Årsmøte

a) Årsmelding.

b) Revidert rekneskap.

c) Val av:

– leiar for eitt år.

– to styremedlemer for to år (av fire

styremedlemer går to ut annakvart år).

– to varamedlemer for eitt år.

– to revisorar for to år.

valnemnd på tre medlemer for eitt år.

e) Innkomne framlegg.

Alle som møter fram og som har betalt

medlemskontingent for siste år, kan stemme. Eitt

medlemskap gir ei stemme. Saker som skal behandlast

på årsmøtet må vere innkomne til styret seinast åtte

dagar på førehand.

Åpent møte for Sula Sogelag og Trykkerimuseet

Sula Sogelag og Trykkerimuseet inviterer til eit ope møte med føremål å knyte til seg potensielle nye styremedlemmer og andre bidragsytarar. Når det er sagt er alle velkomne, om ikkje anna for å få seg ein kaffi.

• Er du oppteken av å ta vare på lokalhistorie og kulturminne?

• Glad i å skrive?

• Flinke med økonomi?

• Hendig?

• Kjend med styrearbeid?

• Ein rev i å søkje om midlar og snakke med sponsorar?

Om du berre har ein (eller færre!) av desse eigenskapane, synest vi du skal kome til dette møtet, og ta med tankane dine om kva du ønskjer å bidra med på reisa.

Sted: Sula Bibliotek

Adresse: Fyllingvegen 11, 6030 Langevåg, Norge

Tid: 14.mars 2024 kl. 18:00 – 20:00

Link til kilde

Ingrid Lied

(f.20.03.2018 – d.07.10.2013)

Ingrid er fødd og oppvaksen på gard og ho vart gardbrukarkone etter at ho hadde vore ute i arbeid og teneste fleire stader. Mellom anna vart ho snippesyar på skjortefabrikken Alvo på Stranda i fire år. Der var ho og med i aktivitetar som teater, folkeviseleik, gymnastikktropp, dans songlag og losjen. Det første løna arbeidet ho hadde, var å kjøyre grus på vegen ut til Sulesund med hesten Willson. For det fekk ho seks kroner dagen. Etter at ho kom attende til Eikrem var ho innom kommunestyre, var leiar for husmorlag, hagelag og sjømannsforening. Ho sydde damekjolar etter mål og fasong, og ho var kokke ved bryllup på Allheim. Ingrid har fem born, 11 borneborn og 16 oldeborn. Ho nyt turar ute i det fri, og ho har vore på mange reiser til andre land. Ho broderer bunader, skjorter og kep, og leverer dei ferdig montert.

Her er ho også frå eit innslag på Norge Rundt

Eit trist 100-års-minne: «Solon» -natta 17. desember 1901.

9 mann, derav 5 frå Langevåg omkom og etterlet seg 4 enkjer og 14 mindreårige born.

Av Arne E. Dybdal.

Det vekte stor sorg og mykje merksemd då båten «Solon» frå Slinningen forliste natta mellom 16. og 17 desember 1901, under storsildfiske på Svinøy-feltet, og alle ni om bord omkom. Fem av desse var frå Langevåg, tre frå Hessa og ein frå Hjørundfjord. Dei omkomne etterlet seg 7 enker og 30 born – dei fleste mindreårige. Forutan sorg og medkjensle med dei etterlatne, vekte «Sollon»s mystiske og sporlause forsvinning også undring og rettkomen mistanke om andre årsakjer til forliset enn uvêret. Båten var ganske ny, stor og sterk, og var bygd i Hardanger.
«Solon», som var ein skonnert med to mastrer, siglde ut på Svinøy-havet for å drive etter silda. Vêret var fint heile dagen, men om kvelden sette det inn med tjukne og storm.
«Solon» var den yste og vestlegaste av drivararne. Det var det siste dei såg av båten.
Til tross for at det var dårleg vêr denne natta, er der grunn til mistanke om at «Solon» vart nedkjørt av ein eller annan dampbåt. Det fanst ikkje spor av vrakgods, bortsett fra ei halv garnlenke som var kappa, og denne blei i ettertid tatt vare på av ein fiskar frå Vigra.
Han kom til Langevåg og ville levere den til enkja Emte Fylling, men ho ville ikkje ha lenka,
og let Vigra-fiskaren behalde henne. Det gjekk også seinare rykte om at det skulle ha vore ein utanlandsk lastedampar som denne natta først skulle ha vore heilt inn til kysten, deretter gått til havs igjen, og så kom inn til Ålesund med ein liten skade i baugen som var overstroken med ny maling. Det gjekk og rykte om ein som hadde vore passasjer på eim dampbåt, at det under kysten hørte eit sterkt brak, skrik og skrål. Men då dei ville på dekk for å sjå, blei dei kommanderte ned under dekk og dørene slått igjen. Seinare gjekk det og rykte om eit brev frå ein som hadde vore mannskap på eit utanlandsk dampskip. Han låg på sitt siste og ville lette samvitet ved å fortelje at dei ei natt hadde gått på eit fartøy ved norskekysten. Til tross for etterrøking kom det ikkje til noko oppklarning.

Bjarne Rabben skriv i si bok: «Folk ved havet III» om dette forliset:

«Då sildefiskarane ein dag i desember 1901 måtte berge seg og søkje hamn for sørveststormen, skreiv Sunnmørsposten at det var «et storartet skue» då hundrevis av farty kom siglande og stimande inn leia til Ålesund. Det var mindre storata det som hende på havet denne uversnatta, natta til 17 desember. Då gjekk Borgund-båten «Solon» ned med heile mannskapet, åtte frå Borgund og ein frå Hjorundfjord.

Det hende fleire ulukker denne natta. På dekksbåten «Maaden» frå Syvde vart føraren slegen ut av ein brotsjø. Ein Volda-båt hadde og mist ein mann. Ein båt frå Sande likeeins. Ein Ålesunds-båt siglde seg på fallet Daudingane ved Haramsøya og forliste, men mannskapet berga seg i lettbåten. Ein dekksbåt frå Stadtlandet miste ein mann. Etterpå vart dekksbåten i seglsliten stand berga inn til Ålesund av redningsskøyta «Feie». Ein annan dekksbåt frå Stadslandet hadde kollsigl, men mannskapet berga seg i doryen, der dei med den einaste åra dei hadde styrde unna vinden nordover til dei vart berga av ei skøyte. Då «Solon» ikkje kom heim att, vart det telefonert til søre Sunnmøre, der dei fekk vite at båten hadde vore innom Flåvær. Då «Solon» heller ikkje kom til rette dagane etter, vart båten etterlyst på nytt, og då kom det for dagen at den båten som hadde vore innom Flåvær, var eit anna farty med same namn. No var det julaftan og storhelg, men tre redningsskøyter, ein dampbåt frå Ålesund eit rutedampskip frå Kristiansund tok ut på leiting. Dei fann ikkje anna enn nokre garn med avhogen kabel, som hadde tilhøyrt «Solon».Denne natta vart kalla «Solon-natta».  Mange båtar hadde ein hard tørn med å berge seg til lands i uveret. «Fiskarane tok til å drage og berge garna,» fortel L. K. Grønnevet, som var ute den natta. «Stormen vart så sterk at det var vanskeleg å få noko inn. Ingen hadde damp- eller motorkraft å gå opp under med, så det gjekk seint å drage, og mange dreiv saman med garnlenkene. Me fekk inn berre fem garn før me kom saman med ej onnor garnlenke. Me sleit inn på garn for garn til det me valde eit løgje for å få snu båten. Me strekte ein reva stormklyver, og når vinden fylte han, høgde me kabelen, og båten vart snudd mot land».

Ein kan berre tenke seg kva for ei jul det var i heimane til dei pårørande. Det blir fortalt av etterkommarane til dei omkomne at både enkene, borna og andre slektningar gjekk og såg uteter Breisundet i håp om at «Solon» skulle koma heimatt. Det blir og fortalt at juletrea ikkje vart tatt inn i husa denne jula, men stod att ute i hagane til familiane til dei omkomne.

Dei 5 som omkom frå Langevåg var:

Tre brør av Fyllingslekta frå Villumgarden/Emtegarden i Langevåg. Desse hadde ein eigen fiskebåt som heitte «Brødrene» og som dei hadde leigd bort dette året under sildefiske. Dei valde å bli med «Solon», då dette var ein av dei største fiskebåtane som dreiv sorsildfiske dette året.

1. Johan Elias Larsson Fylling, 34 år, gardbrukar og fiskar og gift med Emte Erstad, frå Sykkylven. Då Johan kom bort hadde enkja Emte kun 65 øre i kontantar ved sida av gardsbruket, som i ettertid fekk namn etter ho: Emtegarden. Johan fekk skøyte på garden i 1900 og Emte brukte jorda så lenge ho levde.  Johan etterlet seg enkje og 4 born:

1.1. Mathea, 10 år, ho vart gift med Sigvald Beitveit frå Leikanger på Stadtlandet. Han omkom på sjøen 37 år gamal i 1925. Mathea og Sigvald fekk 4 born.

1.2. Ingeborg, 9 år, ho vart gift med Johan Rørstad og busett på Fiskartranda, dei fekk 3 born.

1.3 Petra, 4 år, ho vart gift med Elias Borgundvåg og busette seg i Borgundvåg, Stadtlandet, dei fekk 3 born.

1.4. Lars, 2 år, han vart gift med Anna Egeland frå Høle i Høgsfjord og busette seg i Kvernavik, Stavanger, dei fekk 2 born.

2. Hans Peter Larsson Fylling, 29 år og gift med Hansine Vågnes frå Hansgarden i Vågneset. Hans etterlet seg enkje og 3 born:

2.1. Ole, 4 år, døde ung.

2.2. Lars 2 år, han omkom i april 1917 som fangstmann på ishavsskuten «Herkules 2»[1]

2.3. Hans, fødd 1 månad etter at faren kom bort. Hans vart stuert og gift med Alfhild Fårberg frå Ålesund. Dei var busette i Langevåg og fekk to døtre.

3. Ole Martinus Larssen Fylling, 22 årog vart gift med Anna Emblemsvåg frå Emblem. Ole og Anna fekk ein son,

3.1. Ole, han vart fødd ca. 2 månader etter faren kom bort. Han vart skipper og snikker og gifte seg med Anna Marie Viken frå Hustad i Romsdal. Dei busett seg i Langevåg, dei fekk to søner. Anna gifte seg oppatt med syskenbarnet til mannen sin, Knut Steinsvik frå Herøy, og tok Steinsvik som etternamn.

4. Petter Severin Ingvald Gundersson Stadsnes, 17 år, kokk, ugift. Han var frå Jetmundsgarden i Stadsneset.

5. Johan Eliasson Vågnes, 39 år. Gardbruker og fiskar, busett på Stølhaugen i Vågneset. Han var gift med Petrine Larsdtr. Molværsmyr. Han etterlet seg enkje og 6 born:

5.1. Edvard, 11 år, han omkom 24.12.1915 ved d/s «Lihaug» s forlis i Skagerak.[2]

5.2. Lina, 8 år, vart gift med murer Ola Kristiansen.

5.3. Ragna,7 år, vart gift med gardbrukar og fiskar Ferdinand Vågnes

5.4. Petra, 4 år, vart gift med fabrikkarbeidar Gustav Vogel. 5.5. Ovidia, 1 år, vart gift med stuert Ragnvald Veddegjerde, han omkom i Nordsjøen i 1942 [1]

5.6. Johanne (eller «Donna») fødd 8½ månad etter farens død, ho vart gift med maskinist Ludvik Heen[2] som omkom under flyangrepet i Laksevåg, Bergen 04.10.1944.

Alle borna til Johan og Petrine vart busette i Langevåg. (Far til Petrine, Lars Molværsmyr, omkom på sjøen 52 år gamal 10. april 1888 i nedlest båt på veg heim til Langevåg frå fiske ved Valkve, Godøya.)

Dei som omkom frå Hessa var:

6. Laurits Nikolaisen Hessen, 47 år. Gardbrukar og fiskar og gift med Agnete Fredriksdtr. Blindheim. Dei var busette på Niklagard på Hessa. Laurits etterlet seg enkje og 9 born:

6.1. Petra, 19 år, ho vart gift med August Strand frå Halgeland og busette seg på Hessa. August dreiv som fiskar.

6.2. Nikolai, 18 år, han vart gift med Anna Karoline Kvistad frå Hjørundfjord, gardbruker på Niklagarden. Nikolai dreiv også sjøbud i nærheten av Hessaskaret.

6.3. Fredrik Cornelius, 16 år, han vart gift med Oline Holen frå Ålesund, busett i Ålesund der Fredrik dreiv meklarforretning.

6.4. Sofie, 11 år, gift med Louis Larsen frå Blindheim, busett i Ålesund.

6.5. Laurits, 10 år. Gift med Hermanda Richardsen frå Kvæfjord, busett på Hessa. Laurits var skipper.

6.6. Severin, 9 år, gift med Bertha Garshol frå Ålesund, Også Severin var skipper.

6.7. Marte, 7 år, gift med Karl J. Holstad frå Hareid, busett på Hareid. Karl var sjømann.

6.8. Klara, 5 år, gift med Halvard Årum, busett i Drammen, der dei drev Victoria Hotell i Drammen.

6.9. Nils, 2 år, busett i Ålesund, han var kontormann hos broren Fredrik.

7. Ingebrigt Olsson Slinning, 45 år, fiskar og gift med Anna Karoliusdtr. Busett på Nygård eller Koroliusplassen på Ytre- Hessa. Han var medeigar og førar av «Solon», han etterlet seg enkje og 6 born.

7.1. Klara, 11 år, ho vart gift med Ole Larsen, busett i Ålesund/Hessa.

7.2. Berntine, 9 år vart fift med Kristian Akselsen og busett i Oslo.

7.3. Olga, 7 år, gift med Mathias Rørstad frå Fiskarstranda, busett på Hessa. 

7.4. Karl, 6 år, gift med Kristina Aksnes, busett på Hessa.

7.5. Astrid, 2 år, ho voks opp på Humla og vart gift med Severin Hanken. Dei busette seg på Nilsgarden på Humla.

7.6. Ragna, ½ år, gift med Karl Breivik og busett i Ålesund.

8. Johan Petersson Slinning, 40 år, medeigar i «Solon». Johan var opplinneleg frå Ytre-Øyra i Hjørundfjord og var gift med Johanne Johansdtr. frå Hareid, og dei var busette på Slinningsneset. Han etterlet seg enkje og utan born.

Omkomen frå Hjørundfjord:

9. Ivar B. Saltre, 26 år, gardbrukarson og fiskar, ugift og busett på Saltre i Hjørundfjord.Han var syskenbarn til Johan P. Slinning. Far til Ivar var bror til mor til Johan)

For alle ovanstående, som i så mange, mange slike tilfelle, passer Bjørensons ord så godt til ettermæle:

Men vesle fiskerbåt har båret frem så mangen dåd,
Av mot og herlig kløgt,
skjønt aldri den blev trykt.
Og mangen sjømanns liv
Fikk dødens krans av tang og siv,
Som burde hatt i gull
Sitt navn blant kjempekull.
Men titt er ingen med, som bringe kan beskjed.

Kilder: Torbjørn Urke, 1979 Nokre slekter frå Hjørundfjord og Sula.
Bjarne Rabben: Folk ved havet III
Richard Eriksen: artikkel i Sunnmørspoaten 17.12.1951
Anna Smebakk.(Datter til Mathea Fylling Beitveit)

Denne artikkelen stod i Årsskrift frå Sula Sogelag 2001.

[1] Se Årskrift for Sula Sogelag 2015, side 41-56
[2] Se Årskrift for Sula Sogelag, 2012, side 67-77
[3] Se Årsskrift for Sula Sogelag 2015, side 41-56
[4] Se Årskrift for Sula Sogelag 2015, side 41-56
[5] Se Årskrift for Sula Sogelag, 2015, side 41-56



Mennene bak redningsdåden 18. mars 1872.

Av Arne E. Dybdal

Til alle tider har havet krevd sine ofre. Sjømenn og fiskere har fått plutselig uvær over seg og måtte ta opp kampen i den harde striden med storm og sjø. Mange tapte denne striden og ble liggende att. (Rabben, III)
En av de store ulykkesdagene var 18. mars 1872 da minst 27 personer fra Sunnmøre omkom. Derav 7 fiskere fra Sula.
Denne dagen forliste/kullseilte et båtlag med 7 personer ombord et sted utenfor Ålesund, noen kilder skriver Breisundet, andre utenfor Vigra.
6 personer ble reddet, mens en mann omkom.
Vi kjenner kun navnet på en blant de 7 som forliste:
Iver Ellingsen Klokkersund Alvik, (1833-1919)
Når det gjelder navnene på redningsmennene, så vet vi dette, og hvor de kommer fra, takket være Iver Ellingsen Alviks beretning om ulykken.
Se egen artikkel om: Redningsdåden 18. mars 1872, og 7 fiskere fra
Sula omkom på havet i mars 1872.

Iver Ellingsen Klokkersund Alvik:
I B/G, bd.2, side 302 står følgende om Iver Ellingsen Alvik: Han var bruker av Oppigar, bnr. 1, i Alvika fra 1862-1904, sat på bygsel all si dag. I 1861 g. m. Johanne Absalonsdtr. (1842-75, g2g med Tomasine Andreasdtr. Breivik, (Olsvik) (1844-1897, g3g 1898 med Laurense Johansdtr. Hole, Synnylven (1850-1935)
Iver hadde åttring, og var styrmann frå 19-årsalderen til han var gammal mann Om somarane låg han på Egga som kjentmann for svenskane. På bruket bygde han løe første året, og stova året etter. Kår hos sonen, Elling.
Ett oldebarn av Iver Ellingsen Alvik, opplyser at hans oldefar hadde en såkalt dekksbåt litt større enn en åttring som var de vanligste fiskebåter på den tiden. Han dreiv attåtnæring med fiske, da Alvika på denne tiden var en ganske liten husmannsplass eid av kirken.

8 Redningsmenn:

Andreas Andersen Nygård, f. 23.09.1843 fra Plassen – Nygård i Bjørkavåg, gift 16.06.1872 med Karoline (Severine) Johansdtr. Elvadal, f. 20.08.1847, d. 21.06.1884. Foreldrene til Andreas kom fra Bjørkavågen og de hadde 4 barn. En av disse, Oline, ble gift med Karolus Jonsen fra Aksla i Borgund, han var en av rednings mennene, mer om det senere. Andreas og Karoline tok vel over Elvadalen da de giftet seg i 1872.De fikk 6 barn i ekteskapet, en av disse var:
Helene, f. 01.09.1883, d. 09.04.1961, g. m. Ole K. Veddegjerde, bosatt i Langevåg. Det var hun som fikk med seg sølvpokalen, som hun senere gav videre til sitt barnebarn: Oddbjørn Veddegjerde, han bor i dag i Horten.
Andreas g.2.g. i 1886 med Oline Petersdtr. fra Vatne, og de fikk datteren:
Anna Amalie, f. 17.01.1887, hun var gift med Lars Akselsen Dybdal fra Selje.
(Se Sulasoga bd. 5, s. 170)

Karolus Jonsen (Akslen) Nakken, f. 1839, d. 1924. Han var fra Øvste – Aksla, Emblem og tok senere etternavnet Nakken.
Karolus var gift med Oline Andersdtr. Nygaard, som var søster til forannevnte Andreas Andersen Nygård. I B/G, bd. 2, side 341 står følgende om Karolus:
Karolusplassen (no nedlagt) låg vest for innmarka, og vart rydda under Øvste-Nakken ikring 1860. Namnet er etter Karolus Jonsen Akslen (1839-1924), som sat på plassen frå ca. 1865. Men plassen vert i 1860-åra kalla Jonsgar, så det er rimeligvis far til Kaolus, Jon Gundersen Akslen som først har teke jord her. Karolus var g. m. Oline Andersdtr. Nygård (1840-1920. Karolus var dørvakter i Borgundkyrkja i mange år. På plassen hadde han opp til 3 kyr, grisar, og på slutten hest, som sønene hadde kjøpt til han. Jorda vart inndregen under Øvste-Nakken att noko føre 1910.
I folketellingen 1910 for Ålesund, bodde han og kona i Stenvaagvei 9, Ålesund, sammen med familien til deres sønn, Karl, f. 1876, og kona Anna.
Karolus står oppført som bryggearbeider. Karl var skipper og familien bestod av 1 datter og 3 sønner.

Lars Antoniusen Emblemsvaag, f. 20.04.1853, d. 1907. han var født på Antonesgarden i Emblemsvåg. Gift med Marie Eliasdtr. Gjerde fra Spjelkavik.
Far til Lars, Antonius kom fra Spjelkavikgjerde og moren, Marie, fra Nedregård i Spjelkavik. Lars og Marie var brukere av bruket Gjerde i Spjelkavik 1880-1883
Lars og Marie flyttet til Torv gaten Ålesund i 1883 hvor han ble kolonialkjøpmann, de fikk 3 barn. Ved sin død i 1907 brukte familien Spilkevik som familienavn.

Ole Larsen Stenset, f. 1845-1917, g.1867 m. Petrine Olsdtr. Stenset, f. 1845-1929. 5 barn. Ole var fra Sjurgarden, Skodje. Bruker av Olagarden på Skodje som de overtok etter foreldrene til Petrine.
I 1871 fikk han skøyte av svigerfaren på halve bruket «med forholdsmessig andel i huset og tilliggende for 300 spd. med kår til Ola og kona.
Fra Bygdebok for Skodje, bd. II, s. 299: Ole dreiv som dei fleste andre vinterfiske som attåtnæring. I 1872 var han med på ei dramatisk hending då mannskapet på båten han var med, berga fiskarar frå ein båt som kollsiglde i Breisundet. For dette fekk han ein sølvpoka med innskrifta: «Kong Oscar II Sveriges og Norges Konge. Til Ole Gunder Larsen Stenseth. For kjækk og edel dåd 1873.»

Peter Thomas Olsen, fra Skodje, f. 1851-1917, g. 1885 m. Lovise Danielsdtr. Honningdal, f. 1865-1936, 5 barn. ekteskapet. Bruker av Audungarden.
Peter var født på Audungarden (Korsvegen), Indre Skodje.
I Bygdebok for Skodje, bd. I, side 447 står: Han fekk skøtye av far sin i 1885
for 2000.- kr. og kår til foreldra. Stova som er i bruk nå var det han som bygde først på 1900 talet, løe fekk han reist ny i 1889. Tidlegare høyrde og stabbur til i tunet, det var plassert mellom stova og løa, nedfor prestegardsvegen.
Peter Thomas gav skøyte til sonen, Ole, i 1923 for 2000,- kr og kår.

Johannes Jetmundsen Rise, f.1837-d. 1897 Han var fra Larsgarden på Rise i Hjørundfjorden. I H.fj. bd. 5, s.269 står det at han var helseveik, og at han fikk et sylvstaup av kong Oscar II for tapper redningsdåd. I Folketellingen for 1865 står Johannes oppført som: Hjælper dem med Gaardsbruket. I 1875 er han oppført som: Tjenestegut og Fisker. Johannes var ikke gift.

Ole Olsen Hatlen, 1842-1923, fra Flata i Nesset prestegjeld, gift 1876 med Marit Torfinnsdtr. Flaahammeren, 1847-1927, 8 barn, 2 barn døde før de var
3 år gml. Ole overtok bruket etter faren i 1876, og overlet det til en sønn i 1897. Fra Gards-og ættesoge for Nesset II, side 237:
«Ole Olsen var en vaken og energisk mann med levende interesse for samfunnsspørsmål. Han hadde markante synsmåter som han hevda med stor styrke. Han var mangeårig medlem av herredstyret, og ved kommunevalg hende det at han vart vald med største røyste tal. Ved siden av gardsbruket dreiv han også med bygningsarbeid.»

Ingebrigt Olsen Voldstad, (fra Grytten prestegjeld) f.1822 – d. 1876
Fra folketellingen 1865, tellingskrets 002 Heen ytre:
Familien består av: Ingebrigt Olsen, 45 år. Husmann med Jord.
Kone: Eli Jensdtr. f. Monsaas, f. 1824, og barna: Jens, 11 år, Edvard, 8 år,
Jørgen,5 år, Ingebrigt, 4 år, Maria, 2 år.
I folketellingen for 1900 er det kun Eli Jensdtr, f. 1824, sivilstand: enke, og
datteren Marie, f. 1864, ugift, som står oppført. Eli driver et lite jordbruk.

Kilder:
Bjarne Rabben: Folk ved havet III.
Sulasoga.
Bygdebøker for B/G, Skodje, Nesset og Hjørundfjord.
Folketellinger 1865, 1875, 1900 og 1910.

7 fiskere fra Sula omkom på havet i mars 1872.

Av Arne E. Dybdal.

Viser til artikkelen om redningsdåden 18. mars 1872.    

05.03.

Jens Henningsen Molvær, f.19.08.1838, d. 05.03.1872, 34 år gml. Jens var fra Bratthaugen, gift 01.06.1862 med Laurine (Gurine) Larsdatter. Fra Bakkane på Molvær. f. 04.02.1838, d. 05.09.1878.De var plassfolk på Bakkane fra de giftet seg. 3 barn i ekteskapet. De 2 eldste var henholdsvis 9 og 4 år gamle, og den yngste ble født 4 mnd. etter at faren druknet. Jens og Laurine har stor etterslekt. Laurine g2g i 1875 med Gunnar Olsen fra Kongshaugen, de fikk et barn som døde ved fødselen, se Sulasoga bd.5, s. 82.

18.03.

(Hans) Nikolai Petersson Bjørkavåg, fra Plassen – Nygård, f. 01.01.1828, d. 18.03.1872. Gift med Ragnhild Joakimsdtr. fra Skjelten i Haram, f. ca.1829, d. 12.11.1897. Bosatt på Plassen – Nygård i Bjørkavåg. De fikk innf. att. hit fra Skjelten i 1854, «for at bosette sig». Nikolai og Ragnhild fikk 8 barn. Nikolai omkom på havet «under Vinterfiske» samen med flere andre fra bygda. Ragnhild drev plassen videre noe år. Som det kommer frem av notisen var Nikolai en strevsom og ordentlig fisker og det var han som var båtfører ved forliset. Nikolai var født utenfor ekteskapet, og han hadde 4 halvsøsken bl. disse var Andreas Andersen Nygaard, og Oline Nygård, Oline var gift med Karolus Jonsen Nakken. Andreas og Karolus var blant 8 redningsmenn som berget et mannskap som forliste same dagen som halvbroren, Nikolai omkom. Andreas og Karolus fikk sølvpokal av Kong Oscar II for redningsdåden. Se egen artikkel om Redningsmenn 8.03.1872. Far til Nikolai, Petter, kom fra br. nr. 1, Mauseidvåg, se Ole Andreas Einarsen nedenfor, se Sulasoga bd. 1, s. 296.

(Elias) Kristian Jakobsson Solevåg, fra Jakobgarden, Solevåg, f. 19.08.1847, d. 18.03.1872, gift 17.07.1870med Anna Hansdtr. fra Engeset, i Borgund. Bruker av Jakobgarden, Solevåg fra ca. 1870.  Ekteparet fikk tvillinger, 2 gutter, Johan og Hans, som var 7 mnd. når faren druknet under vinterfiske. Johan, 1871-1945, ble gift i 1912 med Ragna Andersdatter. Langvatn fra Volda, de fikk 3 barn. I 1896 utvandret Johan til Wisconsin, USA, hvor han var jernbanearbeider. Johan kom tilbake til Norge ca. 1908, og kjøpet Hansgarden på Sunde og tok etternavnet Sunde.se Utvandrarane, side 73. Den andre tvillingen, Hans, 1871 – 1936 ble i 1911 gift med Hansine Larsdatter. fra Skareplassen, Rørstad, og de fikk 2 barn. Bosatt på Hansgarden, Solevåg. Enken etter Kristian, Anna, gift på nytt i 1875 med Hans Pedersen Vedde fra Pegarden på Vedde, og de fikk 5 barn. Stor etterslekt. Se Sulasoga bd. 1 s. 239

Erik Larsson Bjørkavåg, f. 05.11.1819, d. 18.03.1872gift 24.05.1846 med (Elen) Olave Jakobsdatter. fra Jakobsgarden, Solevåg, f. 1820 – d. 1889.  Bosatt på Larsgarden Bjørkavåg. De fikk skjøte på garden i 1847, men i 1853 solgte de den videre og tok selv bygsel. Erik omkom under vinterfiske 1872. Ekteparet fikk 6 barn. Den eldste av disse, Lars, f. 1847, omkom på havet i lag med faren. Olave Jakobsdatter. var tante til (Elias) Kristian Jakobsen, se ovenfor. Se Sulasoga bd. 1, s. 286

Lars Eriksson Bjørkavåg, f.10.06.1847, d. 18.03.1872. Ugift. Omkom på havet i lag med faren. Se ovenfor. Se Sulasoga bd. 1, s. 286

Arnt Olesen Furnes, f.14.06.1843, d. 18.03.1872, gift med Severine Jetmundsdtr. Rørvik fra Vigra, f. ca.1846, d. 18.01.1915. De bosatte og bygslet Knutegarden, Furnes fra 1870. Arnt omkom under vintrefiske 18. mars 1872. De fikk en datter, Johanne, som ble gift med Henrik Bjørkavåg og bosatte seg på Pettergarden, Bjørkavåg. og de fikk 10 barn. Enken etter Arnt, Severine, giftet seg på nytt i 1874 med Knut Jetmundsen Saltre, og de fikk7 barn. Se Sulasoga bd. 2, s. 39. og bd. 1, s. 279

Ole Andreas Einarsson Måseidvåg, f. 05.02.1851, d. 18.03.1872. Ole Andreas var fra br. nr. 1 i Mauseidvågen, det same bruket som far til Nikolai Petersen Bjørkavåg, Petter, kom fra. Se ovenfor. Ole var sønn til enken etter Ole Jakobsen som døde 33 år gml.  Ole var bror til Petter, far til Nikolai. Mor til Ole Andreas g2g. i 1847 med Einar Einarsen Sledalen fra Hjørundfjord, og de fikk kun en sønn: Ole Andreas, som omkom på havet 18.03.1872. Se Sulasoga bd.2, s. 48

   

Ein redningsdåd 18. mars 1872

I februar 1873 stod denne notisen i fleire norske aviser (denne er sitert frå Morgenbladet 14. februar):

Ved kongelig Resolution af 7de ds. er det bestemt:
At efternævnte 8 i Romsdals Amt hjemmehørende Mænd: 1) Andreas Andersen Ny-gaard, 2) Carolus Johnsen Nakken og 3) Lars Antoniussen Emblemsvaag, samtlige af Borgunds Prestegjeld Søndmøre Fogderi, 4) Ole Larsen Stensæt og 5) Peter Thomas Olsen Skoue, begge af Skoue Prestegjeld, samme Fogderi, 6) Johannes Jetmundsen Ri-se af Hjørendfjords Prestegjeld, samme Fogderi, 7) Ingebrigt Olsen Voldstad af Gry-tens Prestegjeld, Romsdals Fogderi, samt 8) Ole Olsen Hatlem af Næssets Prestegjeld, samme Fogderi, tilstaaes, den førstnævnte et Sølvbæger til en Værdi af 10 Spd., og de øvrige hver et Sølvbæger til en Værdi af 6 Spd., som Anerkjendelse af udvist hæder-ligt Forhold ved den 18de Marts f. A., under farefulde Omstændigheder, at have red-det 6 personer fra at omkomme paa Søen.

• ds: “dennesˮ, dvs. “denne måned”
• f.A.: i fjor (forgangne Aar)
• Vi bør kanskje minne om at Romsdals amt seinare skifta namn til Møre fylke, og deretter til Møre og Romsdal.

Denne avisnotisen gjev oss berre ei aning om det som skjedde på det nådelause sunnmørshavet 11 månader før. Mange fiskarar var i havsnaud denne lagnadstunge dagen, mange blei berga, men mange miste også livet i bølgjene. Med dei opplysningane vi for tida har, er det eit vanskeleg, kanskje umogleg puslespel å finne ut namna på alle som omkom eller som blei berga, og kva båtlag kvar einskild høyrde til i. Det vi veit, er likevel nok til å gje oss ei sterk påminning om korleis ein dag i vintertorskefisket kunne arte seg den gongen.

Den store ulykkesdagen 18.3.1872
Dei åtte redningsmennene som fekk påskjønning frå kongen, kom altså frå fleire prestegjeld på Sunnmøre og i Romsdal. Her må vi nøye oss med å sjå nærare på den einaste sulalendingen blant dei:

Andreas Andersen Nygaard (1843‒1886) var frå Plassen/Nygard i Bjørkavågen, gift med Karoline Johansd. frå Elvadalen, Molvær. Dei gifta seg sommaren 1872, og tok truleg over bruket i Elvadalen då (Sula-soga 5, s. 73‒74).  Søster til Andreas, Oline, var gift med ein annan av redningsmennene, Karolus Johnsson frå øvste Aksla på Emblem (Øvrelid).

Andreas og kona Karoline hadde 6 born. Dottera Helene blei gift med Ole K. Veddegjerde, og det er barnebarnet deira, Oddbjørn Veddegjerde i Horten, som eig begeret i dag.

Som det går fram av avisnotisen fekk Andreas eit større og dyrare sølvbeger enn dei andre sju redningsmennene. Dette blir forklart i Indredepartementets innstilling til Kongen (med stor K, fordi det her gjeld Kongen i statsråd). Her får vi også i korte trekk fortalt korleis seks av eit båtlag på sju vart berga.

Til Kongen

Gjennem Amtmanden i Romsdals Amt er til Departementet indkommet en Forestilling fra Iver Ellingsen Alvig af Borgund Prestegjeld med 5 andre Personer om, at der maa blive tilstaaet Andreas Andersen Nygaard, Carolus Johnsen Nakken og Lars Antoniussen Emblemsvaag af Borgunds Præstegjeld, Ole Larsen Stensæt og Peter Thomas Olsen Skoue af Skoue Præstegjeld, Johannes Jetmundsen Rise af Hjørundfjords Præstegjeld, Ingebrigt Olsen Voldstad af Grytens Præstegjeld samt  Ole Olsen Hatlen af  Næsset Præstegjeld Belønninger af det Offentlige for den 18 Marts f. A. at have reddet de førstnævnte Personer fra at drukne.

Efter hvad de ræddede Personer have oplyst foregik det heromhandlede Redningsforetagende under følgende Omstændigheder:

Mandagen den 18 Marts f. A. var bemeldte Iver Ellingsen Alvig med 6 andre Personer ude paa Havet med sin Ottingsbaad for at fiske. Veiret var saa stormende og Søen saa svær at de vanskelig kunde tænke sig det verre. Paa Hjemreisen blev Baaden kantret af en Braadsø, omtrent kl 4 om Eftermiddagen; alle kom paa Hvælvet undtagen en Mand som fandt sin Død i Bølgerne. Der var ingen Baad i Nærheden og de dreve saaledes omkring paa det oprørte Hav hjælpeløse og uden Haab om Redning. Efter en halv Times Forløb kom imidlertid Andreas Andersen Nygaard til med sin Baad hvori foruden ham de ovennævnte 7 andre Personer befandt sig og forsøgte øieblikkelig at redde de Forulykkede. Dette var imidlertid forbunden med store Anstrengelser og Livsfare for begge Baadmandskaber idet det paa Grund af Søgangen var umuligt for Bjærgerne at komme Hvælvet saa nær at de Forulykkede kunde komme direkte fra dette ind i Baaden, hvorimod de ved Toug, der kastedes over til dem og hvori de bandt sig fast, maatte hales ind i den aabne Baad. Redningen medtog omkring en Time og de Forulykkede have udtalt at de næst Gud kun have den af Redningsmændene udviste Conduite og Aandsnærværelse at takke for deres Frelse.

Ordføreren i Borgunds Herredsbestyrelse har efter Conference med dens øvrige Medlemmer paa Foranledning af Fogden i Søndmøre Fogderi oplyst at flere af disse vare paa Havet den dag da den heromhandlede Begivenhed forefaldt og at de erklærede at dagen var i høieste Grad farefuld formedelst svær Storm og Søgang og at Redningen saaledes ganske vist var forbundet med Livsfare for Redningsmændene, hvilket aldeles stemmer overens med Andres Udtalelser som den Dag vare paa Havet. Samtlige Redningsmænd[s] økonomiske Forhold er oplyst at være gode. Kun Ole Larsen Stensæt og Peter Thomas Olsen Skoue ere i gode Formuesomstændigheder hvorimod de øvrige ere mere eller mindre uformuende. Saavel Fogden i Søndmøre som Amtmanden have anbefalet Vedkommende til Belønninger, som Amtmanden antager bør bestaa i saadanne Sølvbæger som man under lignende Forhold pleier at tildele Andre, men med Adgang for Redningsmændene til istedet at erholde Sagernes opgivne Pengeværdi, ved hvilken Fremgangsmaade det Stødende ved Pengetilbudet efter Amtmandens Mening vil falde bort, medens paa den anden Side, den Trængende derved kunde komme i Besiddelse af hvad han maa sætte mest Pris paa. Amtmanden har endvidere bemærket at en Styrmand paa Baad der i Distriktet ikke indtager den overordnede Stilling og ikke har den Myndighed i Forhold til det øvrige Baadmandskab som han bør have og i flere andre Distrikter, til Exempel i Nordland og Finnmarken, indehaver. Som Følge heraf kan det med Sikkerhed forudsættes at en Beslutning af Baadmandskabet om at foretage et farligt Redningsforsøg er Resultatet af et Fællesoverslag. Dette uanseet, tror dog Amtmanden at Styrmanden ved en saadan Leilighed som den heromhandlede bør tilstaaes en noget værdifuldere Ting end det øvrige Baadmandskab, thi hans overordnede Stilling paa Baaden turde dog give ham størst Indflydelse paa Baadkammeraterne og i ethvert Fald tror Amtmanden, maa man paa denne Maade søge at hæve hans Stilling.

Ogsaa Departementet finder efter de oplyste Omstændigheder at de omhandlede Personer have gjort sig fortjente til offentlig Anerkjendelse for deres ved den heromhandlede Leilighed udviste Forhold, og man skal derfor andrage paa at der tilstaaes dem Belønninger, som man, efter hvad Amtmanden har anført, anseer det rettest at foreslaa bestemt til Sølvbægere til en Værdi af 10 Sps for Styrmanden Andreas Andersen Nygaard og til en Værdi af 6 Sps for hver af de øvrige 7 Mænds Vedkommende. Beløbene bør formentlig udredes af den til tilfældige og uforudseede Udgifter paa Budgettet opførte Sum.

Man skal saaledes underdanigst

indstille:

At efternævnte 8 i Romsdals Amt hjemmehørende Mænd
1. Andreas Andersen Nygaard.
2. Carolus Johnsen Nakken.
3. Lars Antoniussen Emblemsvaag, samtlige af Borgunds Præstegjeld i Søndmøre  Fogderi;
4. Ole Larsen Stensæt
5. Peter Thomas Olsen Skoue, begge af Skoue Præstegjeld i samme Fogderi.
6. Johannes Jetmundsen Rise af Hjørundfjords Præstegjeld samme Fogderi
7. Ingebrigt Olsen Voldstad af Grytens Præstegjeld, Romsdals Fogderi samt
8. Ole Olsen Hatlen af Næssets Præstegjeld samme Fogderi ‒ naadigst tilstaaes:

Den Førstnævnte et Sølvbæger til en Værdi af 10 Sps og de øvrige hver et Sølvbæger til en Værdi af 6 Sps som Anerkjendelse af udvist hæderligt Forhold ved den 18de Marts f. A. under farefulde Omstændigheder at have reddet 6 Personer fra at omkomme paa Søen. Beløbene blive at udrede af den til tilfældige og uforudseede Udgifter paa Budgettet opførte Sum.

• Sps: Species, dvs. speciedalar

Den einaste av det berga båtmannskapet som blir namngjeven i innstillinga om takkegåve, er Iver Ellingsen Alvig (1833‒1919). Han var frå Klokkarsundet i Borgund. I 1861 gifta han seg med Johanne Absalonsdotter frå bruksnr. 1 i Alvika, og tok over garden der. Han gifta seg opp att to gonger og fekk mange born. Ragnar Øvrelid skriv i Bygdebok for Borgund og Giske b.2: “Iver hadde åttring, og var styrmann frå 19-årsalderen til han var gammal mann. Om somrane låg han på Egga som kjentmann for svenskane.” (s. 302). Dette kan tyde på at ulykkesbåten var hans.

Kyrkjeboka (ministerialboka) for Borgund har namn og personalia på sju fiskarar frå prestegjeldet som omkom den 18. mars 1872; ein frå Alnes, dei andre frå Sula. Same merknaden viser til dei alle: “Omkom paa Havet under Vinterfisket. Deres Lig ei gjenfundne.” Her er lista over dei omkomne i same rekkjefølgja som i kyrkjeboka, med dei merknadane som står i Øvrelids bygdebok.

Bendik Arnesen, f. 1828, Gaardbruger, Alnes. (“Omkom på havet i vinterfisket saman med 6 andre.” Øvrelid s. 511.)
Kristian Jakobsen, f. 1847, Pladsmand, Solevaag
Nikolai Petersen, f. 1828, Pladsmand, Birkevaag
Erik Larsen, f. 1820, Gaardbruger, Birkevaag (“Kom bort på sjøen.” Øvrelid s. 138.)
Lars Eriksen, f. 1847, Ungkarl, Birkevaag
Arnt Olsen, f. 1843, Gaardbruger, Furnes (“Omkom på fiske med eit heilt båtlag.” Øvrelid s. 156.)
Ole Andreas Einarsen, f. 1849, Ungkarl, Maaseidvaag

Ein notis i Romsdals Amtstidende den 23. mars fortel om to av dei omkomne som er oppførte i kyrkjeboka:

Atter har Søen krævet sine Offere, idet en Sexring fra Alnæs paa Godøen, hvorpaa Bendikt Arnesen Alnæs var Høvidsmand, under Seiladsen ud paa “Djupe” den 18de ds. fyldtes af en Braadsø og sank, hvorved 5 Mand begravedes i Bølgerne medens det fra en forbiseilende Baad lykkedes at redde den 6te Mand, der havde faaet Tag i et Par Aarer, hvorpaa han holdt sig flydende. ‒ En anden Baad gik ogsaa under, men det lykkedes at redde den hele Besætning.  ‒ Just som Beretningen afgives erholdes Underretning om, at endnu en Ottring, der roede Fiske fra Blindem paa Vigra, er gaaet under, hvorved 7 Mennesker omkom. Baaden førtes af Nikolai Pedersen Bjerkevaag, der skal have været en strævsom og ordentlig Fisker.

Dei sju i kyrkjeboka tilhøyrde altså minst to båtlag, dersom opplysningane i avisa er rette. 12 mann frå desse to ulykkesbåtane omkom. Sidan kyrkjeboka for Borgund berre nemner sju, må vi gå ut frå at resten av dei omkomne var frå andre prestegjeld. Og som vi såg av lista over redningsmenn ovanfor, var det årvisst mange frå bygder lenger vekk, både på Sunnmøre og i Romsdal, som reiste ut i øyane for å ro fiske derifrå.

Bjarne Rabbens fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal, trebandsverket Folk ved havet, er ei skattekiste av informasjon, også om emnet ulykker på sjøen. Ulykkesdagen 18. mars er nemnd fleire stader i band 3, som bl.a. inneheld ei lang liste over omkomne på sjøen i dei to fogderia. Under datoen 18.3.1872 står dei sju vi kjenner frå kyrkjeboka, men også namna på to som omkom eit par veker før (sjå slutten av denne artikkelen).  Fleire namn er det ikkje på lista over omkomne den 18. mars, men skal vi tru opplysningane frå avisa og kjelder som Rabben sjølv refererer, må endå fleire ha sett livet til. Han nemner bl.a. ei dagbok som Johan O. Synes på Vigra førte. Den fortel at det var to båtar frå Borgund som dreiv fiske frå Blindheim og forliste den dagen. På den eine omkom éin mann, på den andre drukna alle. Synes noterer vidare at også ein båt frå Alnes gjekk ned, mannskapet på fem omkom. Dette må ha vore Bendikt Alnes sin båt.

Rabben viser også til oppsynssjefen for vinterfisket, som i sin tabell for 18. mars noterer: Ein båt frå Alnes med 5 omkomne (sikkert Bendikts), ein båt frå Godøy med ein omkomen, to båtar frå Vigra med 8 omkomne ‒ i alt 14 omkomne på sunnmørshavet denne dagen. Oppsynssjefen har altså registrert ein båt meir enn Synes. 18. mars ser ut til å ha vore den verste ulykkesdagen, men på heile Sunnmøre omkom 42 menneske på sjøen denne vinteren, skriv Bjarne Rabben.

Det er vanskeleg å finne samsvar i alle opplysningane om den store ulykkesdagen. Å undersøkje dette vidare kan vere ei oppgåve for ein granskar med teft for detaljar!


Kvar skjedde redningsdåden?
Indredepartementets innstilling seier berre at ulykka skjedde “ude paa Havet”. Opplysningane  i fiskarsoga fortel oss berre kvar ulykkesbåtane var frå eller kva stad dei rodde fiske frå (Blindheim, Alnes og Godøy). Bygdebok for Skodje, b. 2 fortel om redningsmannen Ole Stenset: “Ole dreiv som dei fleste andre vinterfiske som attåtnæring. I 1873* var han med på ei dramatisk hending då mannskapet på båten han var med, berga fiskarar frå ein båt som kollsiglde i Breisundet” (s. 299). Dette kan stemme bra med det som avisnotisen ovanfor fortel, at båten med Bendikt Alnes som høvedsmann gjekk ned på veg ut på “Djupe”. Her er det nok Breisunddjupet det er snakk om, ei renne i havbotnen mellom Godøya og Hareidlandet.

*Ulykka skjedde i 1872, men sølvbegera er daterte 1873.

*** *** ***

Ei anna ulykke 5. mars 1872
Knapt to veker før, den 5. mars, kollsegla ein færing frå Alnes med tre menneske om bord på heimveg frå Ålesund til Godøya. To av dei forsvann i djupet. Dei var “Gaardmandskone” Nikoline Nilsdotter (f. 1841) frå Alnes og “Pladsmand” Jens Henningsen (f. 1838) frå Molvær. Begge lét etter seg ektefelle og fleire born. I ministerialboka for Borgund har presten lagt til denne merknaden ved namna deira: “Omkom ved Kuldseiling. Deres Lig ei gjenfundne”. I ein notis i Aalesunds Tidende står det at Jens “skulde være en meget flink og ordentlig Fisker”. Den tredje av dei om bord “reddede sig paa Hvælvet og blev bjærget fra Land”.* Vi veit ikkje namnet til han som vart berga, men det kan ha vore mannen til Nikoline, Peter Henning Larsen (1837‒1908), sjå Øvrelid s. 513.

Jens Henningsen var frå Bratthaugen. Han gifta seg i 1862 med Laurine Larsd. frå Bakkane (Molværsrema). Dei budde der og hadde tre små born då Jens drukna (Sula-soga b. 5, s. 82). Henning, bror hans, drukna nokre år seinare (Sula-soga b. 3, s. 247).

* Sitert etter Romsdals Budstikke 13.3.1872.

*** *** ***

Ansvarlege for denne artikkelen er

Arne E. Dybdal (arkivsøk, avskrifter)
Odd Sørås (arkivsøk, avskrifter, redigering)

Omkomne fra Sula 1940-1945.

