjerde på begge sider, men her brukar vi ordet helst om eit firkanta jordstykke med gjerde rundt. Det blei brukt til å samle sauer i. På fjellet har vi Saudegeila, og sørom Storelva på Eikrem var der ei geil, hugsar eg. Jamfør også namna Geilneset og Geilhaugen.
Gisen: Ein båt som ligg på land og tørkar, kan ta til å gisne, dvs han blir gisen, utett eller lekal (lekk). Det same kan skje med eit kjerald av tre.
Gjø: Før kunne vi av og til høyre folk klage over at dei hadde «gjø» i ei hand. Då var underarmen sår og raud og gjerne litt opphovna. Ivar Aasen fortel at «gjø» er «en Sygdom i Hænderne eller Haandledderne, foraarsaget af haardt Arbeide». Han har funne ordet berre på Sunnmøre. Kan det vere det same som vi no kallar senebetennelse?
Gjøtt: Ute ved Eltrane har vi ein stad vi kalla Gjøtta. Det er ei djup klyft i berget der sjøen går inn når det er flo. Mellom Eltrane og Nøringset er det fleire gjøtter, slik som Skarstein-gjøtta, Raudnes-gjøtta, Tremela-gjøtta ofl.
Gløse: Dette er eit av dei mange orda vi har for å sjå. Når ein gløser, held ein gjerne handa mot panna over augene for å skygge for sola og «glirer» for å sjå betre. Det er å gløse. Vi har det òg som substantiv. Ei gammal kone i Mauseidvåg kalla ein stad for Gløset, det var der ho pla stå og gløse etter krøtera. Eller vi kan seie til ein som ser bleik og «tuspete» ut: «Eg likar ikkje gløset ditt!» (Eg likar ikkje utsjånaden din).
Gnæse: Ei gnæse er ein vind, om lag det same som skjellje; sjå nedanfor. Gnæsa er kanskje ikkje fullt så sterk som skjellja. Begge desse nemningane har eg høyrt her på Sula.
Godt mot: Dette var ei helsing dei ofte brukte før når dei møttest på vegen. Begge sa «godt mot», og med det meinte dei «godt møte», og så stoppa dei gjerne og slo av ein prat. I grunnen ei fin helsing som no visstnok er gått heilt ut av bruk eller er blitt erstatta med «hei».
Golv: Enno turkar somme høy i hesjar. Dei set opp hesjastaur og trekkjer hesjastreng mellom dei. Rommet mellom to staurar kallast eit golv. «Dei hadde ei hes på 20 golv.»
Gongsperre: Den kjenner nok mange i føtene etter ein lang og tung fjelltur, gjerne når ein er lite trena. Det er som ei stivheit i musklane. Men det går over!
Grapsen: Når veret er dårleg med regn og vind, seier vi at «han er grapsen i dag» eller «det er grapse vêr, så det er best å halde seg innadørs».
Greinalaus: Orda greinalaus og greinaløyse var vanlege på Sunnmøre, fortel Ivar Aasen. Grein kunne bety skikk eller orden, og ei greinaløyse er eit menneske som har lite orden, som fer stygt åt, som ikkje er å lite på, er likesæl, bruker lite vet og forstand, med andre ord er greinalaus.
Grone: Det er eit gammalt og helst sjeldan brukt ord for å arbeide, kave, streve. «Ka dokke grona me? Oss helde på og grona me nokke veiarbei.»
Gryte: Å gryte kan bety å kaste stein, helst i store mengder. «Dei grytte stein etter udyret.» Heng saman med grjot, som er eit gamalt ord for stein.
Græle: Ei græle er ein svak vind, så pass at vatnet eller sjøen får småbårer og blir grå å sjå på. Græle kjem av ordet grå. «Det var nesten stilt, berre ei lita græle nedpå Vågen».
Grøn: Grøn kalla dei brøddeig som var ferdig elta og klar til å bake ut brøda av. Ungane lurde seg til å ete av grønet – dei likte det. Eg har sjølv arbeidd litt i eit bakeri og fekk då ofte grøn på fingrane, men eg likte det ikkje og var snar til å skrape det av med ei plastskrape. Då sa bakaren til meg: «Du må tole å få grøn på fingrane, gut!»
Grøte: Å grøte nokon er å få dei til å gråte. Blir vel helst sagt om barn: «Du må’kje grøte barnet!» Det som er så trist at ein kan gråte, er grøteleg.
Gurpe Å gurpe er ikkje fint, har vi lært. Litt finare er det visst å ”rape”, endå det er akkurat det same, nemleg at luft kjem opp frå magen og lagar ein lyd som vi prøver å halde igjen. Derfor kallast det også «oppstøt». I Kina skal det vere høfleg å gurpe/rape etter maten, det betyr at gjesten tykte maten var god. Og når ein baby gurpar/rapar etter å ha fått mjølk, er ikkje berre barnet, men også mora godt fornøgd.
Gust: Eit gammalt ord for ein sjukdom som heiter elveblest. Det er ein slags allergi. Før trudde dei ein kunne få gust ved å ligge på berre marka. Det finst medisin mot elveblest.
Gysje: Ei gysje (skal uttalast jysje) er ei slags historie eller forteljing, gjerne ei som ikkje er heilt å lite på, ei overdriving.
Gøtbøre: Ei børe er eit trongt hol, og gøtbøre er holet i buken på fisken der han gyt ut rogn eller isel og «gør» (ekskrement). Alle har vi nasebører, og kua har spenebører der mjølka kjem ut av spenane.
Gøte: Ein veg. Ordet har same opphav som gate. Vanleg i stadnamn som Brungot, Nedregotten o.a. Vi har vegnamnet Gøtå i Mauseidvåg, der det før var ei mark vi kalla Gøtå. På Austlandet heiter det guttu.
Hakkakjøt: Ja, det var ei slags kjøtdeig som dei laga når dei ikkje hadde kjøtkvern. Dei førte ein kvass, rund kniv, som ei trinse, att og fram over kjøtet, slik at det vart findelt og lett å bearbeide vidare. (Fortalt av Judith Blomvik Stene.)
Hamle: Å hamle er å ro ein båt attover. Det heiter også å skute. Ved keipen (tollepinnen) var det festa eit hamleband som heldt att årane når dei skulle skute – eller altså hamle.
Hein: Eit anna ord for bryne, altså det vi brukar til å kvesse ljåar, knivar og anna med. Dei snakka om «å heine» reiskapen. Med ein hein tenkjer eg helst på eit finare slags bryne. Bestefar Hamna-Jens heina operasjonsknivane hans Longva under krigen då det ikkje var nye knivar å få.
Herkje: Ordet herkje kan forklarast med hindring eller vanske. Når nøkkelen ikkje vil la seg snu rundt, seier vi at det er eit herkje i låsen.
Hesetre: Eit hesetre er eit trestykke forma til å ligge over herdane og med tau eller kjetting med ein krok i kvar ende. Til å bere bytter, kasser, pakkar og anna tungt med, og få vekta på skuldrane i staden for i hendene. Kallast også børatre, børatog, åk og meir. Mykje brukt før, lite no.
Himmelsjå Der ein ser fjella opp mot himmelen, der fjell og himmel «møtest», kallar vi himmelsjå. Vi kan sjå t.d. eit tre, ei hytte eller for den saks skuld eit menneske i himmelsjå. «Himmelsyn» seier dei somme stader.
Hip: Ein hip er ein liten fisk. Vi snakkar t.d. om ein hyse-hip eller ein kroppungs-hip.
Hopemark: Hopemark er eit utmarkområde som gardeigarane i bygda har i hop, dvs. dei eig det saman. Her på Sula finn vi hopemarka langt oppe i fjellet, ovanfor dei skogteigane som høyrer til kvar einskild gard.
Hund: Ein hund kan vere noko anna enn eit firbeint dyr. Ein stor stein som vart brukt som anker eller feste for ein båt som låg for utfar, kalla dei også ein hund.
Husefyll: Unødvendige ting som ein fyller opp husa med, ting som like godt kunne ha vore kasta, gitt vekk eller selt, alt frå overflødige møblar til brukte leiker, frå gamle aviser til utslitne sko.
Hustre: betyr kjøleg, kald, slik at du småfrys og kulsar. «Det er så hustre i dag!»: Det er så surt og kaldt, vi går berre og småfrys og har det ukoseleg.
Hute Å hute seg er å passe seg, skamme seg, ta seg saman, sanse seg, skjerpe seg. «No må du hute deg!»: No har du gått for vidt.
Hylkje: Eit kjerald til å bere mjølk i. Det hadde faslar så ein kunne bere mjølka på ryggen når ein skulle heim frå setra. Hylkjet var laga av blekk. Det var praktisk å bere mjølka på ryggen når ein skulle heim frå setra, så kunne ein ha eitkvart anna i hendene.
Hyn: Ein hyn, sa dei stundom før om ein gutunge. Eller dei sa gutahyn. «Det var eit par gutahynar som rauk i hop og slost».
Hyppe: Å hyppe er å pløye opp åkeren med ein plog som veltar molda til begge sider, slik at der blir ei fòr, t.d. til å setje poteter i. Når potetkålet er kome opp, hyppar ein mellom fòrene, slik at kålet blir delvis dekt av mold.
Hækjen: Å vere hækjen er om lag det same som å vere grådig, glupsk. «Han er så hækjen etter mat.» Ein kan og vere hækjen t.d. etter pengar.
Høykrok: Det hardt samanpakka høyet i løa kalla vi høystål, sjå nedanfor under stål. For å få høyet ut av dette stålet brukte dei ein høykrok, ein sterk, spiss jarntein med mothakar, som dei stakk inn i høystålet og drog ut høyet med.
Hå (itte): Hugse, kome på. «Eg hår ikkje itte det»: Eg hugsar det ikkje. «Dei hådde ikkje itte kva det var»: Dei kom ikkje på kva det var. Dei som snakka halvemål, sa: «Ej ’å’kje itte det. Dei ’ådd’ikkje itte ka det va.»
I vere: Det er lenge sidan eg høyrde det uttrykket. Gamle folk sa det før. Det betyr legge merke til, bry seg om, ta seg nær av. «Eg sa det til han, men han lest ikkje i vere.» – «Sa ho det? Berre ikkje lest i vere, du!»
Ibbel: Uro, helst i sjøen der han er litt uroleg anten av båreskvalp eller av fisk som «vakjer» i eller tett under vassflata.
Idast: «Å idast» heiter det i infinitiv, og vi høyrer det i setningar som «han ist ikkje gjere ein ting», og i samansetjingar som «istalaus» og «ei istaløyse». No seier folk helst «gidde».
Ile: Både steinen som eit garn er forankra med, og tauet som går opp til dubbelet og som ein halar opp garnet med, kallast ile. Ordet kan vel og brukast om forankring av ein båt: «Då kom han Olav frå Kåremunnen og lagde båten for ile,» står det i ei folkevise.
Jamtrøma: Når eit kjerald, t.d. eit fat, er så fullt at innhaldet står heilt opp til kanten, er det jamtrøma. Ordet tyder om lag det same som breiddfullt.
Jasmynt: Presten Hans Strøm fortel i sin Søndmørs Beskrivelse at folk her på våre kantar kalla dyret hare for jase for to–tre hundre år sidan. Dette har vi minne om når vi seier at ein person er jasmynt, dvs han har hareskår (sjeldan no, sidan legane fiksar det). Gardsnamnet Jasvoll (Jøsvoll) i Stordal tyder «Harevoll».
Jongje: Ein vanleg bordkniv kalla dei stundom ein jongje. Ei gammal kone sa til meg ein gong då eg var smågut: «Kom og drag slipesteinen åt meg, så eg får slipe denne jongjen.»
Kage: Å kage betyr eigentleg å snu seg og sjå etter noko. Vi bruker det i tydinga ʻbry seg om’. «Det er ikkje noko å kage på», seier vi, dvs. det er ikkje noko å bry seg om.
Kalen: Når trematerial eller ved vert liggande ute og utan å tørke, får han gjerne ei svart eller blåsvart overflate. Då seier vi at han har begynt å kalne eller bli kalen. Det er første steg mot rotning, og kvaliteten blir dårleg. Det kallast også blågeit.
Kamse: Kave, klusse, plagast med eit vride arbeid.
Kante: Å kante betyr å velte, gå i koll. «Bytta kanta, så vatnet rann ut. Båten kanta. Mannen kanta, han datt i koll».
Kase: Ei slags stor korg, fletta av t.d. kløyvde hasselgreiner. Kasa har faslar så ho kan berast på ryggen. Har vore brukt til å bere fisk, høy, torv og anna.
Kaure: Før ho bestemor kunne spinne tråd av ull på rokken, måtte ho lage seg kaurar, dvs kjembe ulla med kardene og lage små rullar som ho heldt i hendene og «mata» rokken med etter kvart som kauren vart til tråd.
Kav: Nedi djupaste kavet: ned i djupaste havbotnen. Blix skriv om «Det dårande hav»: ‒ «Snart det lokkar og lær, snart det over deg slær, og dreg båten i kav».
Kike: Her tar vi med «å kike» i tydinga å hoste, hoste til ein nesten misser pusten. Derav kallar vi ein barnesjukdom kikhoste.
Kinntaskå: Kinntaskå er eit lokalt namn på sjukdomen kusma, ein barnesjukdom som gjerne fører med seg at kinna (spyttkjertlane) hovnar opp. No er sjukdomen sjeldan på grunn av vaksinering.
Kippesko: Vi går i kippesko når vi har på oss sko utan sokkar eller strømper. Det heiter «å kippe på seg sko» når ein stig berrføtt ned i dei.
Kjantre: Å vere ueinig, å diskutere, gjerne litt usakleg, og kanskje ikkje om dei mest viktige sakene. Om lag det same som å kjekle eller krangle.
Kjelost: Kjelost er ost laga av råmjølk. No kallar vi det råmelkpudding. Somme stader kallar dei det pøttost. Han er god, du, med bringebærsaus på!
Kjerteljøs: Det er det same som stearinlys. Før vart det også kalla talgljøs eller voksljøs. I gamle dagar vart ein stormanns tenar som stod i hallen og heldt eit lys eller ein fakkel, kalla ein kjertesvein.
Kjøl: Ein kjøl kan vere ein kipp eller eit sjokk, gjerne slik at det går kaldt gjennom ein. «Eg fekk meg ein kjøl», seier vi då. Ordet heng saman med kjøleg (kald).
Kleie: Å kleie er det same som å klø. Når vi får eit myggstikk eller eit loppebit, så kleiar det. Før sa vi at når du kleiar i øyra, så får du snart høyre noko nytt, men når nokon kleiar på nasen, kjem han til å bli sint.
Klen: Klen er eit gammalt ord for sjuk, dårleg, skral. Ein gong høyrde eg to gamle karar som låg og pilka i Borgundfjorden, prate med kvarandre frå kvar sin færing. «E o klen’e, kjæringa di?» spurde den eine. «Nei, e o klen’e di då?» – «Ja, farr, o e vøre klen’e i fleire dage, o.»
Klopp: Ei klopp er ei lita primitiv bru over ei veite eller ei lita elv. Dei la gjerne ein brei stokk eller ei stor steinhelle over elva eller veita. Det kalla dei ei klopp. I vår dialekt vart det uttalt kløpp.
Klubb: Ein litt rundvoren fjellknatt som stikk fram i sjøen, vart gjerne kalla ein klubb. I Mauseidvågen, hugsar eg, hadde vi både øvste og nedste Simåklubben. Ordet klubb finst òg i gardsnamn, t.d. Klubbenes.
Knerodd: Ein robåt kan vere «knerodd», dvs han er bygd slik at årane slår ned i knea når du bøyer deg bak og skal ta nytt åretak. Ein slik båt er ikkje god å ro.
Korstroll: Ja, det er det same som no oftast blir kalla sjøstjerne. Dei ligg på botnen og er ei plage for linefiskarane for di dei legg seg over agna og et dei opp, så på den ongelen kjem det ingen fisk.
Krape: Fryse, ta til å fryse. Når det har kome tynn is på søyler og smådammar, seier vi at det har krapa over i natt. På Austlandet heiter det krave.
Kregdå: Gammalt namn på barnesjukdommen meslingar. No sjeldan fordi dei aller fleste barn blir vaksinerte mot kregdå, og dermed blir immune på livstid.
Krisnabanj: Eit barn som skal døypast, eller blir døypt eller nyleg er døypt, kalla dei ofte eit krisnabanj, eit barn som blir eller nyleg er blitt kristna, dvs. gjort til ein kristen i dåpen. No seier vi helst dåpsbarn.
Krubbe: Ei krubbe var ein slags kjelke som vi ofte brukte før. Den var helst heimelaga. Ja, det var spenning og moro når vi susa ned bakkane på ei krubbe. Stundom køyrde vi i grøfta, men det var berre moro det òg.
Krøbelt: Krøbelt er om lag det same som trangt, vanskeleg framkomeleg. Ein stad der det er vondt å kome fram, så som i eit overfylt rom, der seier vi at det er krøbelt.
Krøppong: ‒ eller meir normalisert kroppung ‒ er vårt lokale namn på småtorsk. Folk frå andre landsdelar kjenner ofte ikkje ordet. Vi snakkar om småkrøppong, storkrøppong og raudkrøppong. Det er alt saman god mat.
Kråle: Kråle tyder her ikkje å symje på ein viss måte («crawle»), men å kave, streve med noko tungvint og vanskeleg. «Ka du kråla me?» spør vi når nokon kavar og strevar med tungt arbeid. «Stakkar, kor du krålar!»
Kure skyming: Når det leid mot kvelden og det ikkje lenger var lyst nok til å gjere arbeid i huset, men likevel for tidleg til å tenne (parafin)lampen, tok dei seg gjerne ei lita ykt og berre kvilde, slappa av, prata litt eller let att augene ‒ «dubba». Det kalla dei å kure skyming.
Kvitbær: Når det blæs såpass at bårene på sjøen får kvite skumtoppar på seg, seier vi at «han er kvitbære». Det betyr «kvite bårer». Når det er kuling, blir gjerne heile fjorden kvitbær.
Kvitebikkje: Det kvite i auga kallast stundom for kvitebikkje. «Ho himla med auga, så du såg berre kvitebikkjene på henne.»
Kylne: Ordet kylne har eg ikkje høyrt brukt, berre fått det fortalt. Ei kylne var eit lite hus der dei tørka korn og malt, gjerne ved å fyre under med ved. Der er mur-restar etter ei kylne i fjøra nedanfor den gamle skulen sørom Sula. Dei kalla det også berre for tørkehus.
Kyrmelse: Stundom sa folk at dei fekk ein kyrmelse eller at dei hadde ein kyrmelse, det vil seie det same som vi dag kallar eit illebefinnande. Det kunne vere litt ugreie med magen eller litt trykk for brystet. Somme sa forresten gyrmelse, og Ivar Aasen nemner verbet å kyrmast. Det kan eg ikkje hugse å ha høyrt her på Sula.
Køks: Det ordet høyrde eg før om ei vass-ause, gjerne ei slik som dei drakk vatn av frå ei bytte. Eg lurer på om det ikkje helst var fiskarar og sjøfolk som brukte å kalle ei ause for ei køks.
Kølbot: På baksida av kneet har mange ei litt mørkare bot, kanskje litt blåleg. Dette kalla dei kølbota. Andre stader sa dei kalbot, kalvbot eller kalebot. Det heng saman med eit gammalt ord, (ein) kalve, som tyder baksida av leggane.
Kønnjbonden: (-bunden, uttalt –bonden). Ja, det sa vi før om eit kornnek. «Kønnj» for korn og «bonden» for knippe eller bunt, det vert «kønnjbonden». Andre stader seier dei «bundel» eller «bundan».
Lappegro: Det kallar vi dei små svarte froskeegga som ligg i ei sjelé-aktig masse i grunne dammar og pøyter. Solvarmen klekkjer dei ut til rumpetroll som blir til vaksne lappar (froskar). Somme kallar også sjølve lappen (frosken) for lappegro.
Laukjer: Meir korrekt: lauvkjerv. Før trea miste blada om hausten, pla vi laue, dvs skjere lauvrike kvister av bjørk, rogn eller andre lauvtre, bunte kvistane saman og tørke dei. Når vinteren kom, hengde vi laukjera inn til sauene så dei fekk seg ein godbit av grønt. Det var godt attåtfor til dyra.
Lausreipa: Når du går utan reip (tau eller selar), dvs utan noko å bere på ryggen eller i hendene, då går du lausreipa.
Live: Det betyr å verne, dekkje, helst mot vind. Skogen liver for vinden. Der er verhardt, ingen ting som liver.
Lugom: Ein lugom stad er ein velskikka, høveleg stad. «Der er så lugomt»: Der er så godt, lunt, fint.
Lyse: Lyse kan bety fleire ting. Her tar vi med tydinga tran av fiskelever, som før i tida blei brukt til olje på dei primitive lampane dei kalla kole. Derfor fekk tran til dette bruk namnet lyse. Eg hugsar forresten at dei smurde feittlersko med lyse, slik at dei skulle halde seg mjuke og tette.
Lysing: Lysing er eit anna namn på fisken kolkjeft. Når vi fekk ein slik fisk, kalla far han alltid for lysing. Namnet kolkjeft kan eg ikkje hugse. Lysing er ein rovfisk og ein djupvassfisk. Somme lagar fin fiskemat av lysingen, andre held han for ein «ufisk» og kastar han ut att.
Læke: Læke er eit ord for mildvêr. Det blir brukt om vêret når det skifter frå kulde til nokre varmegrader, slik at snø og is tar til å tine og det begynner å drype frå taket og snøen blir kram. Då seier vi at det er læke.
Løk: Her tenkjer eg på ei lita elv eller ein bekk, helst ein som renn stilt og gjerne er litt djup. I Langevåg har vi garden Løken (Løkegarden), og der renn ein slik still og djup bekk utetter heile Djupdalen. Men no er denne løken (Løk-elva) lagd i røyr.
Løssukker: Ja, det sa vi før når vi meinte farin. Det betydde vel sukker i «løs vekt». Skulle vi kjøpe løssukker, tok butikkdama sukkeret med ei skuffel frå ei skuffe i disken og hadde det opp i ein pose som ho sette på vekta, og laga såleis til det vi skulle ha.
Lån: Ei bygning, eit hus, gjerne eit stort, toetasjes hus ‒ hovudbygninga i eit tun. I Langevåg hugsar nok mange Grå-låna, der ein del fabrikkjenter budde.
Marka-ta: Ta (tad) er eit gammalt ord for gjødsel, naturgjødsel. Når slik gjødsel vart breidd utover markene, kallast det marka-ta. Det var best å ha utover i regnvêr, markata-vêr. Seinare vart det gjerne smuldra med ei spesiell horv.
Mataså: Ei så er ein liten porsjon, helst av mat. «Vi fekk oss ei mataså.» ‒ «Han hadde ikkje smakt ei så heile dagen.» Ivar Aasen nemner også mjølså og brødså.
Maule: Maule er å ete noko ublanda med annan mat, å ete mat av berre eitt slag. «Han sit og maular småsei.»
Mekragauk: Dette er eit gammalt namn på fuglen enkeltbekkasin, som vi kan høyre i stille vårkveldar. Han er ein vadefugl og held seg gjerne over myrar og våtlendt mark. Han lagar ein mekrande lyd med fjørene i vølet (sjå dette). Kallast også «jordgeit», «skoddefole» o.a.
Melder: Når dei arbeidde i kvernhusa ved elvane på Sula, snakka dei gjerne om melder. Namnet blei brukt både om kornet som skulle malast på kverna og om mjølet som dei fekk derifrå.
Menna: Fleirtal av ordet morgon vart før kalla «menna». «Kalde menna», sa han svigerfar når han kom ut og stod og kulsa om morgonen. Og så var det kona som kom for seint på arbeid fordi ho – som ho sa – var så glad i å ligge «med mennå».
Minnete: Dette ordet er laga av mid-nettes, altså midnatt, og betyr ca. klokka 12 om natta. Dei snakka om før og etter minnete. «Han kom ikkje heim før lenge etter minnete.»
Molde eller mylde: Å strø mold på noko, t.d. på snøen slik at han skal tine fortare om våren. Og så sa vi at hønene «molda seg» når dei låg i laus og tørr mold og sparka molda opp mellom fjørene. Ei slags reinsing, trur eg. Dei rista av seg molda etterpå.
Mond: Mond (eller mund) er eit ord som betyr tid eller tidspunkt, t.d. fiskemond, dvs. rette tida for å fiske. «No er det godt mond» seier fiskaren, og meiner at no er det den tida fisken bit. Eller det kan vere tid til å stå opp, jamfør salmeverset «I morgonstund ved uppstadmund eg vil min skapar lova». Når farmor mi kom og vekte meg om morgonen, pla ho seie: «No, Sigmund, no er det oppstadmond.» Andre døme er matamond og kvilemond.
Mostemann: I staden for onkel og tante sa dei før mostemann, fastemann, moster og faster. Mostemann er samansett av morsystermann, altså mannen til mor si syster. Sameleis var det med farbror og farbrorkone.
Mue: Ei mue er ei stor mengde, ein dunge, t.d. ei høy-mue, høy som ligg i dunge. Når kastenota var dregen inn att i notbåten, låg ho gjerne i ei mue. Dei kunne òg seie at dei skulle mue i hop høyet, dvs rake det saman i dungar.
Myrbær: Vi sa ikkje molte før i tida, vi sa myrbær. Her er ikkje så mykje myrbær på Sula, og det vesle vi plukkar på myrane på fjellet, kallar vi no molte. Men altså: myrbær!
Møreld: Møreld var den lokale uttalen av ordet moreld, som er lysglimt ein ser i sjøen i mørke kveldar frå båretoppar eller åreslag når ein ror. Det er små sjølvlysande organismar som lagar mørelden. Vi ser han helst om hausten.
Møtt: Små insekt som gnagar hol i tre, kallar vi møtt. Treet blir møtt-ete, fullt av møtte-hol, og framfor hola ligg det gjerne ein del møtte-mjøl.
Naglebet: Naglebet har vi når vi frys slik på fingrane at det gjer vondt, særleg ved neglane og neglerøtene. Neglesprett seier dei somme stader. Og nagle-frost.
Nasefiskje: Å få god fangst første gongen ein nyttar ei line, eit garn eller anna vegn, vart sett på som eit mindre bra teikn. Dei kalla det nasefiskje, og dei venta då helst mindre god fangst på den vegna seinare.
Natavise: Dei fine, hengande raklane som hasselbuskar har om våren, legg vi godt merke til. Det er treet sine hannblomstrar. Hoblomstrane derimot er verre å få auge på. Det er dei små raude arra (mjølfangarane) som stikk ut av enden på nokre av knuppane, og det er dei det blir neter (nøtter) av. Dei viser kvar det blir neter, derfor namnet natavise.
Nister: Nister har med vêret å gjere, og blei brukt før om disig luft, slik ho kan bli på varme dagar. Ivar Aasen forklarer det med «synlig Damp i Luften», og han kjenner det berre frå Sunnmøre og Nordmøre. Eg kan hugse at eldre folk her på Sula sa til dømes: «Det er bra ver i dag, men her er litt mykje nister.» No for tida seier vi vel helst dis eller disme om det dei før kalla nister.
Nøv: Ei nøv er det same som eit hjørne på eit hus. Vel å merke på utsida. Inne heiter det ei krå. «Han gjekk utom nøva.» – «Dei gøymde seg attom nøvinje.» I skogen ovanfor Mauseid er ein stad vi kallar Nøva, der gjer vegen ein krapp sving.
Nåretle: Dette var det lokale namnet på sjukdomen helveteseld. I folkemedisinen trudde dei at «nåretlegras» kunne hjelpe mot denne sjukdomen. Nåretlegras er den planten som heiter linnea. Stilken veks krypande gjennom lyngen og kan bli meterlang og meir, slik at den som hadde nåretla kunne vikle han rundt kroppen. Helveteseld kan som kjent også breie seg rundt heile kroppen.
Obye: Ei obye er eit skadeverk, ei øydelegging, gjerne gjort uvilja eller lite varsamt. Det er visst ofte barn som kjem i skade for å gjere obyer.
Otrongsmål: Å gjere noko i otrongsmål er å gjere det utan at det var nødvendig, å gjere det på måfå, vekkasta. «Du treng ikkje kave med ditta i otrongsmål!»
Oveien (uveien): Når noko er tungt å handtere, vanskeleg å få med seg, hektar seg fast, når vi klussar og plagast med det, seier vi gjerne at det er oveie.
Ovøren (uvyrden): Uforsiktig, likesæl, aktlaus. «Han var så ovøren, gjorde mykje feil og gale.»
Pas: Tett kratt av småskog, gjerne blanda skog, vanskeleg å kome fram i. I utmarka kan det t.d. vere mykje «einepas», ja, store delar kan vere berre «pasmark».
Prest: Før i tida var det ikkje uvanleg at folk brukte ei tom appelsinkasse som møbel, helst ei av dei store som var delte i tre bur. Ståande på høgkant vart kassa då som ein reol med to eller tre hyller, høveleg til å legge kle i, sengety, handdukar o.a. Framføre hadde dei eit forheng, og på toppen ein liten duk og eitkvart til pynt. Dette møbelet kalla dei ein prest. Ja, det er mange slags prestar!
Pussentur: Skal vi kalle det «helsemessig tilstand» eller liknande? «Han er ikkje heilt i pussentur»: Han er ikkje heilt i form, ikkje heilt frisk.
Pøkå: Pøkå er eit ord for sjukdommen koppar, men her «sette vi på oss pøkå» når vi vaksinerte oss mot koppar. Det var obligatorisk i gamle dagar. Ein måtte søkje om å bli konfirmert viss ein ikkje hadde sett på seg pøkå.
Pøyte: Ei pøyte er ein liten dam, gjerne på vegen eller marka, om lag det same som ei søyle. Ofte full av grus eller mold. Pøytene kjem gjerne i regnvêr og tørkar vekk når det vert opphald.
Påtre-kjerring: Ei ”påtre-kjerring” var ei kjerring som kunne seg med å kurere sjukdom på folk eller dyr, verk, svollar o.a. ‒ gjerne med ymse urtemedisin, for ikkje å seie med trolldomskunst. Var det ein mann som dreiv med slikt, vart han kalla påtrekall.
Rabb: Ein rabb er ein haug eller jordrygg, gjerne steinete og med lite vegetasjon. Vi har fleire slike rabbar på Sula, og vi har ordet i stadnamn som Rabbeneset og Rabbevegen, og på hi sida av Vegsundet har vi Rabbevågen.
Rabbe: Rabbe er vårt gamle ord for kålrot, eller kålrabi, som vi òg kallar denne grønsaka. Ein rabbereit var åkeren der dei dyrka rabbe, av den kunne vi t.d. lage rabbestappe.
Reine: Ei reine er ein bakkekant eller ein åkrekant, gjerne tilgrodd med gras. Ligg potetåkeren i ein bakke, flytter molda seg med tida nedover, slik at det blir ei åkre-reine nedst. Då må ein «køyre opp att reina»: Ein spar molda frå reina opp i moldkjerra og køyrer henne opp att i øvste åkrekanten. Vi har ordet reine også i stadnamn, jamfør Reinane ovanfor Vonhytta.
Reist/å reiste: Dei små skjela utanpå fisken kallast reist. Silda har store reist, andre fiskar har små. Når vi skrapar reista av fisken med ein kniv, seier vi at vi reistar han.
Reit: Ein reit er ein liten åker, ein potetreit, ein nepereit o.a. Det er ikkje uvanleg å finne ordet reit i gardsnamn. Her på Sula har vi t.d. Reite og Reitehaug.
Rem: Ei rem er ein langstrekt jordrygg eller bakkekant. Vi har ordet i gardsnamnet Rema i Mauseidvåg, Vågnesrema og Remane i Langevåg. Stadnamn som Remme o.a. kjem òg av ordet rem.
Riggesnor: No heiter det disse, og barna har mykje moro av dei i parkane. Før var det i riggesnora vi sat på ei fjøl og svinga fram og tilbake.
Ripp: Ein ripp er eit kort tidsrom, t.d. ei ruskeversrid om våren, som blir kalla «erlerippen», visstnok fordi erla kjem att frå varmare land nett då. Ein kortvarig sjukdom kan og kallast ein ripp (ein forkjølingsripp).
Romfræk: Når noko eller nokon tar eller treng stor plass, seier vi at tingen er romfræk, eller at ho eller han er romfræk. Då meiner vi gjerne «altfor tjukk». «Voluminøs» skriv Ivar Aasen. Ikkje særleg smigrande å høyre om seg sjølv, vil eg tru!
Rongje: Ein rongje er ein jordrygg, høgare enn ein barde, men lågare enn ein ås. Ein rongje kan gå tvert over ei flate og dele ho i to. Her på Sula har vi gardsnamnet Rongane, og vi har ein norsk forfattar som heiter Bjørn Rongen.
Rue: Vi har orda kurue og makkerue. Kurue er kuskit. Makkerue er ekskrement av fjøremakken. Vi finn makkeruer i langgrunn sand- og leirefjøre når det er lågvatn, men når floa kjem, vaskar ho dei vekk. Før spadde vi fjøremakk til lineagn. Der vi såg ei makkerue, sette vi ned greipa og spadde opp makken.
Ryr: Vi brukar ordet om noko som minkar fort, som er snøgt oppbrukt eller er kortvarig. Mat kan vere ryr, og pengar ryre.
Ryskje: Å rive opp gras, lyng o.a. heitte å ryskje det opp. Eit slags breiblada gras som vart brukt til naudfor i vårknipa (frytle eller på latin luzula), brukte dei å ryskje opp, og graset vart derfor også kalla ryskje. «Å rive ryskje» var å rive opp slikt gras til kyrne. Det veks mykje av det på Sula. Ungane et nedste stilken av det og kallar det «indianarmat».
Rø: Skinnet på fisk kallar vi også rø. Fiskerø, hyserø osb. «Det er seigt rø på steinbiten.» Om ein svært skrinn fisk kunne dei seie: «Det er berre rø og ryggje».
Røgge: Det kallast det når dei reinskar fisk som skal bli til klippfisk for «svartehinne» og anna. Dei som tok mot fisk til tørking på vorar, berg og hjellar, hadde eit stort arbeid med å vaske og røgge fisken.
Røyte: Ordet kan ha fleire tydingar. Her tar vi med å røyte fisk, dvs rive skinnet av fisk. Vi seier òg at dyr røyter, og då meiner vi at dei misser hår, slik som t.d. kattar og hundar gjer.
Råm: Råm tyder det same som hås, altså sår i halsen slik at stemma blir uklår. «Eg er så råm»: Eg er hås, har sår hals.
Rås: Ei rås er det same som ein sti, laga av folk eller dyr som går der ofte. Vi snakkar om ei sauerås, ei hjorterås, ei sætrerås. Her i Langevåg har vi Råsa som vegnamn. Det var opprinneleg Fylling-folket si rås når dei skulle til og frå torvmyrane sine ved Vassetvatnet.
Selje flesk: Når ei jente eller kvinne var kledd slik at underskjørtet synte nedanfor kjolen eller skjørtet, sa dei gjerne at ho selde flesk. (Men korleis i all verda har eit slikt uttrykk blitt til?)
Sengjamat: Når ei kvinne hadde fått eit barn, møtte (helst kvinnelege) slektningar og grannar opp med eit godt og nærande matamål til henne. Det kunne vere alt frå rømmegraut til blautkake. Ho fekk det på senga, og derfor vart det kalla sengjamat.
Signe: God, gammal helsing når ein møtest ved ymse høve: Signe arbeidet, signe kvila, signe strevet osv. «Signe maten!» seier vel så mykje som vårt «vel bekomme», som få veit tydinga av.
Sikle: Når ungane slevar, seier vi helst at dei siklar. Ei sikle kan og vere ein liten bekk eller ei lita veite, ei å eller ei lita elv, ei slik som det renn vatn i berre av og til. «Det kjem ei grova-sikle ned gjennom dalen.»
Sjekte: No tenkjer du vel på ein båt, og det er ei sjekte. Men vi har det òg som verb: å sjekte. Det er å gå i lag og halde hendene krøkte i kvarandre, helst par om par. «Dei gjekk og sjekta heile vegen.»
Sjyvje: Det sa dei om gutane når dei gjekk etter jentene i fine vår- og sommarkveldar. Ein flokk jenter fremst og ein flokk gutar etter. Skjemtande og dristige bemerkningar frå dei bakarste, knising og småprat frå dei fremste. Ja, då var gutane ute på sjyvjing.
Skat: Skat er dei tynnaste greinene eller kvistane på eit tre. Vi snakkar om fureskat, granskat, bjørkeskat og anna. Det er for tynt til å brukast til ved.
Skjedde: Du må helst til museet for å få sjå ei skjedde i dag. Det er ein reiskap til å slå kornet ut av aksa i kornbandet med. Skjedda var av tre, laga som eit sverd, og med mange hakk i «egga». Dei heldt aksa i eine handa og slo med skjedda med den andre. Det var før dei tok til å treskje med treskjemaskin.
Skjellje: Skjellja var (og er) ein kald og sur vind – av styrke som ein frisk bris eller liten kuling. Her hos oss var særleg austa-skjellja dårleg likt. Ho kjølte av lufta og tørka opp marka. Å skjellje er vel også eit uttrykk for kaldt og surt munnbruk.
Skjene: Skjene seier vi at kyrne gjer når dei på varme dagar blir plaga av fluger og klegg. Då tar dei til å springe omkring til dei finn ein stad med skugge eller vind. Der stoggar dei og står, og då seier vi at dei står «i skjenstø». Vi har ordet i nokre stadnamn: Skinstadreset inst i Brusdalen er opphavleg «Skjenstø-reset». Her på Sula har vi Skjenstøhamrane i Mauseidvågskogane og Skjenhammaren med Skjenhammarsdalen aust for Gamlestølen.
Skjære: Ei skjære var det same som ei saks, helst ei litt stor saks. «Fli meg skjæra,» sa han bestefar, og meinte den som han klipte grovt tøy med.
Skogavakset: Når du kjem så høgt til fjells at det ikkje veks skog lenger opp, er du i (øvste) skogavakset. Det vert òg kalla skoggrensa. Skogavakset kan ha ulik høgd over havet alt etter kva stad ein er i landet.
Skot: Her tar vi med ordet skot i tydinga «langt, smalt tilbygg» til ei løe eller annan bygning. Skotet vert brukt til å ha høy i, eller torv eller ved eller ymse slags reiskap. Det har gjerne grisne vegger, slik at det som er inni, skal tørke eller halde seg tørt. Skøt (med ø) seier dei gjerne her.
Skotung: Det kallar vi ein skybanke langt ute i horisonten. Han varslar gjerne vind og ruskevêr.
Skyle: Eit skyle er eit rom under ei løe eller anna uthus, ope på eine sida. Ordet heng saman med å skjule, altså gøyme, og i eit skyle stikk ein vekk ved, hesjestaur, sledar og vogner o.a.
Slenter: Slenter var og er det lokale namnet på dyret oter, eit namn som no er meir vanleg. Dei snakka m.a. om eit slenterskinn og om ei slentredrog. Det sistnemnde var faret eller sporet der slenteren hadde gått. Han har så korte føter at han dreg magen ned i graset, så der vert som ei fòr eller grop etter han, altså ei slentredrog.
Slå flakje: Slå flakje gjer vi når vi frys på fingrane. Då slår vi hendene bakom skuldrane i harde slag for å få fingrane varme. I torskefiskja i Borgundfjorden såg eg ofte folk som stod i båtane og slo flakje.
Sopling: Dette er vårt lokale ord for sopelime, altså ein slags kost laga av bjørkeris. Heimelaga og billeg, og grei til å koste snø av vegar og trapper, sko og klede, og til å sope framfor dørene med. No er vel soplingen utkonkurrert av piassavakosten.
Spann: Eit lengdemål som no sjeldan er brukt. Det er lengda mellom tommelfinger og langfinger når dei er utstrekte. Dette kalla dei ei langspann. Det var om lag tredjedelen av ei alen. Lengda mellom tommelen og peikefingeren var ei stuttspann.
Speis: Ei speis er ei tregrein eller ei troe til å slå med. Helst brukt til å slå og jage krøter. Ivar Aasen trur det heng saman med ordet spissrot – viss du veit kva det er «å springe spissrot».
Spjør: Dette er det gamle namnet på finnar eller uggar på fisk. Vi snakkar om ryggspjør, bukspjør, brystspjør og halespjør (spord) på torsk.
Spøe: Ja, det minner om ei spade. Ei torvspøe er ei slags spade til å spa torv med. Ei lefsespøe er smal og tynn og blir brukt til å leggje lefser og flatbrød på bakstehella (takka), snu dei og ta dei av att.
Spøte: Å spøte er eit anna ord for å strikke. Ei spøte er ein strikkepinne, og eit spøt er eit strikketøy. Dette ordet er vel om lag heilt ute av bruk no.
Staup: Eit staup kan vere eit drikkekar (beger), og det kan vere ei slaghole i vegen. Hos oss har det og vore brukt om ein dam eller eit lite vatn, og vi har det i namnet på ei tjørn ved Raudåvatnet. Den heiter Raudåstaupet. Vi har også Staupet ved Steinelva.
Stekkje: Ein avgrensa golvplass med høge vegger til å ha dyr inni. Ein kalvestekkje, ein grisestekkje. Lam og kje hadde dei gjerne i stekkjer.
Stikkedåse: Før sa vi ofte stikkedåse når vi meinte fyrstikkøskje. Det var det vanlege ordet for denne tingen, og det som var nedi, kalla vi berre stikker, ikkje fyrstikker.
Stjernerap: Ja, det sa vi før om det som vi no kallar stjerneskudd. Vi ser det i mørke, stjerneklåre kveldar som lysande striper på nattehimmelen. No legg vi lite merke til stjernerapa fordi vi har så mykje gatelys og utelampar rundt oss.
Stål: Her tenkjer vi ikkje på metallet stål, men på ei tett samanpakka masse, t.d. eit makrellstål (dvs ein tett stim) eller eit høystål (det hardt samanpakka høyet i løa).
Svartestille: Når sjøen eller vatnet er heilt stilt og blankt, og berre fjell og skog lagar svarte speglingar nedi, då seier vi at det er svartestille. Det er ei fin stemning. (Verre er det når vi kallar ein fåmælt person, ein som nesten ikkje snakkar, for ei svartestille!)
Sæte: Å sæte kan bety å rake saman høy i såter slik at det ikkje skal bli vått når det regnar eller er doggfall om natta.
Ta var! Det ropar vi til nokon når vi vil dei skal passe seg, vere varsame. Det er vel kome av å ta vare på.
Tausakjæring: Ei tausakjæring var ei eldre, ugift kvinne. Ho vart verande «taus» endå ho etter alderen var ei eldre kjerring. Om lag det same tydde ordet peparmøy. No er det så mange ugifte kvinner, t.d. sambuarar, at vi ikkje lenger kaller dei verken tausakjæring eller peparmøy.
Telegløp: Når det øvste laget av den telefrosne jorda tar til å tine, blir dette laget gjerne blautt og vått fordi væta ikkje får sige ned. Dette merkast særleg på vegane, og før var vi ofte plaga av dette blaute øvste laget. Bilar sokk nedi og køyrde seg fast. Teleløysing blir det òg kalla.
Tindetre: Vike-Karl, hugsar eg, gjekk og selde tindetre. Det var avberkte kvistar av bjørk eller rogn som folk brukte når dei skulle setje nye tindar i ei rive. Han selde tindetre i buntar med 10–12 kvistar i kvar. Dei var vel ei 30–40 cm lange.
Torvol: Ein torvol er ein stokk som ligg på langs etter nedste kanten på eit torvtak, slik at ikkje torvet skal gli ned. Ordet betyr då også «torvhald». Torvolen vart halden på plass av torvolskrokar som var festa i sperrene på huset. I gamle dagar var desse krokane av eine, seinare vart dei laga av jarn.
Trebole: Ei trebole er ei blemme inni handa, gjerne fylt med væske som renn ut viss det går hol på bola. Vi får treboler i hendene når vi arbeider utan trening med trereiskap, rakar med rive, ror ein færing der årene er av tre, og anna.
Trena: Ei kålrabi kan bli trena, dvs treaktig og hard i midten. Då har ho som regel tapt seg, og er ikkje så god lenger.
Troe: Ei troe er ei tynn stang, ei kastetroe eller ei hesjatroe. Somme bruker ei bambustroe når dei fiskar.
Trongsteg: Når vi er i ein situasjon der vi korkje kjem fram eller tilbake, seier vi at vi er i trongsteg. Då er vi i ei lei knipe.
Trutne: Å trutne er å hovne opp, t.d. i kjaken når vi har tannverk, eller på handa rundt ein svoll. Vi seier og at treverk trutnar når det blir vått. Stundom lét vi ein færing ligge nedsøkkt i sjøen for at suene (bordskøytane) skulle trutne slik at båten vart tett. Det same gjorde vi med trekjerald som bytter o.a.
Træl: Ein træl kan vere ein slave, det kan vere ein knute i huda etter hardt slit og arbeid, men det kan og vere ein flottør på fiskevegn. Ein slik træl var gjerne laga av fire garnkuler samanbundne, eller dei var bygde inn i ei lita grind av tre. Trælen stod og streva for å halde seg flytande, han stod og «træla».
Ty: Om lag det same som tam, eller blid, venleg, ikkje redd. Fuglen er ty, hesten er ikkje heilt ty.
Tykkjen: Ein person som hadde blitt fornærma eller skuffa, var tykkjen. Han var sur, irritabel eller fåmælt og still – med andre ord tykkjen.
Tynnaknute: Dette var det lokale ordet for det vi no kallar «virvelvind». Du kunne sjå små tynnaknutar fare bortover marka og ta med seg gras og lauv til vers. Store, kraftige kvervelvindar kallast syklonar eller taifunar.
Tæv: Tæv bruker vi om sterk, vond lukt. «Fy for ein tæv!» seier vi når det luktar rett ille.
Tærre: Når det er slikt vêr at høyet tørkar, er det høytærre. Det kan og vere kletærre, då tørkar klevasken. Tærre betyr tørrvêr. «Ingen ting veks i denne tærra.»
Ufsedrope: Ufs er eit anna namn for takskjegg, nedste kanten av taket. Når det regnar, eller når snø på taket tinar, dryp det frå ufsa, gjerne store dropar. Dei kallar vi ufsedropar.
Urkjer: Eit urkjer, kva er no det? Jau, i min barndom sa vi «Der er eit urkjer» når vi såg ein kråkebolle på sjøbotnen, eller eit sjøpinnsvin, som det også blir kalla. Tre namn på same tingen! Og det finst visst fleire andre namn på det òg. Det skal vere god mat i dei.
Urte: Det er eit gammalt ord for jorte eller tygge drøv. Når kyrne om kvelden ligg og tygg maten for andre gong (jortar, tygg drøv), då urtar dei.
Utrøne: Den svale vinden som kjem inn frå havet utpå dagen om sommaren, kallar vi utrøne. Når lufta innover land blir oppvarma av sola, stig ho til vers, og svalare luft strøymer inn frå havet i form av utrøne. Solgangsvind kallast denne vinden også. Han spaknar gjerne av til kvelden igjen.
Vabein: Ein vabein var ein liten rull som ein festa på båtripa til å dra snøret over, slik at snøret ikkje skulle bli slite eller ripa få merke eller hakk etter det. Først var vabeinen verkeleg eit bein som dei drog vadet (snøret) over, derav namnet. (I ordlista står «eit vadbein».)
Vage: Ein vage (vagje, vaje) er ein kort slede som dei brukte til å drage tømmerstokkar på. Stokken blei lagd med tjukkenden på vagen og dratt ned frå skogen av hesten. Stundom hadde dei ein vage under bakre enden av stokken også. Då vart den fremste vagen kalla «bukken» og den bakarste «geita». Ein slik slede vart også kalla stytting.
Vake: Vi veit kva det er å vake. Men også fisk kan vake, dvs. han kjem opp i vasskorpa og lagar litt «ibbel» (uro) eller hoppar litt opp i lufta. Ser vi ringar i vatnet etter ein fisk som vaker, kallar vi det eit vak.
Vande: Å vande er om lag det same som å vrake, å ikkje ville ha. Å vande maten er å avslå eller seie nei til maten, kanskje fordi ein ikkje likar han. Ein som ofte vandar mat eller som vandar mykje mat, kallar vi stundom litt forakteleg «ei vanderau».
Vandelaus: Det er det same som lett, ikkje vanskeleg å få til. («Laus frå vande, utan vanske».)
Vassgjæser: Vassgjæser finst i dei fleste vatn på Sula. No kallast dei helst vassliljer. Det er dei største viltveksande blomstrane i Noreg, kanskje også dei som har flest namn: Nøkkerose, kjønnbrur, åkande, klåblom og mange, mange fleire.
Vêrbrest: Eit lyn langt borte. Vi ser vêrbrestane, men høyrer ikkje tora. Det er eit teikn på at vêret vil forandre seg («breste»). Det kallast også kornmo.
Vett: Egg av spyfluge eller fiskefluge, som somme kallar ho. Ho legg dei kvite egga sine på fisk, helst fersk fisk. Ut av egga kjem små åmer som seinare utviklar seg til nye fluger. Fisk med vett på seg er ikkje særleg appetittleg.
Vindkjegle: Det er det same som ein no kallar vindmølle, små leiker som surrar og går i vinden. Vi kjøper dei, men før laga ungane seg vindkjegler sjølve.
Vokstra-al: Dette skriv Ivar Aasen som «vokster-hald». Al er halvemål for hald. Vokstra-al er hald eller sting i sida som somme er plaga med i oppveksten.
Vondel: Ein vondel var ein porsjon høy, tillaga som ein ball, og høveleg til eit måltid åt kua. Dei vondla, dvs laga til vondlar frå høystålet i djupebroten i løa, bar dei inn i fjøsen og la ein vondel i båsen til kvar ku.
Vøe: Når ein stim eller eit stål med sild, makrell eller sei sym så høgt i sjøen at det viser småbårer (ibbel) av dei på vassflata, kallar dei det gjerne ei vøe (sildevøe, seivøe). Fisk i vøa hoppar gjerne eller sprett, han vød, derav namnet vøe.
Vøg: Skal vel helst skrivast våg, men i dialekten her sa dei vøg. Det er ei stang til å løfte eller bryte opp stein med. For å få betre og sterkare tak la dei eitkvart under vøga tett framfor steinen som skulle løftast. Det kalla dei vøgamat.
Vøle: Ja, å vøle kan bety å reparere, men eit vøle (skal vel helst skrivast vele) er det same som stjerten på ein fugl, t.d. ei høne. Erla vippar med vølet sitt.
Vør: Med ordet vør (vor) tenkjer vi her på dei steinplattingane folk laga langsmed sjøkanten til å tørke fisk på. Eller ei steinbrygge ved sida av båtstøa. Dette er vørar laga av folk. Ute i naturen finst og vørar. Det er det same som morener etter isbrear.
Våe: Når notlaget i Mauseidvåg hadde fått nota rundt ein sildestim attmed land, var neste steg å våe nota. Det vil seie å dra henne inn i fjøra slik at det vart berre ein pose igjen uti sjøen, og i den posen var fangsten.
Våg: Våg er eit gammalt ord for materie, slikt som kjem ut av ein svoll. I ein stor og stygg svoll samlar materien seg i ein klump, og det kalla dei vågmor.
Vårgjæle: Eldre lesarar hugsar kanskje ordet vårgjæle. Det ordet brukte vi før om fregner. «Han er så vårgjælette», sa dei om ein som hadde mykje fregner.
Wittenberger-brød: Om du kom inn på ein butikk i dag og bad om eit Wittenbergerbrød, så ville vel butikkdama neppe forstå deg. Men då eg var gutunge, sa vi berre Wittenbergerbrød på Ringstadbutikken i Mauseidvåg, og kva fekk vi då? Jau, ein loff! Wittenbergerbrød var det finaste brødet, og det var det same som vi i dag kallar loff.
Ykt: Ei ykt er eit lite tidsrom, kortare eller lengre, t.d. eit avbrot i arbeidet til å kvile eller ete: Ei matykt, ei middagsykt, ei kveldsykt.
Øklakul: Øklakulen er kulen vi har på utsida av ankelen. Okle er det same som ankel, og i vår dialekt blir o ofte til ø, altså økle og øklakul.
Øl: Nei, denne gongen er øl noko anna enn det vi drikk, nemleg eit ord for varme. Før skreiv dei yl, og uttalte det med ein såkalla open y, som lydde mest som ein ø. Øl blei brukt om mild eller svakt varm luft. Eg høyrde det i min barndom i Mauseidvåg. «Få opp ølen, sa dei, og meinte at ein til dømes måtte få varmen i omnen.
Å: Ei å trur eg har vore brukt om ei elv i gamle dagar. Bunden form er åna. Teikn på dette er nokre gamle elvenamn her på Sula: Raudåna, Tverråna, Eitråna, Meiåna.
Å sakne verda: Å sakne verda er eit uttrykk for å duppe eller dubbe, ta seg ein liten lur, sovne ein augneblink. Somme sa då at dei sakna verda. Eit anna uttrykk for det same var «å dette utu».
Åfallrengje: Når vi set tette i mjølk, slik at ho surnar etter ein dag eller to og får eit lag med rømme oppå, kalla vi dette for åfallrengje. Det vert og kalla rømmekolle, men no seier vi helst rømmeringe.
Åfått: «Det er alltid noko åfått!»: Det er alltid noko som vantar, noko som ikkje er i orden, noko å bere seg for.
Åkome: Åkome er det same som oppkome, altså vatn som kjem opp av jorda etter å ha sige gjennom bergsprekker, sand o.a. Åkome-vatn er som regel reint og fint vatn. Olavskjelda i Vegsundet er ei åkome, sameleis kjelda på Kalvestad, og sjølvsagt mange andre.
Åkua: Det som er åkua, er gjerne tjukkast eller høgast på midten, t.d. ei lupe eller eit brennglas. konvekst seier vi òg at det er.
Ål: Ål, det er ein fisk, ja vel, men det kan òg vere spiren eller groen på ei potet. Når potetene får ålar om våren, plar vi «åle» dei som skal brukast til mat og ikkje til setjepoteter. Djupaste renna i ei elv eller eit sund kalla dei djup-ålen. Kanskje er det derav vi har namnet Ålesundet?
Åleten: Åleten er ein som et alt. Geita seiest å vere åleten, ho et alt frå gamle sko til skråtobakk. Eit menneska kan vel og vere ålete. Somme stader betyr visst åleten det same som å vere snareten. «Denne maten var snareten.»
Åralom: Den enden av ei år som vi held i med handa når vi ror, kaller vi åralomen.
Årette: Eit årette er ein kile av hardt tre eller helst av jarn. Det vert brukt til å slå ned i enden på eit økse- eller hammarskaft, slik at øksa eller hammaren sit fastare på skaftet. Også brukt som verb: Å årette eit skaft er å setje årettet ned i skaftet.
Åttafære: Heng saman med verbet å fare åt, dvs gjere, stelle seg, gjerne på litt uvanleg måte. Fer nokon stygt åt, kallar vi det styggefære, fer dei tullete åt, heiter det tullfære osb.
Åtting: Ein åtting er eit lite kjerald av tre, som ei lita tynne med tynneband og botnar. Ein åtting tar åttedelen av det tynna tar. Han vart brukt til å salte ned mindre mengder av sild og anna fisk.