Gamle ord og uttrykk

Av Marit Bolstad

Språket endrar seg heile tida.  Nye ord kjem til, og gamle ord går i gløymeboka.  Mange ord og uttrykk som vart nytta i dagleg tale for 40 – 50 år sidan, er ukjende for born og unge i dag.  Dersom du spør ein 15-åring om han var på sjyvjing i går kveld, lurer han kanskje på kva gale han no skal ha gjort.  Seier du at han er solbrend i kølbota, forstår han ikkje kva stad på kroppen du snakkar om.  Og når du bed han hente køksa, kva får du då?  Ei bøtte med koks?

Sigmund Molvær frå Mauseidvåg, no busett i Langevåg, har alltid vore interessert i språk, og i åra 2000 – 2006 hadde han ei fast spalte i Sulaposten, ”Lokale ord og uttrykk”, der han tok for seg gamle lokale ord og uttrykk.  Frå 2004 har han hatt tilsvarande spalte i avisa Øyblikk, som var kalla ”So sa øss”.

Vi har vore så heldige å få tilgang til ei samla oppteikning av desse orda og uttrykka med forklaring som Sigmund Molvær har samla.  Nedanfor er dei ordna i alfabetisk rekkjefølgje.  Vi vonar at mange finn glede i å finne igjen ord som har gått i gløymeboka, og for andre kan det vere kjekt å finne mange av desse orda kanskje for første gong.  Dersom det er nokon av lesarane som saknar spesielle ord, tar vi gjerne imot desse, då denne opplistinga ikkje tar sikte på å verefullstendig.

Abakela: Dette ordet skal normalt skrivast avbakeleg, men blir i gammal dialekt uttalt abakela.  Det som er ”abakela” er vanskeleg å nå i eller kome til, det ligg keive eller avsides til.

Agnalj:  ”Agnor” står det i ordlista, og med ordet ”mothake” i parentes.  Agnalj tyder agnhald, og det er den mothaken på ongelspissen som held agnet på plass.  ”Agnalj” er dialektuttalen her.

Amper:  Amper er du når du er snar til å bli irritert, vrang, nærtakande.  Stundom seier vi det om småbarn når ”ingen ting” er bra nok: ”Han er så amper i dag!”

Andføttes: Når to ligg i same senga med føtene kvar sin veg, altså slik at den eine har føtene der den andre har hovudet, seier vi at dei ligg andføttes.  ”And” tyder ”mot” og andføttes blir dermed ”med føtene mot kvarandre”.

Andøve: Å andøve er å halde ein båt på same plassen, t.d. på ein fiskeplass, slik at han ikkje flytter seg med straum eller vind.  Ein andøver ved å ro eller skute samstundes med at ein held auge med meda.  Stavinga ”and” tyder ”mot”, og ”øve” er visst halvemål for høve.  Altså tyder andøve å halde mot slik at det høver med plassen.

Attelege: Når ein open åker vart tilsådd og voks til med gras, sa dei at åkeren vart gjenlagd eller attlagd, og enga som vart der, kalla dei ei attelege.  Hadde dette nettopp skjedd, vart det ei ny-attelege.  Slik sa dei iallfall på Indre Sula.  I Langevåg kalla dei det gjenlegg.

Attelet: ”Atterlit” skriv Ivar Aasen, og forklarer det med ”Tilbageblik”.  Det kan bety omsorg, bekymring, engstelse.  ”Du treng ikkje ha attelet.”  Du treng ikkje vere redd, bekymra, ottefull.

Auskjer-rjøt: Auskjer-rjøt er ein fisk som i dag vert kalla knurr, sikkert fordi han lagar ein knurrande lyd når han kjem inn i båten.  Rjøt kallast han fordi han ryt, noko som ein og kan seie om den rytande (snorkande) lyden.  Legg du denne fisken under eit auskjer (ausekar), høyrest lyden betre, derfor namnet auskjer-rjøt.

Auster: Her har vi to tydingar: 1) ei helst litt stor og djup ause.  Då eg begynte på skulen, tok vi vatn med austra frå ei bytte i gangen og drakk (før vi fekk drikkefontenene).  Ordet ”koks” (lokal uttale ”køks”) blir og brukt om ei slik ause.  2) Vatnet/sjøen som samlar seg i botnen på ein færing, og som må ausast ut med auskjeret, kallast og auster.

Bane: Å bane er det same som å visne, og vert brukt om plantar eller blomar som visnar – eller altså banar.  Det betyr i grunnen ”å døy”.  Jamfør ordet banesår, som var eit sår som førte til døden.

Barke: Barke gjorde dei som ei slags impregnering, og for å gjere garna mindre synlege i sjøen.  Dei flekte barken av bjørk om våren, tørka han og knuste han, og slo deretter kokande vatn over han i eit barkekar.  Så la dei garna i den brune væska, og det kalla dei å barke garna.

Barstæk: Barstæk tyder vill, sterk, ustyrleg, og vert vel helst brukt om ville og sterke dyr.  Ei kone sa¨ ”D’ e’kje for kvinnfolk å halde på med dinne barstæke uksepøsen!”

Bell: Eit tørt stykke grasmark, der dei la utover torv eller høy til tørk.  Dei tørka høyet på bellen, sa dei, og dei snakka t.d. om at dei hadde ein god torvbell.