Frå «Årsskrift frå Sula Sogelag 2015»

Av Arne E. Dybdal

Borgund herredsstyre opprettet i 1947en nemnd som skulle komme med forslag til minnesmerke over de som mistet livet i krigen 1940-45. Formann i nemnda var
skoleinspektør Horsberg. Nemnda hadde flere møter uten å komme fram til et resultat som alle var enige i. Mest dreide uenigheten seg om hvor minnestøtten skulle stå. Langevåg sin representant i nemnda, Karl Havnegjerde, holdt fast på at Langevåg skulle ha sin egen minnestein plassert ved sin kirke. Alle andre i nemnda var i mot dette.Saken måtte derfor sendes tilbake til herredsstyret til ny behandling. Etter forslag fra formannskapet vedtok herredsstyret enstemmig forslaget til Karl Havnegjerde.
Videre ble den gamle nemnda oppløst og to nye nemnder ble valgt, og
Karl Havnegjerde ble valgt som formann for Langevågsnemnda. Nemndene fikk i oppdrag å sette i gang innsamling av midler og sørge for at minnestøttene ble plassert ved kirkene. I Langevåg ble det lagt ut lister i følgende butikker: Mina Stadsnes, Olav Salen, Edv. B. Fylling, Oddmund Sandvik og Harald Holberg. Sulaposten hadde hver uke en oversikt over hvem som hadde gitt penger og pr. 5.8.1949 var det kommet inn ca. kr. 3400.- Det var Hjalmar Stadsnes som hadde ansvaret for opplysningene i Sulaposten om innsamlet beløp. Minnesteinen ble bestilt hos steinhogger Karlsen i Ertresvåg. Søndag 23.okt. 1949 kl. 16.00 ble minnesteinen ved Langevåg Kirke avduket. Først spilte Langevåg Hornmusikk: ”Den store hvite flokk”, så allsang: ”Gud signe vårt dyre fedreland”. Formann i nemnda, Karl Havnegjerde, ønsket velkommen og redegjorde for nemnda sitt arbeid. Etter dette sang Langevåg Sangforening. Sogneprest Christoffersen holdt avdukningstalen og minte om ordet i 1. Mosebok, 35,20.
Ved slutten av talen ble det norske flagget som steinen var dekt med, senket mens folket sang ”Vår gud han er so fast ei borg”. Etter sang av Langevåg indremisjonskor, overrakte Karl Havnegjerde minnesteinen til bygdefolket. Ordfører Sandvik tok i mot og lovet at den skulle være et kjært minne over de som hadde fått sitt navn på den.
Etterpå talte pastor Ekeland. Han minte om at dette også er en håpets dag og la en mektig krans ved steinen til det siste farvel. Siden ble det lagt kranser for de som ikke var gravlagt på Langevåg kirkegard med en liten minnetale for hver av de som var omkommet. Videre talte Kristian Lerheim. Anton Lerheim som var en av de som hadde mistet sønnen sin under krigen, takket på vegne av alle de som var sørgende og sa at dette var en stor dag for alle. Selv om det var dårlig vær, hadde hele bygdefolket møtt frem. (Sulaposten)

I  KNL.  NORSK MARINE

Ole Anton Vegsund, f. 23.2.1923, d. 20.8.1941, 18 år gml. Han var sønn til Laurits og Lina Vegsund og vokste opp i Langevåg sentrum. Ole reiste til sjøs før krigen som sjømann i handelsflåten.  Under krigen tjenestegjorde han om bord i jageren KNM «Bath». «Bath» ble sjøsatt som USS «Hopewell» i juni 1918 og hadde fire skorsteiner. Den ble overdratt til Royal Navy i sept. 1940, og fikk et bynavn som finnes i både USA og  Storbritannia: Bath. Overdratt til Kongelig Norsk Marine med norsk kommando om bord 9. april 1941. Jageren ble satt inn i 5. eskortegruppe i avdeling Liverpool Escort Force og deltok i eskortering av tre konvoier før den krigsforliste natten mellom 19. og 20. august 1941. «Bath» var escortejager og forlot Liverpool 13. aug. 1941 med kurs for Gibraltar. Jageren var med i konvoi OG-71 da den ble angrepet av tyske ubåter utenfor sørvestkysten av Irland. Det var den tyske ubåten U-204 som torpederte «Bath». Ubåtens kaptein var Walter Kell. «Bath» ble truffet midtskips av en torpedo, knakk i to, kantret og sank i løpet av 3-4 minutter. Da skipet sank, eksploderte hennes synkeminer og drepte mange av mannskapet som svømte i sjøen. Leif-Tore Langemyr, forfatter av boken ”«Glaisdale» og dens besetning”, skriver om kaoset som oppstod etter torpederingen av «Bath».  Her kan en lese om personer som ble kastet på sjøen da torpedoen eksploderte, om de som hoppet i sjøen og om redningsflåter som ble kastet flere meter opp i luften på vannsøyler etter synkeminer som eksploderte. En av de overlevende som het Kolbjørn Kristiansen, satt på en flåtekant fikk tak i Ole Vegsund som lå i sjøen. Det virket som om Vegsund allerede var død, men Kristiansen holdt fast i ham. Etter en tid kom der en engelsk korvett for å ta om bord de som satt på eller lå rundt flåten. Det ble kastet ut en line som de fikk tak i, men da linen strammet seg til, kom det et voldsomt rykk og Kristiansen mistet taket i Ole Vegsund som forsvant i den oljedekte sjøen. De overlevende ble tatt med til Londonderry, noen til Gibraltar, men to av dem døde av skader. Av de 83 som omkom var 68 nordmenn, de andre var britiske statsborgere. I alt var mannskapet om bord i den norske jageren «Bath» på 124 mann.

VED KRIGSFORLIS  I  ATLANTEREN

Knut Andreas N. Fylling, f. 14.11.1897, d. 18.06. 1940, 43 år gml. Han var sønn til skomaker Nils Mork Fylling fra Kvernes i Averøy kommune, og Jakobine Knutsdtr. fra Knutgarden i Fyllingen. Knut var nr. to i en søskenflokk på fire. Både i 1900 og 1910 var familien bosatt på Samuelsplassen/Henninggarden i Fyllingen. I folketellingen for 1910 står det at han som 13-åring ”arbeider paa Uldvarefabrikk”. Når han reiste til sjøs er ukjent. Knut var båtsmann, og eneste nordmann på SS «Sea Glory», et britisk fartøy. Hele mannskapet på 29 omkom den 18.6.1940. Båten gikk fra Fowey, Cornwall og skulle til Philadelphia, og var lastet med kinesisk leire til bruk i produksjon av keramikk. SS «Sea Glory» ble senket av den tyske ubåten U-99, styrt av kaptein Otto Kretschmer. U-99 senket i alt 39 skip og skadet 5. Av disse 44 var det 5 norske. Kl. 00.53 den 18.juni 1940, ble den ueskorterte SS «Sea Glory» truffet på babord side like foran broen av en G7e torpedo fra U-99, og skipet sank med baugen først i løpet av ca. to minutter 110 miles ved Fastnes, sørsørvest for Irland. Hele mannskapet på 29 gikk tapt.  Kaptein Kretschmer på U-99 hadde ikke tenkt å skyte to torpedoer i dette angrepet, den andre torpedoen ble bare klargjort for å bli brukt som nådestøtet, men ble avfyrt ved en feiltakelse.

Karl Kristian Knutsen, f.20. 7.1904, d. 23.11.1940. 36 år gml. Han var fra Askvoll i Sogn og Fjordane. Gift 6.1.1934 med Nikoline Engeset fra Ørsta, f. 1904. Familien var bosatt i Langevåg sentrum. Karl var mannskap på S/S «Salonica», som krigsforliste i Atlanteren 23.11.1940. S/S «Salonica» hadde forlatt Pugwash, Nova Scotia, 4. november 1940 og skulle til Newcastle med en last på 1030 favner pitprops. (Props eller pitprops er smådimensjonert trelast beregnet blant annet til bruk i gruver til forstøtning av taket i gruvegangene, eller til papirproduksjon) Båten ankom Sydney, Cape Breton i Canada neste dag, deretter til konvoi SC 11 med avgang 9 nov.
En storm med tung sjø ble påtruffet 23. nov. Når et skip på S/S «Salonica» «s babord side ble torpedert, fikk hele besetningen på S/S «Salonica» beskjed om å ta på redningsvester, bortsett fra tre på vakt i maskinrommet,
som fikk ordre om full fart på maskinen Kl. 04.36 den 23. nov 1940 ble S/S «Salonica» i konvoi SC-11 truffet på babord side midtskips med en torpedo fra U-100, (kaptein: Joachim Schepke)Eksplosjonen drepte to menn på vakt under dekk og ødela babord livbåt. Da 16 menn låret styrbord båt i grov sjø, kantret den da den nådde vannet og alle ble kastet på havet. To menn klarte å komme tilbake på skipet, og senere forlot de skipet sammen med syv andre overlevende i livbåt ved å ro til HMCS «Skeena». Syv menn svømt fra styrbord livbåt og ble reddet av HMS «Enchantress».

Oskar Kipperberg, f. 2.12.1917, d.23.09. 1943, 26 år gml. Han var sønn av Ole og Anna Kipperberg. Oskar var født på Kipperberget, som eldst av tre søsken. Han reiste til sjøs før krigen som sjømann i handelsflåten. Han var mannskap på «Oregon Express» og omkom i Atlanteren den 1.sept. 1943. «Oregon Express» seilte vanligvis uten konvoi på grunn av sin store fart. «Oregon Express» ankom i begynnelsen av sept. 1943 Storbritannia med konvoi HX 254 og sluttet seg til vestgående konvoi ON 202 for å gå til Halifax. Denne konvoien, som forlot Liverpool den 15. sept. og konvoi ONS 18, seilte nær hverandre den 20. sept. da konvoien ble angrepet. «Oregon Express» tok stilling nr 84 i midten av konvoi ON 202, men ble flyttet etter et par dager til stasjon 103, som var i den ytterste kolonnen på styrbord side. Hun hadde et mannskap på 43 og 4 skyttere. 8 av mannskapet omkom. Kl. 00.11 den 23. september ble «Oregon Express» truffet av en torpedo fra U-238 (Kaptein Hepp) som traff maskinrommet, styrbord side, og eksploderte med voldsom kraft. Eksplosjonen ødela alle hyttene midtskips, samt redningsutstyr på båtdekk med unntak av en flåte som var plassert på dekket over, begge livbåtene på akterdekket ble låret, en ble fylt med vann, den andre hadde bare noen få menn ombord. «Oregon Express» brakk i to og sank på tre minutter. Mange mennesker hadde blitt blåst over bord av eksplosjonen.

Kaspar P. Sulebakk, f.3.11.1922. d. 26.1. 1943, 21 år gml. Kaspar var født på plassen Ranten, Sulabakken, på Søre-Sula. Han var nr. 6 i en søskenflokk på 8. Han var matros på en selfangstskute frem til krigen, var senere i handelsflåten, om bord i MT.«Nortind». Båten avgikk New York 14. januar 1943 bestemt for Mersey (Liverpool). Vinterværet i
Nord-Atlanteren 1943 var det verste i manns minne. I en periode på 120 dager blåste det storm og kuling med tilsvarende grov sjø i 116 dager. MT.«Nortind» forsøkte å komme det norske tankskipet MT.«Kollbjørg» til hjelp etter at dette hadde brukket i to, men til ingen nytte i det harde været. Under arbeidet med dette, falt «Nortind» ut av konvoien og ble torpedert av den tyske ubåten U358 (Kaptein Rolf Manke) 26. januar 1943 i posisjon 5830N og 3400W. MT. «Nortind» var lastet med bensin, det var storm og alle om bord omkom. Besetningen besto av 34 nordmenn og sju briter. To hollendere fulgte med som passasjerer.

 NORDSJØEN OG NORSKEKYSTEN

Johan Hilmar Kvamsås, f. 16.8.1893, d.16.05. 1941, 48 år gml. Han var født i Bergen og kom til Langevåg fra Angedalen i Førde, gift 22.11. 1915 med Kaspara Sandvik
fra Langevåg. Familien bodde i Sloghaugvegen i Langevåg. Johan og Kaspara hadde 4 barn. Johan var maskinsjef på D/S «Gol». D/S «Gol» er oppført i konvoi HN 11 fra Norge til Storbritannia i febr.-1940, med kurs for Tyne i ballast. Senere samme måned ble hun med i den britisk-norske konvoi ON 15, og i begynnelsen av mars finner vi henne i konvoi HN 17, bestemt for Tees, nord England med en last av malm, Tilbake til Norge mot slutten av mars med konvoi ON 21 – flere norske skip deltok i disse konvoier. Den norske teksten på den eksterne nettsiden ”Stavern Memorial for sjømenn” sier at D/S «Gol» ble bombet av engelske fly og ødelagt i Sunnfjordleia ved Askvoll 16. mai 1941, minst seks av mannskapet ble drept.

Ragnvald Weddegjerde, f. 2.7. 1896, d. 16.5. 1942, 46 år gml.
Han var født i Ålesund, og var sønn til Tomas Weddegjerde fra Djupdalen i Langevåg og Anne Fauske fra Fauske i Sykkylven. Rangvald ble gift 1919 med Ovidie Vågnes, og de hadde 4 barn. Familien var bosatt i Langevåg. Ragnvald tjenestegjorde som stuert på D/S «Selje» da han omkom. Tyskerne rekvirerte tidlig «Selje». I aprildagene 1940 la de båten tvers over byvåginnløpet i Stavanger for å hindre at britiske ubåter fikk ram på fartøyer der. «Selje» ble brukt i malmtransport fra Norge til Nederland. D/S «Selje» hadde vært ved et verft i Rotterdam i ca 2 måneder for installasjon av ekstra våpen, deretter dro den 15.mai1942 med en last av kull for Norge, og et mannskap på 40 nordmenn, samt 22 tyske marinepersonell om bord. Selje» var utstyrt med sperreballong som svevde et par hundrede meter til værs. Lasten var elleve-tolv tusen tonn kull og koks som skulle til Norge. Båten var i en konvoi med tre andre skip (to svenske, en dansk) og 8 tyske eskortefartøy. Konvoien ble bombet av allierte fly samme dag og senket i Nordsjøen. 11 fly angrep konvoien i to bølger. I det første angrepet ble «Selje» truffet av tre bomber i hennes styrbord side, men ingen ble skadet i dette angrepet. Livbåtene ble klargjort for sjøsetting, men under andre angrepet ble «Selje» truffet av flere bomber midtskips og på båtdekk, hvor tre av livbåtene ble ødelagt.
I angrepet ble 4 menn drept og ni såret, mens fem av mannskapet var ikke å finne; de hadde blitt blåst overbord av eksplosjonen på dekk. «Selje» holdt seg flytende, og ble tatt på slep av et fartøy. De 4 som var mest alvorlige såret ble flyttet til passasjerlugarene for å bli tatt vare på der. «Selje» fikk stadig større slagside til styrbord. Plutselig og uten forvarsel krenget «Selje» til styrbord og sank med akterskipet først. Kapteinen og stuert Ragnvald Weddegjerde var før dette gått for å hjelpe de sårede i passasjerlugarene, men ble sperret inne hos de sårede, og druknet sammen med dem. Skipets posisjon var et sted utenfor øya Ameland i Nord-Holland.

Johan R. Vedde, f. 18.7.1892, d. 10.10.1943, 51 år gml. Han var fra Rasmusgarden på Vedde, gift med Marie Mikalsen fra Sloghaugen, og de hadde 5 barn. De overtok en del av farsgarden på Vedde og familien bosatte seg der. Johan var fisker og sjømann hele livet. Han tok kystskippereksamen i ung alder, og fra 35-årsalderen var han skipper på egen båt, «Barden». Båten ble rekvirert av tyskerne etter krigsutbruddet i 1940.
Fiskeskipperne var ettertraktet som loser på norskekysten og han gikk inn i dette yrket i 1941.Det var som los på MS «Topeka» at han mistet livet. Båten var da under tysk kontroll. Båten skulle til Narvik, den var lastet med sement og trelast da konvoien den var med i ble angrepet den 4. okt. 1943 av et tyvetalls engelske fly fra hangarskipet USS «Ranger» og satt i brann nord for Sandnessjøen. MS «Topeka» ble bombet og beskutt gang på gang, og mange ble alvorlig skadet, blant disse var Johan R. Vedde. Begge bena ble brukket da standardkompasset falt over ham. Han rullet seg over skansekledningen, og en kar i livbåten klarte å holde ham oppe til de fikk ham om bord i livbåten. Han ble under en dramatisk redningsoperasjon flyttet fra båten og sendt til sykehuset i Sandnessjøen. Johan R. Vedde døde noen dager etter.

VED KRIGSULYKKE I ÅLESUND

Bernt Veddegjerde, f. 24.9.1906, d. 2.2. 1944, 38 år gml. Han var født på Veddegjerde og yngst av tre søsken. Bernt var gift med Hildur Riksheim fra Sykkylven. De hadde to barn, som var 2 og 4 år gamle da Bernt omkom.Bernt overtok gårdsbruket etter sine foreldre og ved siden av dette var han fisker og hadde sin egen fiskebåt, en 30,5 fots trebåt, registrert som Mk «Magne», med reg.nr. M-427-B, bygd i 1942 i Volda. Bernt ble skutt ombord i båten på vei fra Langevåg til Ålesund av en tysk vaktpost på Slinningen 2.2.1944. Han døde senere på Ålesund Sykehus.

VED KRIGSULYKKE I LANGEVÅG

Asbjørn Lerheim, f. 9.7.1919, d. 27.4. 1944, 25 år gml. Asbjørn var født 9.7.1919, gift i 1941 med Oline Giskeødegård fra Giske. De hadde et barn. Asbjørn omkom da en tysk luftverngranat slo ned ved Lerheimkaia i Langevåg. Fra Sogeglimt frå Sula 2010, side 82 (Børre Vegsund) er hentet bl. annet følgende: ”Langevågsbåten Parat III var denne dagen som vanleg i ferd med å legge til ved Lerheimskaia, og folk kom etter kvart opp på dekk for å gjere seg klare til å gå i land. Oppe på kaia stod ein liten flokk, dei fleste menn, – nokre skulle ta båten til Ålesund, andre skulle hente varer som kom med båten. Utan varsel av noko slag høyrdest ein volsom smell. Eitt eller anna hadde slått ned i sjøen bak rutebåten og sendt ein sprut av sjøvatn til himmels. – Asbjørn Lerheim som då hadde tatt over drifta både av butikken og kaiekspedisjonen, hadde vore nede på kaia. Han stod framme på kaikanten for å ta i mot tampen frå Parat. Bråt krøkte han seg saman og gjekk sakte inn i kaihuset, ein kunne sjå blodspora etter han. Han var treft av eitt eller anna i brystregionen, og at han hadde stort blodtap”.(Les mer om dette i Sogeskriftet fra 2010).

VED FLYANGREPET PÅ LAKSEVÅG 4.10.1944

Bombingen av Laksevåg. var en av de største enkeltstående tragediene som rammet Norge under den andre verdenskrig. Onsdag 4. oktober 1944 gikk britiske bombefly til angrep på den tyske krigsmarines ubåtbunker «Bruno» i Nordrevågen på Laksevåg. Et fåtall av disse bombene traff målet, de fleste falt ned over den vanlige bebyggelsen og drepte 193 sivile, derav 61 barn ved Holen skole. Totalt 152 fly deltok i angrepet; 93 Handley Page Halifax og 47 Avro Lancaster bombefly, samt 12 Mosquito jagerbombere som eskorte. Totalt deltok over 1000 mannskap i raidet. Klokken 09.05 gikk luftvernsirenene på Laksevåg og Bergen, og i løpet av en time ble totalt 1432 bomber sluppet over Laksevåg. To av flyene ble skutt ned. Den store røykutviklingen fra bombenedslagene gjorde det vanskelig å skjelne bombemålet fra vanlig bebyggelse, og kombinert med stor høyde ble resultatet en av de største enkeltkatastrofene i Norge under den andre verdenskrig. Fraktefartøy og snurper «Eystein Orre» fra Ålesund lastet tomfat ved Bernt Iversen & Sønns bøttefabrikk på Laksevåg da flyene angrep. Besetningen på åtte søkte tilflukt i land, to i tilfluktsrom og seks i fabrikkens maskinhall av betong. En bombe falt gjennom taket i maskinhallen og drepte alle der, mens de to i tilflukstrommet overlevde. «Eystein Orre» fikk bare mindre skader”.

Olav Molvær, f. 30.5.1891, d.4.10. 1944, 53 år gml. Han var født i Lambertgarden på Molvær, gift med Nella Stadsnes. Familien bodde påJetmundgarden i Stadsneset, de hadde 4 barn. Olav var skipper på «Eystein Orre»

Elias Molvær, f.12.7.1920, d.4.10. 1944, ugift, 24 år gml. Elias var sønn til Olav og var styrmann på «Eystein Orre»

Johan Brathaug, f. 11.10.1924, d. 4.10. 1944, ugift, 20 år gml. Johan var født på Løkehaugen i Langevåg og var yngste sønn til Hans og Olivia Brathaug og var matros på «Eystein Orre».

Ludvik Heen.f. 12.4.1899.d. 4.10.1944, 45 år gml. Ludvik var født i Ålesund, var gift med Johanne Vågnes og de hadde en datter. Familien bodde en tid i Vågneset, senere i Sloghaugvegen. Ludvik var maskinist på «Eystein Orre»

Navnet til disse to fra Sula står ikke på minnesteinen ved Langevåg Kirke

Ole Solevågseide, f. 3.3.1920, d. 27.1.1945, 25 år gml. Ole var født i Nedste-Eidet på Eidsnes og var yngst av en søskenflokk på 6. Han giftet seg i 1942 med Helene Lervåg, og de bosatte seg på Flåte i Leirvågen. 1 barn i ekteskapet, som var 10 mnd. da faren døde. Ole var aktiv med i hjemmefronten under krigen. Han mottok krigsmateriell som broren Karl, kom med fra England. Dette ble først lagret i et naust, senere kjørte Ole dette til en låve på Solevågseide. Utstyret skulle leveres til personer som drev med illegalt arbeid. Blant annet var der en god del radioutstyr som ble brukt til den illegale senderen på Emblemsfjellet. Resten av krigsmateriellet ble levert til andre steder i distriktet. Ole  ble arrestert av tyskerne og sendt først til Falstad, så til Grini, deretter til Tyskland. Ole døde nær konsentrasjonsleiren Nauengamme 27. jan.1945. Navnet hans står på minnesteinen som er reist ved Borgund Kirke.

Martin Sulebust, f. 19.1.1916, d. 6.10.1940, 24 år gml. Martin vokste opp på gården Sulebust, Søre-Sula og var nr. 1 i en søskenflokk på 8. Deler av Søre-Sula tilhørte Hareid Kommune frem til 1959, og navnet hans står derfor oppført på minnesteinen ved Hareid Kirke. Martin drog til sjøs før krigen, og under krigen tjenestegjorde han som matros og skytter om bord i motortankeren «Nina Borthen» av Oslo. Den 21. Jul 1940 ble MT «Nina Borthen», med i konvoi CW-7, bombet og ødelagt av tyske fly.  Skipet kom etter dette til Spithead i England og ingen tap blant mannskapet. MT «Nina Borthen» avgikk Milford Haven 30. september 1940 i ballast bestemt for den Persiske Gulf. Tankskipet forsvant sporløst, men en livbåt drev i land ved Dunmore i Irland 19. desember 1940. 6. oktober 1940 meldte den tyske ubåten U103 (Kaptein Viktor Schütze) at den hadde senket et tankskip i posisjon 53N og 25W, noe som kan stemme med en antatt posisjon for MT «Nina Borthen». Den tyske ubåtsjefen kunne i mørket ikke identifisere fartøyet nærmere. Han har åpenbart heller ikke funnet livbåter eller flåter med folk han kunne stille de vanlige spørsmål. Da ingen andre uoppklarte tankskipforlis foreligger i det aktuelle området, var det utvilsomt MT «Nina Borthen» som U103 sendte til bunns. Hele besetningen, 28 nordmenn og sju briter omkom, blant dem Martin Sulebust.

Kilder:
Div Årsskrift fra Sula Sogelag.
Sunnmørsposten.
Nettstedet Wikipedia.
Bjørn Owe Hjelle: Fiskebåtar frå Borgund, Sula og Ålesund.
Leif-Tore Langemyr: ”Glaisdale” og dens besetning.

(Artikkelen oppdateres med bilder)

I frokostpausen

Sula Sogelag presenterer no eit radioprogram frå 17. mars 1965:
I frokostpausen – hos O.A. Devolds Sønner A/S, Langevåg.
Programleiar: Joachim Rønneberg.

Medverkande:

  • Jakob Olven
  • Johannes Devold
  • Lars Slyngstad
  • Alvhild Leivdal
  • Jens Røssevoll
  • Hans Førde

Musikkinnslag:

  • Venke Fylling (sang)
  • Marie Lovise Widnes (sang)
  • Asbjørn Lund (gitar)
  • Per Weddegjerde Ensemble
  • Langevåg Musikkorps

Programmet er overført frå lydband til CD av Kjell Thorsen, Fiskarstranda. Den som gjorde opptaket av radioprogrammet, ønskjer ikkje å bli namngitt.
Sula Sogelag har gjort programmet tilgjengeleg på heimesida si med løyve frå NRK.

Ein halvtime frå ei anna radiotid ved Odd Sørås.
Når eg skriv dette, er det over eit halvt hundreår sidan programmet frå Devold vart sendt – eller «gjekk på lufta», som vi kringkastingsfolk gjerne seier. Vi merkar spranget i tid alt når vi høyrer programsekretær Asbjørn Gjærde innannonsere programmet. Tonen var ein annan den gongen, litt meir alvor, litt meir høgtid enn no. Og likevel: midten av sekstiåra var prega av nye tankar om kva NRK burde by lyttarane, kva programma skulle innehalde og korleis dei skulle lagast. Den 1. februar 1965 gjekk den første
Nitimen på lufta, med undertittelen «Litt av hvert for hvem som helst». Eit program som nettopp skulle gje lyttarane ein avslappa og uhøgtideleg formiddagstime måndag til fredag med ein smilande programleiar ved mikrofonen. Men om onsdagane måtte Kjell Thue og dei andre Nitime-programleiarane gå av lufta klokka 9.30, for då var det ein annan programserie som hadde si faste sendetid, og som hadde eksistert nokre månader lenger enn Nitimen.

Programmet «I frokostpausen» var meint som ei blanding av underhaldning og folkeopplysning. NRK skulle ta lyttarane med til større bedrifter rundt om i landet og møte leiarar og tilsette, men også by på underhaldningsinnslag med bedrifta sine eigne tilsette eller folk frå same distriktet. Eit viktig poeng var at
dette skulle vere direktesendingar. Det første programmet i serien vart sendt den 29.9.1964 frå Freia sjokoladefabrikk i Oslo. 17. mars året etter var turen komen til Langevågen og O.A. Devolds Sønner AS.

Programleiar Joachim Rønneberg hadde arbeidd i NRK sidan 1948, og den djupe røysta hans var kjend ikkje berre blant lyttarane til Vigra lokal, som det heitte då, men over heile landet. Han rapporterte om
allslags hendingar og tilhøve med stor autoritet, men kunne også ha eit smil på lur når høvet baud seg. I denne sendinga fekk han bl.a. høve til med lun humor å gripe fatt i ei feilsnakking som Devold-direktør Olven gjorde seg skuld i og som absolutt måtte rettast på.

Eg skal ikkje gje fleire kommentarar om frukostpausen blant dei 550 Devold-tilsette, det overlèt eg til deg som vil høyre på dette radioprogrammet. Ei vekes tid etter sendinga hadde kristiansundsavisa Tidens Krav eit intervju med Rønneberg. Avisa kallar programmet frå Devoldfabrikken ein suksess, og vil vite om det kjem fleire slike program frå fylket. Det er det gode sjansar for, meiner Rønneberg. Han seier at bedrifta må vere av ein viss storleik, minimum 50-60 tilsette, fordi det må vere publikum i salen under sendinga. Eg vil tru at kristiansundarane var bra nøgde då NRK, igjen med Joachim Rønneberg som programleiar, besøkte Goma Fabrikker i frukostpausen den 27. oktober same året.

Asbjørn Gjærde – som inn- og utannonserte programmet – vart mange år seinare distriktssjef i NRK Møre og Romsdal. No heiter stillinga distriktsredaktør. Dei som er interesserte i radiohistorie, vil ha mykje glede av boka hans Vel møtt til sendinga. Kringkastinga i Møre og Romsdal 1925–2005. Utgitt av Høgskulen i Volda 2005.