Berkje: Ja, det er å ta borken av tre.  Dei berkjer tømmerstokken før han blir kløyvd på saga, og dei berkte bjørkestammene om våren for å få bork til å barkegarna med, slik at dei ikkje skulle rotne så fort (og bli mindre synlege i sjøen).  Ei slags impregnering.

Bete: Ein bete kan vere både det eine og det andre.  Her tenkjer vi på mat.  Legg litt smør på flatbrød, så fisk og kanskje poteter oppå, og så flatbrød oppå der igjen, ja, då har du ein bete.  Det er sunn og god mat!

Bin: Eit bin er eit særsyn eller eit vedunder.  Å du store bin, seier ein når ein ser noko nytt, sjeldan eller merkeleg.  ”Ja, det var litt av eit bin!”

Birren: Ein person som er stiv og stram, kan av og til seiast å vere birren eller sjå birren ut.  Ein gammal mann såg eit bilde av ein kjendis i avisa, og eg høyrde han sa: ”Han er no nokså birren!”

Bleik: Ei ”bleik” kallar vi dei tynne, kvite, slørliknande skyene høgt oppe (6 – 10 km) i atmosfæren.  Cirrus eller cirrocumulus heiter det visst på fagspråket. Bleika varslar gjerne veret:  Sig ho inn frå havet, kan vi vente oss vestavêr, men dreg ho utover, blir det gjerne aust eller søraustleg vind og ver.

Bløgge: Å bløgge er å få til å blø.  Ein kan t.d. bløgge seg i ein finger, men mest bruker ein vel å bløgge fisk etter kvart som ein får han inn i båten.  Då blir fisken kvit og fin i kjøtet.

Bokne: Det er å la fisk bli halvtørr, gjerne litt salta først.  Får sild eller torsk eller anna fisk henge nokre dagar og bokne, får vi mat som mange likar godt, nemleg bokna torsk eller boknasild.

Bole: Den vanlegaste ”gøyme-og leite-leiken” vi hadde i Mauseidvåg i gamle dagar, kalla vi bole.  Det er visst ikkje mange andre stader dette namnet er blitt brukt, men eg har registrert det inne ifrå fjordane.  Ein stod på ”bola” og talde til hundre medan vi andre sprang og gøymde oss.  Når han som ”stod”, fann nokon, kappsprang dei til bola (ei dør, ein stolpe el.a.), og dersom han som stod, kom først til målet, slo han i det og ropte ”bola hass Sigmund”, men vart eg først, slo eg og ropte ”bolå mi!”  Den som først vart bola, måtte stå neste gong.

Botevon: Von om at noko kan bøtast.  Når noko har gått sund, men kan reparerast, er det botevon i det.  Men er det heilt øydelagt, nei då finst det ikkje botevon.

Brennenete: Brennenete sa vi før om planten brennenesle som veks mange stader på Sula der det er feit jord.  Vi kan ”brenne oss” på blada, få svie og kløe på hendene.  Det er ein plante som ein kan lage stuing og suppe på, og avkok av brennenete er godt til hårvask.

Brising: Det er det same som eit bål.  Vi kan brenne brising, og vi kan ha ein jonsokbrising.

Brynne:  Å brynne betyr å gje dyra vatn, brynne kyrne t.d.  Opprinneleg var det å leie dyra til brynnen. No får dei helst vatn frå eit eller anna slags vasskar.

Brøsve:  Ubehag i brystet eller halsen.  Kallast også halsbrann eller kardialgi, og heng gjerne saman med ”sure oppstøyt”.  Kan dempast med natron eller ”nyco” o. l.  Er vel dialekt for ”bryst-verk” eller ”bryst-ve”.

Brål: Ja, det ordet er ikkje mykje brukt no.  Det er det same som ange eller godlukt.  ”Kjenn bjørkabrålen!” sa han far når det anga av nysprotte lauv om våren.  Og den brålen var god!

Bunding: Før har eg skrive om å spøte, som er å strikke, og om eit spøt som er eit strikketøy.  Ein bunding er det same som eit strikketøy.  Ordet heng saman med å binde, som også kan bety å strikke.

Byste seg: Byste seg tyder å gjere seg morsk, eigentleg å reise bust, slik som kattar og hundar gjer når dei blir sinte eller redde og går i forsvar.  Folk kan også byste seg.  ”Du må’kje byste deg, farr!”

Bytestein: Bytesteinar sette dei i bytet (grensa) mellom eigedomar.  Ein bytestein er gjerne ei tjukk og tung steinhelle som er sett djupt og fast ned i jorda, og snudd slik at ho peikar i den leia bytet går.  På sidene av bytesteinen er nedsett to mindre steinar.  Desse vert kalla vitne.

Bægje: Eit bægje er helst eit gjerde eller anna som skal hindre krøter i å fare der dei ikkje skal.  Å bægje dei er å setje opp eller å bruke eit bægje.

Bøkkje: ”Pass deg, elles kjem bøkkjen og tar deg”, sa somme til ungane viss dei ikkje var snille.  Bøkkjen var ein farleg fyr, eit spøkjelse, ein busemann.  Ingen har sett han, men han var visst verre enn både lensmannen og julegeita.

Bøle: Ei samling av t.d. smådyr eller insekt o.a.  Vi snakkar om musabøle, humlebøle.  Stundom sa vi også ”splintebøle”.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *